Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet (04.07.2018)  6


Start point Osbu kraftverk (806m)
Endpoint Osbu kraftverk (806m)
Characteristic Hillwalk
Duration 55h 54min
Distance 67.0km
Vertical meters 5,300m
GPS
Ascents Ramnåhøa (1,493m) 02.07.2018
Inste Ramnåhøa (1,564m) 02.07.2018
Sørvest for Inste Ramnåhøa (1,465m) 02.07.2018
Ytste Ramnåhøa (1,464m) 02.07.2018
Ramnåhøa Øst (1,408m) 02.07.2018
Svartkollan (1,488m) 02.07.2018
Trolltinden (1,601m) 02.07.2018
Austavindshøa (1,666m) 03.07.2018
Bjørktinden (1,584m) 03.07.2018
Øst for Katthammaren (1,344m) 03.07.2018
Austre Midtfonntinden (1,793m) 03.07.2018
Vestre Midtfonntinden (1,707m) 03.07.2018
Spikrottinden (1,550m) 03.07.2018
Blåbotnhalsen (1,659m) 04.07.2018
Gråhøa (1,592m) 04.07.2018
Nordre Slotthøa (1,837m) 04.07.2018
Søre Slotthøa (1,833m) 04.07.2018
Nordvest for Søre Slotthøa (1,831m) 04.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1129/1161

Desse toppane kan angripast som dagsturar frå forskjellige vinklar og startsted. No har eg med fullt overlegg "sett igjen" desse til eit storprosjekt med telt. Bakdel; litt tyngre sekk. Fordelane er klare; mindre høgdemeter og lengdemeter, triveleg med telt, og ei litt anna tilnærming til heile greia. Låg mykje i telt og fiska før dette toppgreiene tok overhand. 2 krav måtte innfriast. Godt ver og god turkamerat. Meldingane var strålande, og etter å ha pirra Torleiv litt på facen beit han på. Min beste og mest trufaste turkamerat, samt lærarkollega. I tillegg har vi god kjennskap til, og felles interesse i landbruk og sport. Det betyr at praten går lett og ledig rundt eit utall emner. Kom fram til Osbu kraftverk i halvellevetida søndag kveld. DABen funka akkurat så vi fekk med oss straffedramaet mellom Danmark og Kroatia. Sette opp eit 3-mannstelt og tok kvelden. På turen gjekk vi med 2 Helsport Ringstind superlight. Desse to blir betydeleg lettare enn eit stort av dei andre telta eg har.

Dag 1: Osbu kraftverk -> Kjøtåvatnet. Ca 1850 hm og 29 km.
Gjekk sørover Vakkerdalen og kom etterkvart inn på T-ruta frå Reinvassbu til Aursjøhytta. Her såg vi eit par fotspor, resten av turen såg vi hverken spor eller folk. Dagens utfording og store usikkerheitsmoment var over Stordalsåa. Det var 3 veker sidan Johan hadde kryssa her, og elva var nok betydeleg mindre no. Vi hadde likavel med joggesko som kom vel med til kryssinga. Torleiv var over seg av begeistring for eit flott område. Tilnærma villmark. Plukka med eit par <100-toppar. Først og fremst fordi den eine er veldig nær 100-grensa, og ligge ubegripeleg gape til. Så bar det nordover i lettgått terreng. Sette igjen sekkane under nokre toppar og brukte det som var av snøfelt på flater og i nedoverbakkar. Frå Trolltinden såg vi skodde som velta rundt toppar ubehagelig nær. Breitelnebba låg innpakka i skoddegraut. Dette såg skummelt ut. Kom til Kjøtåvatnet og fann etterkvart ok teltplass. Real til middag, og tidleg kveld. Kald vind og skoddegufs frå nordvest. Korleis ville dette blir neste dag? Dagens dyreliv: Ørn, ca 50 reinsdyr, fjellvåk, mykje rype og eit utall andre fugleslag.

Dag 2: Kjøtåvatnet -> Glupen. Ca 2100 hm og 19 km
Vakna i 6-tida av at Torleiv dreiv og romesterte i naboteltet. Han sjekka ut teltåpninga og kunne bekrefte: "Grautskodde". "Javel, godnatt" var svaret han fekk, og så tok vi eit par timar til i halvkoma. I 8-tida kom det noke gaul om at det såg bra ut, og at han såg til og med toppane. Fantastisk. Å rave rundt i skodda med nasa ned i GPS-en er vel ikkje noko å trakte etter. Dagens meny var 6 toppar, for så å prøve finne ein teltplass innst i Stordalen i området ved Glupen. Sette igjen sekkane under dei fleste toppane og tok små avstikkarar. Flott temperatur og nydeleg ver. Skodda låg først på dag nede ved Eikesdalsvatnet og seinare kom den igjen inn over toppane. Men vi hadde sikt heile tida. Litt grått og kaldare på dei 3 siste. Nytta lange snøfelt ned frå Austavindshøa og så var det å finne campinglokalitetane. Stein, stein, singel og sand og elende alle plassar. Men så ut av intet gaular Torleiv bak meg og gjer det kjende teltteiknsignalet. For dei som ikkje kjenner det: Hendene ned langs sida og veive dei fram og tilbake i lengderetning. Nydeleg paddeflat tørr grus midt i månelandskapet. På eit blunk var telta oppe og vatn til Real på komfyren. Eg hadde fått frosten i meg, så etter eting og raping var det rett i påsan. Under ei pisseøkt seinare på kveld kunne eg stadfeste at alt som var av skodde og skyer var blåst bort som håret mitt på 90-tallet. Dette såg lovande ut for neste dag!

