Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Askvoll: Blåfjellet, Hjartåsen og Smørkletten

Date:
03.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.9km

Vinjar og eg rusla roleg innover den flotte Askdalen der vi møtte mamma som kom frå si runde. Så gjekk eg andre vegen og avslutta med Blåfjellet. Det er gode merkingar og lett å finne fram opp til Smørkletten. Frå Steinheia/Smørkletten må ein halde langt vestover nesten forbi Askvatnet der ein sti svingar ned eit bratt parti. Frå Hjartåsen til Blåfjellet (eller omvendt) er trikset å gå vestover til skaret nord for Eggene/i enden av Bjørndalen. Bjørndalstrupen står det på kartet om ein zoomar inn litt. Det var vanskeleg å finne gode stiar frå Smørkletten til Blåfjellet, så her bør ein bruke kartet. Om ein har lyst kan ein gå til Fristadfjellet først og så heile runden til Blåfjellet. Dette er ein populær 7-fjellstur i Askvoll. Lise sin tur og sporet finn ein her: >>>

Map    

Askvoll: Skålefjell og Skredvarden

Date:
02.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
9.2km

Lise og Vinjar sette meg av på stistart frå Herland. Dei skulle på Brurastakken rett i nabolaget, og så plukke meg opp seinare på Eidet. Gjekk med lave sko og var spent på fuktigheten i terrenget. Det gjekk veldig fint, stien var heile veien god og for det meste tørr. Det er lagt ned mykje arbeid i merking og skilting på Atløyna. Møtte ingen på turen, eigentleg heilt toppers. Kosa meg på toppen ei lita stund trass litt vind. Den sørvende ruta ned mot Eidet var veldig fin, truleg den finaste ruta til Skredvarden. Vart møtt av Lise og Vinjar som kom frå Buskefjellet.

Map    

Gaular: Slettheia

Date:
28.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:34h
Distance:
5.5km

Sogn og Fjordane pf 100 624/1169 Kjøyrde over brua på Råheim og kom i prat med ein kar der angåande parkering. Han sa eg kunne kjøyre oppover skogsveien, forbi 2 felås og parkere der. Dette kan ikkje anbefalast med vanleg bil. Veien var svært dårleg, stygge steinar som stakk opp og djupe hjulspor. Sidan eg har ein postbil med 4x4 gjekk dette bra. Så fulgte eg veien oppover til Tuftestølen. Her holdt eg rett fram over myrar opp mot ryggen. Der møtte eg ein slags sti som var tydeleg under 10-15 cm med snø. Denne gjekk først til den austlege toppen, Svartenova. Så litt ned og til den vestlege toppen, Slettheia, der det er eit trigpunkt. Ei trekasse med bok, Viksdalen idrettslag, låg attmed trigpkt. Ganske godt besøkt. Eg prøvde måle begge toppane, og dei hadde samme høgde iflg >>>

Map    

Fjaler/Gaular: Skredfjellet

Date:
08.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.9km

Om du er interessert i spor til denne turen, sjå på Bjørn sin rapport. https://peakbook.org/Bastolen/tour/331548/Jes.html Parkerte på ein møtelomme ved Bjørnbitet. Ingen parkeringsplass her. Heller ingen merking. Fulgte først traktorvei eit lite stykke, så over på ok sti til Dyrløypet. Her kravla vi oss bratt opp ca 100 høgdemeter og så lettgått vidare til toppunktet. Varde på toppen, men ingen kasse/bok.

Map    

Fjaler/Gaular: Skratleheia

Date:
08.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.4km

Om du er interessert i spor til denne turen, sjå på Bjørn sin rapport. https://peakbook.org/Bastolen/tour/331540/Gud.html Har flytta pila til kommunegrensa der det står ein grensemarkør. Dette er høgste punktet, noko Agnar og har omtala i sin rapport. Eg trudde denne veien over til Guddal frå Sandesida var grusvei, men den var nyasfaltert og i topp stand. Ingen problem å kjøyre her med bubil heller! Parkerte ved stistart til Alverstølen. Det er god sti mot Smørtjørna der vi tok av og gjekk ryggen til topps.

Map    

Høyanger: Fossedalen rundt

Date:
07.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
21.8km

Om du er interessert i spor og foto frå denne turen, sjå på Bjørn sin rapport. https://peakbook.org/Bastolen/tour/331477/Vad.html Parkering ved trafostasjonen. Det er ein asfaltert plass der som vi kunne bruke sa dama i øverste huset. God sti bratt opp under linja. Stien finn du ved å gå langs gjerdet. Tok av frå stien ca 360 moh og gjekk mot Hustaket. Tungt terreng utan sti. Denne toppen hadde dagens finaste utsikt mot fjorden. Utruleg nok kunne vi og sjå Gjegnen frå denne lave toppen!. Vi såg no veien som gjekk mykje lenger opp Klevaldsdalen enn kva som er innteikna på kartet. Peila oss inn på denne veien og fulgte den til endes. Så var det god sti i retning Klevaldsstølen. Frå høgste punktet på stien tok vi av og gjekk mot Mullurdfjellet, eller Moldurfjellet som det står i boka på toppen. Det er merka frå Kyrkjebøstølen >>>

Map    

Gaular/Høyanger: Snøheia, Nova og Blåfjellet

Date:
06.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.2km

Om du er interessert i spor til denne turen, sjå på Bjørn sin rapport. https://peakbook.org/Bastolen/tour/331270/Gaular%252FH%C3%B8yanger:+Sn%C3%B8heia%2C+Nova+%26+Bl%C3%A5fjellet.html

Map    

Gaular: Selstadheia, Årnesholten og Nova

Date:
05.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.7km
Map    

Eid: Revureholten/Kinna

Date:
21.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Eid: Trollenykjen

Date:
27.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Map