Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Kisthei og en del småtopper

Dato:
09.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
11:58t
Distanse:
17,7km

Parkerte på den store p-plassen i krysset mellom vegane til Åvedal og Voreknuden. Vegen til Voreknuden er stengt med bom, men eg gjekk rett ut i terrenget sørover til Mehei og Hapshei. Så vestover via sørenden av Heptetjørna og fulgte en ny skogsveg til Kvelland som ikkje er innteikna på kartet. Derfrå på god grusveg opp til Voreknuden som har mast og trimpost. Derfrå ut i terrenget igjen over Kisthei's jamnhøge topper. Er sikker på at eg var på begge toppane på turen til Kisthei og nabotopper for 12 år sidan, og nå er eg i alle fall bombesikker. Vidare nordover til Klemmesknudane og ned til Mydlandsveien ved nordenden av Åsvolltjørna. Så et stykke langs vegen og ut i terrenget igjen via Skogeknuten og Tjødnefjell tilbake til Åvedalsveien. Tung tur i for det meste høgt gras utanfor vegane.

Kart    

Storastø

Dato:
08.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:22t
Distanse:
9,0km

Den kortaste og enklaste ruta til Storastø er nok frå Røyland, men eg ville gå frå Åvedal for å få med meg fleire jamnhøge sekundærtopper sørvest for Storastø. Grei parkeringsplass ved sørenden av Navrestadvatnet. Mulig det er forbeholdt hytteeigarar, men stod ikkje oppslag om privat perkering. Gjekk forbi Åvedal og vidare på skogsveg et stykke opp mot Jomahei. Vidare i kupert skogsterreng resten av turen via Orrehei til Storastø der det er fin varde. Retur tilbake til Åvedal.

Kart