Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Urdvassheii

Date:
28.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h

Gjekk på vegen oppover Evardalen. Det er ca 4,5 km bomveg som nå koster 100 kr for bil. Planen var uansett å gå oppe på fjellryggen ned igjen så derfor unødvendig å kjøre bomvegen. Frå enden av vegen fulgte eg T-merka sti drøyt 3 km vidare vestover til Kleivi. Der gjekk eg opp sør- og austover til Urdvassheii trigpunkt. Så sørover til ein jamnhøg topp uten avmerka høyde på nokon kart. Gjekk nedover Urdevassdalen der eg kom inn på ein gammal T-sti. Det såg ikkje ut til at den stien merkes lenger sidan det var slitt T-maling på steinane. Stien går over til Evardalen, men eg gjekk over Øyetjørnsknuten og vidare austover og kom inn på ein annen (stengt) bomveg gjennom hyttefelt.

Map    

Verehovudet og Søtebekkheii

Date:
27.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
7:00h

Gjekk over brua over Myklevassåni gjennom hyttefeltet på Stuteliheii. Så vidare i terrenget mellom Myklevatnet og Gardevatn og austover til Øydeskarshei og Den høge knausen. Deretter vestover mot Verehovudet via 994-toppen. Etter ein pause på toppen gjekk eg ned i Jarbudalen og opp på Søtebekkheii's to jamnhøge topper. Så ned i nordsida til sørvestenden av Myklevatnet og fulgte vegen det siste stykket til Myklestøyl.

Map    

Reinshornheii med Knut Sverre

Date:
04.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
8:45h

Hadde kontakt med knutsverre (Knut S. Andersen) denne våren mtp skitur til Urdalsknuten når vegen opna i mai hvis forholda tillot det. Snøfattig vinter og varm vår satte dessverre effektivt stopp for slike planer. Knut hadde bare to kommunetopper igjen i denne delen av landet og ville gjerne ta Reinshornheii i begynnelsen av juni. Sidan eg reiser Suleskardvegen rett som det er for å følge med på snø- og isforholda passa det godt å vere med Knut på hans nest siste kommunetopptur sør for 62. breddegrad. Me treftest som avtalt på p-plassen til Øyuvsbu litt før kl 9 og fulgte stien sørover og var bortom Øyuvsbu turisthytte. Vidare sørover langs austsida av Øyuvsvatnet mot Sandvatnet. Me måtte over Ivlungsåsni og der var det hverken bru eller tilrettelagt passering, og åna var ganske stri etter en del regn >>>

Map