Dag 3: Glupen -> Osbu kraftverk. Ca 1350 hm og 19 km
Vakna til strålande ver. Nasjonalkjensla var til å ta og føle på. Dette vart finaste dagen vermessig. Dei 2 isboksane med nugattiskiver til Torleiv var snart tome. Då vart det Real til frokost og. Kebabgryte er ein vinner til alle døgnets tider. Guten frå Stårheim var bekymra for Nordre Slotthøa. Det såg styggbratt ut på avstand. I tillegg hadde eg snakka om denne tolleknivsegga, der ein må ake seg framover med fare for oppskraping av flesk og edlare delar. Gjekk opp ca 450 høgdemeter og sette frå oss sekkane. Tok berre med GPS og kamera vidare. Dessverre hadde einkvan neva inn på linsa med syltelabbane sine kvelden før, så bilda er prega av fettflekkar. Egga er kjempefin, og ja vi sette oss overskrevs og aka oss framover. Eit par hakk med enkel klyving etterpå. Vidare frå egga hadde vi ikkje info, men rekna med finne spor eller enkel varding. Det gjorde vi ikkje, men det er overhodet ikkje vanskeleg. Vi holdt sida bortover og tok opp høgde gradvis. På ingen måte styggt terreng. Fantastisk stund på Nordre Slotthøa før vi returnerte til sekkane. På veien mot Søre Slotthøa holdt vi på å gå forbi ein kremtopp i 10-metersklassen. Tok eit par støttesteg til venstre og bagga lekkerbiskenen. Arne Mæhlen, can you hear me? Målte denne til ca 1831, pf 13-14 meter, og har lagt den inn i systemet. Då var det berre 2 igjen. Brukte igjen lange snøfelt ned frå Søre Slotthøa og så opp bakken til Blåbotnhalsen. Så runda vi rundt og mot 1403-vatnet nord for Gråhøa. Ein stor reinflokk på 30-40 dyr gjekk ved vatnet. Rett etterpå såg vi ennå ein flokk på minst 50 dyr rett under Gråhøa. Mykje gryntelydar i det dei lunta av garde. Tok oss tid på Gråhøa til å peike og fikte i alle retningar. Torleiv som nettopp har starta samle toppar nord for Rauma var kjempeøsen over å kunne namnsette i hytt og pine. Vi kunne og sjå tilbake til Osbu kraftverk og bilen. Snart var eventyret over. Denne turen vil bli hugsa. Ikkje som eit slit, eller på grunn av lengde eller høgdemeter. Men på grunn av naturen, inntrykka og opplevingane. Ikkje folk å sjå, vi fann heller ikkje bok i ein einaste varde. Akkurat slik vi likar det. Takk for ein fantastisk tur!

User comments

  • -
    avatar

    Stortur

    Written by oddis 08.07.2018 23:15

    Gleder meg til resten av bildene kommer. En vakker dag skal jeg ta teltet med meg i de traktene der også. Ps: Er helt sikker på at Arne M (hvem er det egentlig) hørte deg :) Har hatt et par sånne tilfeller i fjellet der en eller annen person har blitt påkalt. Ole og jeg hadde en hel oppramsing når vi fullførte Stordal kommune før legender som deg og Arnt F.

    • -
      avatar

      Sv: Stortur

      Written by boven 08.07.2018 23:34

      Ja i beste Bjørge Lillelienstil: - Maggie Thatcher, can you hear me? Norge har slått England 2-1 i fotball. Vi er best i verden! Vi er best i verden! Vi har slått England 2-1 i fotball! Det er aldelses utrolig! Vi har slått England! England, kjempers fødeland – Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana! Vi har slått dem alle sammen! Vi har slått dem alle sammen! Maggie Thatcher, can you hear me? Maggie Thatcher, jeg har et budskap til deg: Vi har slått England ut av verdensmesterskapet I fotball. Maggie Thatcher, som de sier på ditt språk i boksebarene rundt Madison Square Garden i New York: Your boys took a hell of a beating!

  • -
    avatar

    Telttur :)

    Written by JoSo 06.07.2018 00:41

    Dette så ut til å ha vært en stor turopplevelse og et minne for livet :) Nydelig og forholdsvis lite besøkt fjellområde!

    • -
      avatar

      Sv: Telttur :)

      Written by boven 06.07.2018 00:46

      Ja hugsar eg nemde denne for deg. Kjekkt å få det til, og ikkje minst at god planlegging kan svare seg. Alt du skriv er rett: Stor turoppleving, minne for livet, lite besøkt.

  • -
    avatar

    Skuleklasse

    Written by kobbenes 05.07.2018 20:28

    Reknar med dette var skoletur? Fått utvida transportbudsjettet?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.