Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Forollhogna

Date:
02.10.2014

Fra Dalsbygda i Os går det sjølbetjent bomveg (60 kr) oppover Vangrøftdalen som eg kjørte til Såttåhaugen. Derfra sykla eg på den dårlige traktorvegen oppover mot Forollsjøen. Stedvis smale og djupe spor som gjer det krevjande å sykla. Gjekk så oppover sørryggen til Forollhogna på god sti. Traff her først 2 stk og så 3 stk til som var på veg ned. På toppen traff eg ein til som hadde sprunge opp frå Bakksætra. Ganske klar sikt denne dagen men litt disig langs horisonten i vest. Gjekk et par km videre nordover på stien som går opp fra Bakksætra og var oppom Storsalen før eg returnerte langs vestsida av Forollsjøen og sykla tilbake til Såttåhaugen. Ca 8t, korav minst 1t pause på Forollhogna.

Map     2 comments

Flenskampan og Buhøgda

Date:
01.10.2014

Frå Fv 26 i Tufsingdalen er det skilta til Grådalsvegen som går nordover mot Røros. Denne vegen kjørte eg et lite stykke til der det er skilta T-sti til Langen og Femundshytta. Fulgte stien mot Langen som går via Røtjønna og Stortjønn forbi Flenskampan. Var først oppom Vestre og Midtre før hovedtoppen og så videre til Austre. Halvskya disig ver og aukande sønnavind utover dagen. Herfra tilbake til austenden av Røtjønna og over Nordre til Søndre Buhøgda. Så nordvestover og inn på stien mot Femundshytta som eg fulgte tilbake til utgangspuktet. Ca 9t.

Map    

Sålekinna og Blåkletten

Date:
30.09.2014

Gjekk frå Øversjøen på sti oppover langs nordsida av Store Gravdalsbekken. Stien vert utydelig over ca 1200 moh, men det vanlige tråkket går opp på sørtoppen som visstnok vert oftast besøkt av lokalbefolkningen. Eg gjekk fyrst opp på nordtoppen som er den høgaste ifølge nye kart. På eldre kart står det visstnok 1585 på denne toppen. Fint ver, men det skya gradvis til frå vest utover dagen. God utsikt austover og såg snødekte topper i Sylane og Skardørsfjella. Gjekk så videre til sørtoppen som har stor varde med bok. Så gjekk eg ned søraustover og forbi Kinnbua og over dei to Blåklettene til Digerkletten som bare er et lite høgdedrag. Herfra ned til Øysætra og fulgte vegen ned til Fv 26. Hadde lagt frå meg ein sykkel her så eg kunne sykla tilbake til Øversjøen. >>>

Map    

Håmmålsfjellet

Date:
08.10.2012

Frå Os i Østerdalen kjørte eg ca 4 km søraustover på rv 28 og tok av på en sjølbetjent bomveg med bomavgift kr 30,-. Videre forbi Halvmilenget opp til ca 870 moh der det er låst bom. Grei plass å parkere i vegkanten og gjekk derfra videre oppover. Det var snødekkke over drøyt 1000 moh. I den siste bratte stigninga trefte eg på to gutter som var på veg ned, og me sa kun hei til kvarandre. Spora deiras såg ut til å koma opp frå Hummelfjell Friluftspark. Det er to master i tillegg til et trulig nedlagt radaranlegg på toppen og ca 10 cm nysnø. Et nytt snøver var på veg frå vest og det begynte å snø en halv time etter at eg kom opp. Gjekk ned igjen same vegen og brukte 2t opp og en drøy time ned igjen.

Map