Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Karten og Synesvarden

Date:
27.08.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Distance:
23.2km

Var først oppom Karten, og så stort sett langs den merka stien til Kartakalven, Synesvarden og Steinkjerringa. Vidare sørover uten sti et stykke før eg kom inn på traktorveg så eg fulgte ned til Fv 4330 mellom Brusand og Kartavoll. Så via Fossfjellet på traktorveg opp mot Knuten. Toppen er nok bare 194 m og ikkje 202 som det står på rasterkartet. Vidare på sti og traktorveg til Matningsdal og så langs vegen oppover til utgangspunktet ved Synesvarden.

Map    

Topptur på Høgjæren

Date:
28.08.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
5:37h
Distance:
19.2km

Gjekk frå p-plassen i Synespasset på vekselvis traktorveg, sti og terreng til Karten. Tok ein tullete "snarveg" mot Bruaberget og såg etter en veg eg ikkje fant. Kom inn på god sti i sørenden av Kartavatnet så eg fulgte over Bruaberget til Brusaknuten. Så vidare sørover til Eikelandsknuten og et par namnlause topper lenger sør. Såg ikkje stier til desse toppane, men det er gjerdeklyver på Eikelandsknuten. Sørsida av Eikelandsknuten er svært bratt og vil ikkje anbefale mi rute der. Frå demningen i nordenden av Hagavatnet, som er drikkevasskjelde, kom eg inn på veg som er stengt med bom, og så vidare på hovedvegen tilbake til utgangspunktet. Dei som samler kommunetopper finner bedre rapporter enn denne.

Map    

Rundtur over Kjessafjellet

Date:
02.11.2013

Starta turen en snau km aust for Gravdal der det var en liten parkeringsplass på sørsida av vegen. Herfra var det rødmerka sti forbi Gravdal oppover i marka til Gullknappen. Stien går videre forbi Risvatnet og Homsevatnet til Herredsvela, men eg gjekk ut i terrenget vestover til Kjessafjellet og Bjørndalsnipa. Bjørndalsnipa er vel Jærens mest alpine topp med sin spisse profil sett austfrå. Det er merka sti opp frå Ualand. Eg gjekk videre nordover på austsida av Homsevatnet og langs bekken opp til Kinnetjørni og så til Skinansfjellet som har en veldig høg varde på toppen. Gjekk så aust og søraustover til Torskardfjellet og ned til traktorvegen på austsida ned mot Gravdal. Frå parkeringsplassen går en merka sti på traktorveg sørover som eg fulgte en snau km og gjekk så under >>>

Map    

Brusaknuten

Date:
20.06.2010
Map