Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Oppdal: Okla og Korgtjønntangen

Date:
19.02.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Luster: Steindalsnosi

Date:
16.05.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
8.0km

Vi parkerte åleine på den vesle lommen der den vanlege ruta til Steindalsnosi startar. Ingen andre å sjå, men mykje skispor gjorde det lett å finne fram. Fella opp argaste plankane vi hadde + Scarpa T4 telemarksko. Sidan vi kjøpte fjellski for 6-7 år sidan har desse skia blitt mindre og mindre brukt, men til slike turar er det heilt topp. Snøen var blaut oppover til vi kom over siste kanten, sjølv så sent på kveld. På toppen i 9-tida og hadde den åleine i nydeleg kveldslys. Herleg nedrenn og glei heilt ned til bilen utan å gå eit steg. Torleiv var meget fornøgd med denne kveldsturen. Planen om å finne anna parkering for natta vart lagt på is, og ølboksane vart lagt i snøen. Knørva ein pakke potetgull og kosa oss i fin temeratur før vi kraup inn i bilen og tok natt.

Map    

Oppdal: Høa

Date:
19.02.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Sunndal: Dronningkrona

Date:
14.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
17.8km

Møre og Romsdal pf 100 1081/1159 Strålande dag på Dronningkrona. Reiste med Johan frå Oppdal og møtte Gunn og Nora på parkeringa. Folksomt oppover lia. Gjekk vanleg rute. Ganske bratt oppi der, såg over på "svenskeraset" og gjorde meg mine tankar...tja..Stille og fint på toppen. Eg var einaste mann med telemarkutstyr. Etter å ha løfta litt på randopakken til Johan innser eg at eg har mykje meir å drage på ja. Såg 2 andre med fjellski. Stakkars dei ned gjennom skogen tenkte eg.

Map    

Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta

Date:
27.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
9:03h
Distance:
33.0km

Møre og Romsdal pf 100 1076/1159 Siste skikkelege turdag før heimreise. Vakna tidleg og fyrte i omnen. Det vart kaffi og ein Real-pakke ispedd potetmos til frokost. Utan denne hadde dagen blitt strevsom. -2 og mindre vind når vi starta. Skyfri himmel igjen, dette holdt seg heile dagen. Sjølv om buketten med 5 pf 100-toppar sør for hytta var planen var eg klar over at dette ville bli langt med det utstyret vi hadde. Først til Storpurka, markert med trig pkt 1614 som toppunkt. Trur det er 1 meter eller så høgare ca 190 meter mot nord. Så kryssa vi scooterleden mellom Håkodalsvatna. Stortrafikk mot Torbudalen, alle skulle på hytta. Ungar og hundar og besta og pikk og pakk bak på sledane. På Håkodalshøa hadde det vært ein skiløpar rett før oss, ferske skispor. Så gjekk det greitt >>>

Map    

Sunndal: Dordinakkan + 3 andre pf 100

Date:
26.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
7:27h
Distance:
26.9km

Møre og Romsdal pf 100 1071/1159 Meldingane for dagen var strålande og dette slo forsåvidt til. Ikkje ei sky på himmelen, men -10 ved start og veldig sure vind i periodar øydela litt av kosen. I periodar gjekk vi med dunjakka på, det er ikkje kvardagskost for Kroksleiven som vanlegvis går i ullskjorta. Elendig skiføre i høgda, men sidan vi gjekk med smale telemarkski og plastsko gjekk dette heilt greitt. Fjellski og lave sko er eit mareritt som eg helst vil prøve å unngå under slike forhold. Som dagen før var det stygge lydar i snøen heile tida, men ingen problem i høgda. Trygg og fin runde. Dordinakkan er eit fantastisk utsiktspunkt, her skulle vi gjerne ha kosa oss lenge. På grunn av vinden vart det kjapp retur ned til Storhårbårvatnet. Her var det rolegare. Vi var veldig >>>

Map     3 comments

Sunndal: Seterfjellet og Grynningdalskollen

Date:
25.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:18h
Distance:
14.8km

Møre og Romsdal pf 100 1067/1159 Vi vakna etter ei god natts søvn på Raubergshytta. Sidan vi var åleine låg vi inne i opphaldsrommet. Fyrte i ovnen og tok oss tid til ein kopp kaffi. Dagens tur var ikkje av dei lengste og veret heller ikkje heilt toppers. Så ingen stress, vi var på ferie. Kom oss til slutt avgarde og peila oss inn på Seterfjellet. Her har eg vore før, men fin å ta i rundturen. Og så fekk Torleiv seg ein ny 1800-metring. Mot toppen tjukkna det til og var på grensa til utriveleg. Kun kort pause ved varden før vi glei vidare mot Grynningdalskollen. Mot denne og vidare til hytta vart det lettare skydekke og rett så triveleg. Veldig stygge lydar i snøen. Snølaget under oss kollapsa mange gonger, faktisk slik at vi kjende det. No var dette i dalar og flatare parti. >>>

Map    

Sunndal: Raubergshytta

Date:
24.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
32.2km

5-dagers påskeferie i Sunndalsfjella saman med Torleiv. Kjøyrde Stranda, Molde på oppover. Oppdal, Strynefjellet på retur. Drygt 16 km frå parkeringa og inn til hytta i oppkjøyrde scooterspor. Ufatteleg lite folk å sjå i fjellet (med unntak av scootertrafikk), og hytta var lite brukt på denne årstid. Fin hytte med sentral beliggenhet til mange fine turar og toppar i alle retningar, kan anbefalast! Etter ei kjapp vurdering basert på skrekkopplevingar med fjellski og lave sko til toppsamling, vart valget smale telemarkski og plastsko. Det angra vi ikkje på, sjølv om det er tyngre å gå med. Totalt 110 km med slikt utstyr set sine spor på føtene. Dag 1: Kjøyring Nordfjordeid-Hafsåsen. Innmarsj til hytta. Dag 2: Sunndal: Seterfjellet og Grynningdalskollen Dag 3: Sunndal: Dordinakkan Dag 4: Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta Dag 5: Utmarsj til Hafsåsen og kjøyring til Nordfjordeid.

Map    

Eid: Svartegga

Date:
11.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Sunndal: Ørnhaugen

Date:
21.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Det var OL-sendingar på TV Norge i stabburet eg hadde leigd på Sunndalsøra. Dårleg ver ute så eg slappa av heile formiddagen med sprint langrenn. Kjøyrde til slutt til Årammen og parkerte ved busskuret. Fulgte veien oppover mot Rennsetvatnet. Tok av til høgre meir eller mindre planlaust på ein gjengrodd traktorvei. Kom opp til ein hammar som eg gjekk under og til høgre for. Vidare lett i slakt terreng til toppen. Mykje vind og dårleg sikt i høgda såg det ut som. Dagen var i boks med denne korte turen. Satsa heller på Åbittinden-runde neste dag då meldingane var mykje bedre.

Map