Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Nesset: Kaldberget

Date:
23.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:09h
Distance:
15.5km

Det vart berre 1 tur denne dagen, og 1 skikkeleg topp. Parkerte på ei lita lomme der traktorveien til Øvregardsætra startar. Første hinder var igjennom eit inngjerda område med mykje storfe. Ikkje alle ville likt dette, men med nokre år i primærnæringane bak meg rusla eg roleg igjennom. På kartet mitt var ikkje veien teikna inn lenger enn til masta ca. Vart litt overraska når eg kunne følgje denne heilt til sætra. Sjølvsagt kjedeleg å gå vei, men det går no radig unna. God merking vidare, lett å finne fram. Planen var ei runde rundt heile dalen og kome ned til Gauprørsætra. Grunnen til dette var primært Rundhaugen som interpolert etter 20 m koter har ein primærfaktor på 99 m. Når ein først går ein tur bør ein ta med slike, med bedre kart kan det fort være at denne >>>

Map    

Nesset: Skopen, Vasstinden og Dølmørhaugen

Date:
22.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:17h
Distance:
12.6km

Dagens 1. tur. Kjøyrde bomveg inn Langadalen, kr 50. Parkerte på venstre sida av vegen der det er merka til Liasetra og Anderskardet. Veldig fin og god sti opp til setra. Der gjekk eg meg på eit par ved ei lita hytte som hadde målingsarbeid føre seg. Gubben i forholdet spurde om eg var frå Sunnfjord. Slett ikkje værst tippa det, det viste seg at han var frå Gaular. Fekk eit par tips om rute til Skopen. Gjekk rett oppover og litt vestover for å unngå skogen. Frå Skopen vidare nordover til Vasstinden. Satte igjen sekken i skardet. Frå skardet bratt rett ned mot Sandnesvatnet og så vest over Nebbesilda til Dølmørhaugen. Sprang på snøen ned Langbotn og tilbake til setra. Her møtte eg far til dama som holdt på å måle. Han fortalde meg mykje, blant anna om brua over elva lenger >>>

Map    

Nesset: Blåfjellet og Ljøsåtind

Date:
22.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:27h
Distance:
11.1km

Dagens 2. tur. På vei ned frå Liasetra møtte eg ein kar som kunne fortelje meg om brua ved Ølmerket. Kjøyrde vidare oppover dalen og parkerte på ein lomme der det går ein gammal veistubb ned til venstre mot elva. Kryssa elva på solid bru og gjekk til Hansetsætra. Det var ikkje noko sti eller merking å finne på denne turen så her fekk eg gå mi eiga rås. Gjekk sørover mot Nonshaugen, slik at eg kom opp på Ljøsåtind frå vest. Vindstille og flott på toppen. Glei nedover dei lange snøryggane nordover mot Blåfjellet og lett til topps der. Retur ned til Ljøsåbotn og vada elva slik at eg kom inn på ruta eg gjekk opp. Veldig fin kveldstur! Neste stopp vart Visa Camping. Ein forholdsvis roleg camping for å seie det mildt.

Map    

Nesset: Sultind, Breidfjellet og Jamtetind

Date:
21.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:17h
Distance:
9.2km

Dagens 1. tur. Parkerte ved sida av hovudvegen der det er merka Sulgrova og stien til Varghaugen startar. Her er det ok plass til 2-3 bilar. God sti oppover som eg fulgte vestover eit stykke før eg tok av og runda Sulbotn på vestsida. Eit lite parti med tett bjørkeskog oppe i lia, ellers greitt å gå. Oppe i Sulskardet gjekk eg rett opp nokre grasrenner og vidare lett til toppen. Lite besøkt iflg boka i kassa på varden. Skodda som hang nedpå toppane på formiddagen var no bortimot forsvunne og turen vart veldig fin vidare. Frå Sulskardet fulgte eg ei slags renne/hylle litt på sørvestsida av Breidfjellet og kom til toppen frå sør. Vidare snø som eg sprang heilt ned i Breidskardet. Bratt opp her til ryggen på Jamtetind og så lett til toppen. Retur la eg frå Breidskardet og rett >>>

Map    

Nesset: Kalvgjeltinden og Kjøvhaugen

Date:
21.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:02h
Distance:
9.9km

Dagens 2. tur. Hadde eigentleg tenkt meg på Kaldberget, men når eg kom over Vistdalsheia og såg desse 2 vart planane endra. Parkerte der ruta til Vasstindbu startar. Her er det god parkeringsplass. Hadde ingen info om bru over elva, så berre trakka meg innover veien. Til mi store glede og lettelse var det bru. Om ein skal til Vasstindbu og elva er stor skal ein bruke denne brua er meininga. Så var det berre å bryte seg opp lia, først i skau og så i god ur. Beina på ganske bra, brukte 1.15 frå parkeringa til toppen av Kalvegjeltinden. 950 høgdemeter. Kjempeflott kveld på toppen. Glei lange parti på snøen nedover mot Kalvgjelskardet. Herifrå lett til Kjøvhaugen. På returen holdt eg høgde bortover lia til eg kom inn på sporet mitt frå oppover. Overnatta på parkeringa.

