Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Askvoll: Rivedal -> Stongfjorden

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:43h
Distance:
15.6km

Det er skilta til parkeringsplassen. Den finn du her: Rivedal parkeringsplass Vinjar og eg gjekk mot Rivedalsstølen der vi skulle møte mamma seinare på dag. Her vart det lang økt med bading og muring av damanlegg i elva. Etter kvart kom trimmarane og sjekka ut på DNT-appen sin. Lise returnerte frå si runde og eg gjekk vidare mot Stongfjorden. Først opp til Rivedalskletten. Ganske overraskande fin topp. Merka med stikker opp frå nord. Så vidare nordover Blåfjellsåta, Hekkelfjellet og Skålefjellet. Frå Skålefjellet såg eg bobilen svinge inn ved Grandane feriehus. Vinjar var kjappt i gang med håven i fjæra. Etter ei god stund på toppen fulgte eg merkinga nedover mot Stongfjorden. Trakka på noko tørrt gras, som resulterte i eit uskuldig fall. Problemet var at eg tok meg for med høgre handa. Skuldra >>>

Map    

Askvoll: Rånane

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Hike

Kort tur til ein beskjeden topp. Men absolutt verdt eit besøk. Gjekk på vestsida av toppen og opp frå nordvest. Litt bratt eit lite parti med god friksjon i fjellet. Ingen problem. Lise gjekk turen først, ho tok austsida. Det går fint å gå ein rundtur slik enkelte andre har gjort. Det er muleg å kjøyre inn til det store bygget, lager eller garasje eller kva det no er. God vei inn, og god plass å parkere.

Map    

Askvoll: Norskehesten

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.5km

Båtskyss til Alden ordna vi hos Alaria As, tlf 48132779. To unge jenter driv butikken med hjelp av far sin. Dei kom til avtalt tid kl 1000 på Værlandet Gjestehamn. Meir foto og info her: https://peakbook.org/tour/358538/Alden+-+Instenova+og+Ytstenova.html

Map    

Askvoll: Høgkletten, Båtekletten og Midtkletten

Date:
29.05.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
2.9km

Sjå meir bilder og utfyllande info hos Lise: https://peakbook.org/ligroenb/tour/358452/V%C3%A6rlandet+-+H%C3%B8gkletten%2C+B%C3%A5tekletten+og+Midtkletten.html

Map    

Askvoll: Rustene

Date:
29.05.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
1:54h
Distance:
7.7km
Map    

Askvoll: Høgeheia

Date:
28.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
4.3km

Flott liten tur på god sti til denne utsiktstoppen nær storhavet. Vinjar var i storslag og plaga turledaren med fantestrekar. Det er veldig begrensa med parkering ved veis ende. Om ein ikkje parkerer på snuplassen då. Men det er skilta med forbudt. Såg ut som folk dreit i det. Vi lurte bubilen utav vegen rett før sjølve snuplassen.

Map    

Askvoll: Toreheia og Ytrevågefjellet

Date:
28.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:18h
Distance:
9.2km

Det er godt å parkere på austsida av vegen, ca 100 meter sør for stistart. Vågeskardet parkeringslomme Vi gjekk ilag eit lite stykke før vi skilde lag. Vinjar og eg berre rusla oppover med klyving på steinar og klatring i tre som viktigaste aktivitet. Stien er god å følgje oppover til tregrensa, seinare forsvinn den delvis. Men her er godt å gå. Plukka Ytrevågefjellet og gjekk nordom Hjartebuvatnet til Toreheia. Ei stor ørn letta ved vatnet. Ganske ny bok i varden, Toreheias venner. 3 besøk av Gustav Skår var einaste namna i år før Lise og meg. No hadde vi avtalt å møtest på Yndestad. Eg fulgte den merka ruta vestover til Litlevatnet, og så ned lia. Ikkje vanskeleg å finne fram. Vidare til Holevika og Høgeheia.

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
24.05.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
2.2km
Map    

Skjåk/Luster: Grøntjønnhøi og Krossbakkenosi

Date:
22.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:49h
Distance:
26.5km

Denne dagen berga vi forsåvidt godt i boks med å halde oss i lavare fjellterreng. Skylaget låg godt nedpå toppane og vinden var heller ikkje fråværande. Tundradalskyrkja vart droppa som første prioritet. Valget var å gå sørover retning Krossbakkenosi, og så heller gå nordover igjen over Tundradalskyrkja dersom det letta...noko som ikkje skjedde. Vi gjekk gjennom Tundradalsbandet og vidare sørover Illvatnet eit stykke. Planen var den sørlege, litt slakare ruta mot Grøntjønnhøi. Med nasa godt planta i GPSen og ein jævlige vind kom vi opp. Eit par plassar måtte vi stoppe heilt opp, utan noko haldepunkt. Berre kvitt inferno rundt oss. Nede ved Illvatnet igjen var det såpass bra at vi fekk beordra Kroksleiven ned i sittande stilling og ei lenger matøkt. Faktisk heilt på grensa >>>

Map    

Skjåk/Luster: Gjelhøi og Holåtindane

Date:
21.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:35h
Distance:
30.8km

Kristian har dokumentert denne turen grundig. Les her: https://peakbook.org/kobbenes/tour/357480/Hol%C3%A5tindan+fr%C3%A5+Sottj%C3%B8nnbu.html

Map