Norddal: Aktivitetsveke, dag 3 (21.07.2013)  6


Start point Øvre Reindalen (1,100m)
Endpoint Øvre Reindalen (1,100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 45min
Distance 21.5km
Vertical meters 2,100m
Map
Ascents Grjotkopphornet (1,726m) 21.07.2013
Fremste Høghornet (1,712m) 21.07.2013
Illstigfjellet (1,882m) 21.07.2013
Illstigfjellet Vest (1,771m) 21.07.2013
Illstigfjellet sør for (1,514m) 21.07.2013
Melegga (1,686m) 21.07.2013
Melegga Sør (1,650m) 21.07.2013
Lise stablar 3 steinar på Grjotkopphornet.
Lise stablar 3 steinar på Grjotkopphornet.
Mellom Grjotkopphornet og Vestre Illstigfjellet.
Mellom Grjotkopphornet og Vestre Illstigfjellet.

Vestover frå Illstigfjellet, seint på dag.
Vestover frå Illstigfjellet, seint på dag.

Dag 3, ny formiddag med skodde og grublerier. Eit lystig turlag på 4 passerte, og hadde ein munter prat med dei. Klokka vart rundt 12 før vi bestemde oss for å gjere eit kvart. Gjekk mot Reindalshola og opp i skaret mellom Meleggatoppane. Plukka desse i skodda. Gjekk vidare austover mot Småkoppane, avtalen var å gjere opp status her. Virka som det var ei endring i været, og utover dagen vart det berre bedre og bedre. Vi ga gass for full runde i dag og. Rekkjefølgje på toppane vart: Vestre Melegga, Melegga, Fremste Høghornet, Grjotkopphornet, Vestre Illstigfjellet, Illstigfjellet og til slutt toppen mellom vatna Småkoppane. Her er det toppar som er skjeldan besøkt! På Grjotkopphornet ingen spor etter folk. Ikkje trigpkt, ikkje to steinar oppå kvarandre. Kor mange har vore her skal tru? Frå Grjotkopphornet og vidare mot Vestre Illstigfjellet måtte vi austom ryggen og gå øverst på breen. Heldigvis ikkje hardt eller store smeltesprekker som gjorde det vanskeleg. Primærfaktor og høgde på denne er usikker men GPS viste 1779 og høgdeforskjell topp/skar 112-113 meter. Andre faste punkt målte: Grjotkopphornet 1726, gps 1731, Illstigfjellet 1880, gps 1883. Har endra Vestre Illstigfjellet til høgde 1775 og pf 110 m. Egga vidare austover mot Illstigfjellet 1880 såg på avstand hårete ut. Den er sikkert gangbar, men for ikkje å rote oss bort i noko så seint på dag tok vi ned ca 100 høgdemeter frå skaret og gjekk opp frå sør. Fantastisk stemning på Illstigfjellet, over skodda, vindstille og med ein heilt anna temperatur enn tidlegare. Dette såg lovande ut for komande dagar. Nok ein kjempedag i boks.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.