Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Store Brekketinden

Date:
26.09.2017
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
10:30h

Tur i lag med mortenh (Morten Helgesen) , Þróndeimr (Christian Nesset) og Astri (Astri Gridseth Flø) på siste dag av PB-treffet. Tok ferja frå Sæbø til Lekneset, og eg sat på med Morten opp til Myrsætra. Bompengefri veg her nå, og me parkerte på sørsida av elva. Fulgte T-stien mot Patchellhytta til Steinreset der me tok av stien og gjekk opp til Brekketindbreen. Så tok me på sele og tau for å krysse breen opp til skaret sørvest for Store Brekketinden. Fleire klyvepartier frå breen til toppen. Det var frivillig om me ville la oss sikre eller ikkje, men eg var komfortabel me å gå uten sikring. Hadde ein god pause på toppen i det flotte varme seinsommarveret og skreiv oss inn i vardeboka. På veg ned var Christian oppom S1-toppen som er avansert klatring grad 5-6 eller noko i den dur. Litt for teknisk til at det var noko å prøve for min del, men spennande >>>

Map    

Geitfjellet

Date:
13.09.2014

Gjekk frå Korsmyra på merka sti vestover mot Gomsdalen. For å unngå ca 350 hm nedstigning til Gomsdalen gjekk eg i ein bue nordover mot Sleddalen. Det blei litt krattkrig her så det er nok ikkje så veldig mykje å vinne på denne omgåelsen av Gomsdalen. Runda Gomsdalen i nordvest på snaut 800 moh og gjekk videre vestover til sadelen aust for Storvatnet. Herfra var det bare å ta fatt på nordaustryggen mot pkt 1070 og videre bratt opp aust for punkt 1392. Så i litt slakere ur det siste stykket opp til Geitfjellet. Nokon mindre innstallasjoner på topplatået. Fin utsiktstopp men det låg dessverre ein del skyer nedpå fjella langs horisonten. La returen bortom Teinosa og ned i Gomsdalen. Trimpost med bok på stølen ved punkt 626. Herfra var det heldigvis god sti opp igjen på austsida >>>

Map    

Mehornet og Jolgrøhornet

Date:
01.09.2014
Map    

Storhornet og Leirvasshornet

Date:
29.08.2014

Fra Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen sykla eg ned til Mesætra der eg gjekk over bru over Moldskreddøla på stedvis utydelig sti opp gjennom bjørkeskogen. Over skogen gjekk eg opp sørsida til Storhornet. Varde med bok her og flott utsikt over til Stranda. Fulgte så god sti ned til Samfunnskaret. Her er det merka sti opp frå Habostadsætra. Eg gjekk derimot videre sørover på austsida av Pottdalsvatnet og så vestover på sørsida av vatnet og i underkant av nokre brear som går ned til ca 1100 moh. To av breane er ikkje innteikna på kartet. Kom meg så over til vestsida av Leirvasshornet og derfrå greit til topps. Nordaustryggen til Leirvasshorent har eit styggbratt parti som eg ikkje tok sjansen på å gå opp. På det austvendte topplatået er det ein bre som heller ikkje synes >>>

Map    

Smørskredtindane

Date:
28.08.2014

Frå Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen gjekk eg sørvestover til det høgaste punktet på 850 moh i Tverrdalen. Herfrå bratt opp fjellsida mot breen aust for Smørskredtindane. Breen blei først synlig da eg var mest oppe ved den og gjekk langs sørsida av breen og over en morenehaug og så opp dei siste 250 hm i den austvendte fjellsida. Var enkelte småvarder som viste nokonlunde veg oppover. Var først på hovedtoppen der eg hadde ein lengre pause for å nyta utsikten. Det låg ein orange røyrstubbe i eit hol atmed varden. Inni denne var det bøker med protokoll fra 1992. Bøkene var blaute men alikevel i overraskande god stand. Dei burde likevel vore mykje betre oppbevart i tuppervareboks oppi arkeoplanboks så dei ikkje verte blaute. Etter å ha skreve meg inn i boka gjekk eg så >>>

Map    

Roaldshornet og Skurdahornet

Date:
04.10.2013
Map     2 comments

Litlemoldskreddalen rundt

Date:
03.10.2013
Map    

Holtafjellet og Mannefjellet

Date:
30.09.2013
Map    

Sætredalsfjellet og Fivelstadnibba

Date:
28.09.2013
Map