Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Sultind, Breidfjellet og Jamtetind

Date:
26.07.2014
Map    

Storpurka

Date:
25.07.2014
Map    

Håkodalshøa og Storskardhøa

Date:
24.07.2014
Map    

Litltågkollen

Date:
23.07.2014
Map    

Blåbotnhalsen og Slotthøene

Date:
22.07.2014

Fra demningen i austenden av Reinsvatnet gjekk eg stien mot Reinsvassbu eit stykke før eg gjekk opp nordaustryggen til Blåbotnhalsen og nordvestover opp til skaret aust for Slotthøa Sør. Var så oppom dei austlige toppunkta før eg gjekk opp på 1833-toppen. Videre nordvestover på brei egg som gradvis smalner av. Rett før eggens lågaste punkt er eggen så skarp at eg måtte sette meg skrevs over og ri ned ca 10-15 m. Akkurat på lågaste punktet er eggen breidere igjen men må klyves ned og opp i et hakk. Greit videre nordvestover og opp i vestsida på Slotthøa Nord. Herfra gjekk eg ned i austsida og mellom dei to breane. Dette er ein bre som i seinare tid har smelta i to. Greit å gå på morenemasser ned til vestsida av tjern 1223 og så på skrå nordaustover til eg kom inn på stien >>>

Map    

Store Trolla

Date:
20.07.2014

Hadde gleda meg lenge til å ta denne turen og dette blei dagen eg realiserte den. Pakerte ein snau km nedanfor Hoåsbrekka der det var et stort åpent område på sørsida av vegen som låg i skuggen av store trær. Stien opp brekka byrjar på ein traktorveg til eit kulturbeite. Litt vanskelig å sjå kor stien fortsatte så det kunne godt vore merka her. Ellers var stien stort sett veldig tydelig oppover. Masse modne blåbær langs stien så eg fråtsa i meg det eg klarte. Herligt, og det hjalp mot tørsten for eg hadde kun ein liten skvett vatn med meg for å spare vekt. Vatn var ikkje å finne før eg kom opp til elva ved trimposten på 875 moh. Her deler stien seg og eg gjekk på vestsida av elva mot Fossbotnin. Her hadde eg ein matpause og studerte fjellsida opp mot Trolla. Det kom tre >>>

Map     1 comment

Travers over Viromkjerringa

Date:
13.07.2014

Fra Dalen parkering sykla eg ned Viromdalen og satte sykkelen fra meg ved innkjørselen til Virom (og henta den dagen etter). Herfra gjekk eg gjennom gardstunet på Virom og traff på bonden. Eg spurte han om stien opp Viromlia og han viste meg kor den byrja. Stien var godt merka med raud maling på trærne, men den var ikkje så tydelig i terrenget. Oppe ved Litlråkvatnet tok eg ein avstikker til Børsetkjerringa og runda den på kanten i vestsida der det er veldig god utsikt utover. Ved trigpunktet her er det vardebok og tydeligvis sti opp frå Børset. I sørsida av dette fjellet er det ei rasrenne som går heilt ned til Viromdalen. Raset skal visstnok ha gått for 11 år sidan etter kraftig nedbør. Gjekk ned til Litlråkvatnet igjen og runda det på nordsida og gjekk opp nordvestryggen >>>

Map    

Skjerdingen og Snøfjellet

Date:
12.07.2014

Fra Innerdalen fulgte eg T-merka sti nordover mot Kårvatn opp til Bjøråskaret. Dagen begynte veldig fint vermessig men ved middagstider trakk det opp mørke skyer frå søraust og eg var ikkje komen langt opp fjellsida før eg haurte rumlinga i det fjerne. Forstod kva veg dette bar så eg tok det bare med ro og såg meg ut ein plass eg kunne vente mens uveret raste i frå seg. På drøyt 900 moh såg eg ein bergknaus med utoverheng litt aust for stien som formodentlig kunne verne meg mot regnet. Herfa var det orkesterplass mot Innerdalstårent og Tåga der uveret kom før det passerte Innerdalen. Tenkte på at nå er det nok mange folk på veg opp til Tårnet som fant det mest bekvemmelig å koma seg ned fortast mulig. Mange lyn såg ut til å slå ned i området bak Tårnet og Tåga, og >>>

Map    

Tåga og Innerdalstårnet

Date:
11.07.2014

Fra Innerdalen gjekk eg opp stien til Storvatnet. Mange folk på tur denne varme sommardagen og som venta skulle alle andre opp mot Innerdalstårnet, mens eg fortsatte vidare sørover til Langvatnet. Herfra gjekk eg på skrå oppover mot Såtbakkkollen (som det står på nye kart). Derfra videre nordover gjennom eit skar med enkel klyving og så videre over 1774-punktet til Tåga (som før heitte Såtbakkollen). Voldsomme stup mot nord og aust så det passer ikkje å kalle denne toppen for ein kolle. Veldig disig luft så utsikten var så som så, men lett å sjå Snota og fekk og auge på Snøhetta på Dovre. Etter ein lengre pause gjekk eg eggen vidare vest og nordover. Eit bratt parti på eggen måtte eg omgå i vestsida. Enkel klyving det øverste partiet på sørsida av Tårnfjellet. Stort >>>

Map    

Hauduken og Breidfonntinden

Date:
08.09.2010

Kjørte den ca 30 km lange anleggsvegen til Nedste Mardalsvatnet og parkerte i den øverste skarpe svingen ovanfor vatnet. Herfra god utsikt til dagens turmål Hauduken og den litt spektakulære Gjuratinden som eg skulle besøke dagen etter. Gjekk nordover og litt oppover for å komme inn på den merka stien som går til Grøvdalen. Stien er mange steder vanskelig å sjå så det er tydeligvis lite fotturisme her. Ved Mardalsbotnen skrådde eg til høyre og kryssa utløpsbekken sør for Indre Haudukvatnet. Gjekk videre nordover opp fjellsida, aust for høgde 1215 og opp mot ei lita tjørn sør for botnbreen vest for Hauduken. Herfra i steinur opp ryggen austover og så dreiande nordover enkelt til topps av Hauduken. Herlig vær og fantastisk utsikt! Studerte i kikkerten ei mulig rute opp til >>>

Map