Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Averøy: Storheia

Date:
17.08.2017
Characteristic:
Kayaking
Duration:
3:15h
Map    

Sande: Riste, Kvamsøya og Storholmen

Date:
23.08.2013
Characteristic:
Kayaking

Kroksleiven fekk ingen alternativ denne gongen. "Du blir med uti øyane, og eg lastar opp bilen med kajakkar og utstyr!" Reiste rett etter arbeid fredag ettermiddag. Planen for fredag kveld og laurdag var alle toppar på/rundt Kvamsøya og Sandsøya. Første spenningsmoment var ferja frå Åram som etter mine nitidige ferjerutestudier skulle gå 1615. Det gjekk bra. Eit eldre par i bobil var einaste folka på ferjekaia. Gubben hadde snørpa ihop dressbuksa med eit belte omtrent i navlehøgde. Kjerringa som var han overlegen i vekt hadde opne sår på overarmane og smatta på ein plastpinne, sannsynlegvis med noko medisingreier i. Vi slo av ein prat om veir og vind og bobilar. Tur 1: Stille og fint på fjorden og vi bestemde oss for å gjere unna kajakkpadlinga denne kvelden. Kjøyrde >>>

Map    

Selje: Skjolden, pf 100 komplett

Date:
27.07.2013
Characteristic:
Kayaking
Duration:
4:10h
Distance:
15.0km

Etter padletur til Selja først på dag var det no siste topp i Selje kommune som stod for tur. Vi parkerte ved fergekaia og sjøsette kajakkane. Klart det hadde gått å vente på ferje men kjekkt å gjere noko meir utav slike prosjekt når ein først har kajakkar liggande. Padlinga over er ca 1,6 km. God matøkt i fjæresteinane før vi rusla av garde. Etter ei stund gjekk vi forbi 2 damer som vi høyrde snakka om oss..."der er dei som kom padlande ja" Vi slo av ein liten prat. Gjekk veien til høgste punktet før vi tok av på merka sti. Den var delvis utydeleg og vi mista den ei stund. Tok igjen ein anna kar som var i same ærend. Stille og flott på toppen. Eg ville ha med 2 50-metringar som ligg på øya i tillegg, og Lise vart med sjølv om ho ikkje er gira på desse. Gjekk >>>

Map    

Selje: Selja

Date:
27.07.2013
Characteristic:
Kayaking
Duration:
1:48h
Distance:
6.5km
Map    

Ålesund: Svinøya, pf 50 komplett

Date:
24.06.2013
Characteristic:
Kayaking

Til turen fekk eg låne kajakk med Olaug, fruen til Åsmund. Vi rusla frå Øvste Nakken på Lerstad og ned til Nakkevika der ho hadde kajakk liggande i eit naust. Fekk grundig innføring i låsing av naustet, ei meget finurlig innretning med trepinnar, spikar og ei slegge i eit tau. Olaug tok eit bilde med mobilen, kvaliteten deretter. Padling over til Svinøya 2,4 km på blikkstille hav. Øya er ikkje prega av drift og velstand for å seie det slik. Snodig å være så nær Ålesund og likavel så prega av forfall. Kort og lett rustletur til topps, ga meg god tid på toppen. Ei lita markering i stillhet og ettertanke er alltid på sin plass ved fullføring av lister. Padla roleg og fornøgd tilbake til Nakkevika og fekk låst naustet etter alle kunstens regler. Så vart det kaffe og Peakbookoppdatering >>>

Map    

Skodje: Vemøya

Date:
23.06.2013
Characteristic:
Kayaking

Havsteinen, Giske 50 m komplett Vemøya, Skodje For desse 2 kveldsøyane hadde eg alliert meg med Åsmund Steen, kollektivkompis og turkompis frå Voldatida. Åsmund er til vanleg stasjonert hos ÅST og vi hadde dermed tilgang til kajakkar. Plukka opp desse på ÅST sitt lager i Vegsundet og kjøyrde mot Ellingsøyfjorden. Greitt nok at ein kan bli våte når ein driv med kysttoppsamling men regnbygene var no so alvorlege at vi vurderte heile greia...Vel før vi kom i kajakkane var det over og resten av kvelden vart legendarisk. Fann ein grusvei ned til fjorden nord for Vemøya. Padlinga over er kort og enkel. Ingen store utfordingar. Åsmund slo latterdøra på vidt gap når vi stod på toppen. Kjøyrde vidare til Godøya og sjøsette båtane ved moloen der. Fantastisk flott padletur rundt Havsteinen. >>>

Map     2 comments

Giske: Havsteinen, pf 50 komplett

Date:
23.06.2013
Characteristic:
Kayaking

Havsteinen, Giske 50 m komplett Vemøya, Skodje 50 m For desse 2 kveldsøyane hadde eg alliert meg med Åsmund Steen, kollektivkompis og turkompis frå Voldatida. Åsmund er til vanleg stasjonert hos ÅST og vi hadde dermed tilgang til kajakkar. Plukka opp desse på ÅST sitt lager i Vegsundet og kjøyrde mot Ellingsøyfjorden. Greitt nok at ein kan bli våte når ein driv med kysttoppsamling men regnbygene var no so alvorlege at vi vurderte heile greia...Vel før vi kom i kajakkane var det over og resten av kvelden vart legendarisk. Fann ein grusvei ned til fjorden nord for Vemøya. Padlinga over er kort og enkel. Ingen store utfordingar. Åsmund slo latterdøra på vidt gap når vi stod på toppen. Kjøyrde vidare til Godøya og sjøsette båtane ved moloen der. Fantastisk flott padletur rundt >>>

Map    

Eid: Bjørnaholmen, pf 50 m komplett

Date:
21.05.2012
Characteristic:
Kayaking

Mbakkjen, Kjetil på Hornindalsvatnet. Abelholmen bak Bjørnaholmen 124 moh. For dei fleste ein ubetydeleg holme som ein kanskje kastar blikket på om ein kjøyrer mellom Stryn og Nordfjordeid. Alternativa er å symje dei 15-20 meterane over frå veien eller ordne overfart på anna måte. Vi kosta støvet av kajakkane og møttest etter jobb til ein padletur på Hornindalsvatnet. Frå Kjøs bru kjøyrde vi ca 1,5 km til Hamnen, ein odde som stikk ut i vatnet. Her var det godt å parkere og få sjøsett farkostane våre. Vi er ikkje erfarne padlarar men eit blikkstille vatn gjorde susen og etter kvart vart det fart på båtane. Vi gjekk i land på vestsida av holmen og det var berre å rusle til toppen. Etter denne enomre bestigningen tok vi ein padletur under Kjøs bru og inn Kjøsapolljen. Ca >>>

Map