Map    

Nesset: Meisalfjellet

Date:
20.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:38h
Distance:
22.3km

Status Møre og Romsdal pf 100 meter etter eit 8-dagersraid i Romsdal: 947/1156 Etter 3 sure dagar endeleg godver. Overnatta på parkeringa på Meisalfjellet. Fin runde over 5 pf 100 + eit par andre humpar. I hytta på Blåfjellet møtte eg folk. Mor kjende eg igjen frå Facebookgruppa Toppturer i Nordvest. Ho hadde lokka med guten sin på denne fine turen. Ikkje noko vanskar undervegs, greie vegvalg. Etter turen kjøyrde eg til Vistdalsheia og ladda opp til neste dag.

Map    

Nesset: Grønfjellet, Romsdalshalvøya pf 100 komplett!

Date:
19.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:46h
Distance:
9.4km

Det var vått og trist når eg parkerte der bomveien til Kvamsetra startar. Ein Stikk Ut-samlar kom nedover veien og eg slo av ein prat med han. Det var nok muleg å kjøyre oppover med bobilen meinte han. Han hadde brukt ca 2 timar på turen. Vel la meg nedpå bak i bilen og sovna. Vakna kl 1800 og kom meg avgarde. Satsa på å gå heile turen. Ved Kvamsetra står det 2 skilt til Skåla. Eg gjekk rett fram, det beste er å gå til venstre der og forbi eit nytt hus som står der. Må no være veldig upraktisk å sette seg opp eit hus der oppe. Her er det stakar som er så lange at det kunne passa meir som brøytestikker på Sognefjellet. Det er god sti til topps, dvs ikkje til toppen men til ein varde der det sikkert er bok. Var ikkje bortom denne, gjekk berre til høgste punkt og returnerte >>>

Map    

Molde/Nesset: Snøfjellet, Molde pf 100 komplett!

Date:
19.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:53h
Distance:
14.5km

Sjølv om det regna godt på formiddagen vart turen heilt ok den. Lite nedbør og vind undervegs. Litt vanskeleg å vite kvar ein skulle parkere, men lurte til bilen mellom infotavla og hovudvegen. Muleg ein kan parkere litt lenger borte ved Bygdatunet. Det er godt merka og lett å finne fram. Kan anbefale denne turen til desse 2 toppane, naturleg å ta begge i eit prosjekt. Snøfjellet vart siste topp i Molde kommune. Storhaugen har eg vore på før, men då var det så forferdeleg ver at eg ikkje såg bort til høgste punktet. Var heller ikkje klar over at dette eksisterte då. For å gjere dette skikkeleg tok eg turen opp på nytt. Greitt å få ordna opp i slike irriterande bommertar.

Map    

Aukra: Jærmannburet

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Walk

I dag måtte eg leite med lykt og lupe etter noko interessant. 2 pf 99 og ein kommunetopp. Gadd ikkje starte klokka på Jærmannsburet. 0,7 km og nokre få høgdemeter.

Map    

Molde: Tranhaugen og Eikaberget

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
2:03h
Distance:
7.2km

Overnatta i bobilen på Molde Skistadion. Her har vi vore ein del, ein får stå i fred og det er stille og roleg. Hadde sjekka ferjerutene til Sekken og blinka meg ut 0820-ferja. Her går ikkje ferja kvar halvtime! Kjøyrde rundt til sørsida av øya og parkerte der veien startar oppover. Det er sikkert muleg å kjøyre oppover, men heller ikkje langt å gå. Med bobil er det uansett litt verre, og no holdt ein bonde på med traktor og hengar og kjøyrde sand oppover. Det eg ikkje var klar over er at det nettopp er åpna ein ny fjellveg over øya. Denne er kun til fotturar og sykkel. Motorisert ferdsel ikkje aktuellt. Infotavle om prosjektet der turveien startar. Gjekk eit godt stykke etter denne til eg fann god merking til Tranhaugen. Stien var merka med lange flagrande plastband. Enkelt >>>

Map     1 comment