Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ratevassnuten og Steinheii

Date:
27.06.2010

Gjekk over Djupatjørnnuten og ankom Storsteinen turisthytte kvelden før og overnatta to netter der. Fulgte stien nord for Djupatjørn og videre mot Kringlevatn et stykke og gjekk nord for Sandvatn og så søraustover til Ratevassnuten og så videre nordover til 1402-toppen og så til dei to 1421-toppane. Utsikten var nok best frå NV-toppen. Det var en del snøfenner over 1200 moh. Gjekk så videre vestnordvestover på nordsida av Sandvasshorten og ned til nordsida av Sandvatn tilbake til Storsteinen. Det blei ein lang tur, men det var fint og varmt ver denne sundagen og ein dag gammal fullmåne lågt i sørsøraust om kvelden.

Map    

Djupatjørnnuten

Date:
26.06.2010

Kjørte så langt eg kom på vegen vest for Blåsjø og ved kommunegrensa Suldal / Hjelmeland blei det stopp pga store snøfenner som dekka heile vegen. Hadde med sykkel som eg leide gjennom snøen og sykla videre sørover, forbi vegbommen ved fylkesgrensa til Bykle ved Beinlei og vidare til Storevassdammen. La i frå meg sykkelen her og gjekk over Djupatjønnuten og ned til Storsteinen turisthytte for overnatting. Det var nordvest bris, overskya og skoddedotter vestover mens det var klarver austover og fullmåne seint denne lordagskvelden. Dagen etter blei det tur til Ratevassnuten og Steinheii .

Map    

Brusaknuten

Date:
20.06.2010
Map    

Middalsnuten og Middalsrusta

Date:
15.06.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk frå Middalsbu turisthytte oppover Middalen til ca 1200 moh til snøgrensa der eg hadde lagt frå meg skia dagen før på turen til Sandfloegga og Trossovnuten og gjekk på ski oppover og opp i sørvestsida til Middalsnuten. Rant ned på nordsida og ned på Søra Steggjavatnet og gjekk så opp på Middalsrusta. Rant ned et stykke i sørsida, men måtte bære skia mesteparten ned til Middalsbu. Nå venta en drøyt 4t lang kjøretur via Haukeli og Setesdalen heim til siloslått etter 3 flotte dager på Hardangervidda. Det var sol frå meste skyfri himmel denne tysdagen i midten av juni.

Map    

Sandfloegga og Trossovnuten

Date:
14.06.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk frå Middalsbu turisthytte oppover Trossovdalen til snøgrensa på ca 1200 moh der eg hadde lagt frå meg skia etter turen til Kvessenuten dagen før. Så på ski videre oppover til 1682 vest for Sandflotjørna og så bort til Sandfloegga. Nedover fulgte eg ryggen vestover til Trossovtjørna og så gjekk eg opp sørvestryggen til Trossovnuten. Rant ned på nordsida og der var det stedvis så bratt at eg bar skia. Så rant eg ned Middalen og la skia fra meg på ca 1200 moh der skiføret tok slutt, og fortsatte skitur derfrå til Middalsnuten og Middalsrusta dagen etter. Gjekk til fots ned til Middalsbu for ny overnatting. Det var lettskya første del av dagen og så ei lang snøbøye og oppklarning om kvelden.

Map    

Kvessenuten

Date:
13.06.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Gjekk frå Middalsbu turisthytte oppover Trossovdalen til ca 1200 moh. Der låg snøgrensa og eg tok på ski og gjekk på skrå oppover fjellsida sørvestover til Kvessenuten 1612 og så videre austover til høgaste topp på 1655 og så søraustover til 1642. Derfra rant eg nordover og ned i Trossovdalen igjen. Der skiføret tok slutt igjen på ca 1200 moh la eg skia i fra meg så dei var klar til neste dag for turen til Sandfloegga og Trossovnuten og eg gjekk tilbake til Middalsbu der eg la meg til for natta. Veret denne sundagen var nordvest frisk bris, perioder med sol og lette snøbøyer.

Map