Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eid: Ljøskarhaugen

Date:
22.09.2021
Characteristic:
Hike
Map    

Sogndal: Torstadnakken + rundtur

Date:
19.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
17.5km

Anestølen del 2. Anestølen del 1 er her: Sogndal/Luster: Tuftanovi, rundtur utanfor allfarveg Vi hadde snakka om kortaste muleg rute til Torstadnakken rett opp frå Anestølen. Fra parkeringa såg dette ut som muleg. Vil understreke at dette ikkje er ei rute eg anbefaler! Fulgte den bratte og nedbeita sida oppover, delvis på geitetrakk. Etter kvart til venstre og opp ein bratt rygg med litt sva og bjørkekratt. Ikkje spesielt vanskeleg, berre veldig bratt. Kom så opp i Sauagrovbetnene der det gjekk nokre sauder ja. Så til høgre, eller sørover opp på ryggen som førte oss til topps. 2 store vardar her oppe, 1565-punkta, men ingen på høgste punkt. 1568-punktet er synleg med nokre steinar. Torstadnakken er ikkje noko spektakulær topp. Populær som skitur frå sør. Så skal du berre på denne er den ruta å anbefale. No skulle vi på >>>

Map    

Volda: Lisje-toren

Date:
18.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.6km

Vegen til Laurdalen er i bra stand, kr 30 som kan Vippsast. Bra parkeringsmuligheter ved vegs ende. God stemning på parkeringa øverst i Laurdalen. Saudesankarar fra Haugen i Nordfjord og lokale Bjørkedøler var samla. Og fleire turgåarar med ulike mål. Det er no merka til Lisje-toren. Bra sti oppover til steinen tar over, deretter raudmåla flekker til topps. Det er lett å finne fram. Ungane på 5,7 og 7 år klarte seg meget bra. Minstemann på snart 2 år i bæremeis. På toppen møtte vi Oddbjørn, ein ivrig turgåar som eg gjekk grunnskulen saman med. Sørvestover såg vi nedbør ved Ålfotbreen. Etter ei god stund på toppen rusla vi nedover og fekk nokre få dråpar rett før parkeringa. Dei små konstruerte vitsar med banan, tomat og bæsj som hovudingrediensar.

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
13.09.2021
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Ytre Åsane

Date:
12.09.2021
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.0km
Map    

Luster: Buskrednosi og Storhaug

Date:
05.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.3km

Vegen opp til Vigdal er bratt og svingete, men det er asfaltert heilt fram til Vårstølen. Bomveg kr 30 siste biten, vippsing og greier. Bra parkeringsplass. Fulgte gode stiar i området, godt merka var det og. Frå Vigdalstøl til Buskrednosi var det ikkje noko sti å finne. Med unntak av første skogsbeltet var det godt å gå her. Neste topp var Luster sin nissetopp, skogkledde Storhaug. Fulgte stien til høgste punkt, herifra ca 70 høydemeter i bjørkekratt til topps.

Map    

Luster: Tverranibba og Dugurdskulen

Date:
04.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
19.4km

Parkerte der stien til Røykjedalen startar. Kan kjøyre ca 300 meter sørover fra hovudvegen. Eit innkjøring forbudt skilt var snudd, vi tolka det slik at det då var ok. Ein annan bil stod alt der, vi lurte oss til utan å parkere på marka. Veldig god sti oppover mot stølen og vidare innover dalen. Her møtte vi Einar Hesjevoll som samla sauer. Jerv var vist i området, kadaver funne dagen før. Vi lova å ta bilder og rapportere om vi fann noko. Gjekk langt innover dalen før vi tok opp mot ryggen. Så lett til høgste punkt. Her sat eit par fra Hafslo. Det vart mykje prat om fjell og ruter, stort kart vart bretta ut og peiking og fekting i alle retningar. Fantastisk utsikt mot Tunsbergdalsbreen/Jostedalsbreen. På returen plukka vi Dugurdskulen. Den er eigentleg ikkje mykje å fortelje >>>

Map    

Luster: Holmevatnet rundtomkring

Date:
03.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
29.6km

Det er skilta "Annleggsvei, dårleg standard". Det er ikkje rett. Asfalt langt oppover, så god grusveg. Ein tysk bobil i 1,4 mill-klassen stod på parkeringa. Ingen problem å kjøyre bobil opp her for dei som har det. Stor og romslig parkering. Så er det skilta "Holmevatnet 2t". Korleis ein kan bruke 2 timar på den biten må nesten skiltansvarlig (DNT?) svare på. Vi gjekk i roleg pratetempo dei 1,8 km til hytta på 35 minutt. Fulgte så stien langs vatnet før vi tok opp mot Holmevassnosi i steinete terreng. Var litt småsurt tidleg på dag, nesten sludd her oppe. Varden står truleg ikkje på høgste punkt, det ligg 50 meter nordover. Så gjekk vi sørover forbi Klauvvatnet og opp mot breen. Steinete og tidkrevende terreng. På med broddar og opp blåisen. Her fekk >>>

Map    

Luster: Grånosene

Date:
02.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.9km

Takk og pris for at eg tok postbilen til overnattingslokale denne helga. Ganske greitt sidan drikking og rølprat skulle skje i vogna til Ellen og Johan. Og ikkje minst å sleppe å kjøyre den svingete, smale og dårlege grusvegen opp til Engjadalen med bobilen. Vidare til Vassvollane/Flatningane parkering bomveg, smal og bratt men forsåvidt ok. Bra parkeringsplass. Så vart turen til Grånosene av det veldig enkle slaget. Det er traktorspor å følgje til ca 1000 moh der eg tok av og gjekk austover retning Grånosene. Her var det eit bra trakk som gjekk å følgje stort sett til topps. Kjempelett tur!

Map    

Eid: Gildra

Date:
01.09.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
1.9km

Map