Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Søraheia og Nordraheia

Date:
20.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Gjekk frå p-plassen ved Funningsland som er same utgangspunkt som turen til Brendeknuten og Fjellsenden dagen før. Begynte på traktorveg opp på austsida av Tøssåna og så eit stykke på stien sør for Søraheia. Var oppom fleire toppunkt på det vide platået, men området rundt trigpunktet er klart høgast. Gjekk så ned til vestenden av Kaldavatnet og forbi Jonsstøl vidare oppover til Nordraheia. Litt nord for toppen er det flott utsikt innover Jøsenfjorden. Litt lenger vest er det ei lita hytte og virker som det har stått ein sendar her tidligare. Det går ei nedlagt straumlinje som eg fulgte sørvestover til Funningsland. Stolpane står stedvis mens kablane ligger på bakken. Dette var trulig denne sommaren varmaste dag, men det skya til om kvelden.

Map    

Brendeknuten og Fjellsenden

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:15h

Parkerte på stor p-plass på vestsida av Tøssåna ved Funningsland. Herfrå gjekk eg forbi gardane og så på T-stien mot Eidavatn. Vest for Kvivatnet forlot eg stien for å sjå nærare på Trollgarden som er ein minst 2 km lang steingard som går frå austsida av vatnet og buktar seg oppover til ca 900 moh. Denne steingarden er stort sett 5-10 m brei og opp til 5 m høg og består av steiner i alle slags størrelser. Denne er nok etterlatt etter ein midlertidig isframrykking rett etter siste istid. Gjekk så over Nordre, Midtre og Søre Brendeknuten til Fjellsenden som antakelig har Rogalands største og finaste varde. Den blei bygd av tre hjelmelandskarer og ferdigstilt 9. august 1917. Postkasse med vardebok frå 2010 men den var dessverre gjennomblaut. Hadde ein dryg time pause her i kveldssola >>>

Map    

Øyåsen og Randåsen

Date:
06.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
7:45h

Kjørte ein runde rundt Randøy og la i frå meg sykkel på parkeringsplassen på vestsida av øya. Parkerte så ved ein tømmervelteplass ein snau km vest for Randøybrua. Derfrå går det ein litt gjengrodd skogsveg eit stykke vestover og så på merka sti til Øyåsen/ Kodl. Trigpunktet på toppen fant eg ikkje men det er eit fint utsiktspunkt og besøksbok litt sør for toppen. Fulgte så umerka men grei sti vestover og så gjennom skiferbrotet der det sto adgang forbudt, men det var ikkje aktivitet der på dette tidspunktet utpå ettermiddagen. Fant så merka sti det siste stykket opp til Randåsen frå sør og austsida. Beskjeden utsikt frå toppen og pga skogen, men også her var det fint utsiktspunkt og besøksbøk litt sørvest for toppen. Så fulgte eg merka sti ned til Randåsen parkeringsplass. Sykla >>>

Map    

Tofjellet og Måheia

Date:
05.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Parkerte på ein liten tilrettelagt p-plass rett før brua over Bønaråna. Herfrå går det merka rute opp til Tofjellet. Det går an å kjøre lenger oppover Bønardalen (mot bomavgift på 20 kr), men det var ikkje aktuelt for meg sidan eg skulle gå ein lengre rundtur. Flott utsikt og vardebok på Tofjellet. Gjekk så ned i terrenget nordover og kunne greit steingå den ellers strie Bønaråna ved Røglemyrane. Så gjekk eg opp gjennom skogen til Såteheia og Hesthei og rundt nordenden av Måvatnet til Måheia. Store oppdyrka areal på Måmyrane så det går fleire vegar opp hit. Kryssa den vestre vegen og kom inn på den midtre vegen på ca 480 moh, og så over på den austre vegen på 400 moh som eg fulgte ned til Bønaråna.

Map    

Størnafjellet og nabotopper

Date:
04.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
11:30h

Parkerte på tilrettelagt p-plass på vestsida av Rv 13 ca 150 m nord for avkjøringa til Songesand. Herfrå er det merka turløype opp til Middagsåsen. Fin skogsveg oppover og så tar stien av til venstre på ca 220 moh. Vardebok på Middagsåsen. Fulgte så stien ned igjen til skaret aust for toppen og så på ein utydeliare sti vestover som nok fører inn på skogsvegen igjen. Men eg gjekk vidare gjennom skogen vestover til Størnafjellets to topper, og så til Kyrkjeleidfjellet og forbi den nedlagte garden Drifland til Skorpefjellet. Frå Drifland går det veg ned til Måland ved Rv 13 slik at dette vil vera enklaste adkomst til Kyrkjeleidfjellet, utan at den vegen var aktuell for meg nå. Så fulgte eg ein sti nordover til Espevatnet der eg kom inn på god skogsveg. Var så oppom ein skogstopp >>>

Map