Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Reinsgravnuten

Date:
22.06.2015
Map    

Kvannenuten og Bordheia

Date:
21.06.2015
Map    

Hustveitsåta og nabotopper

Date:
20.06.2015
Map    

Fiskebergåsen

Date:
19.06.2015
Map    

Skjelstadnuten og Stråpanuten

Date:
18.06.2015

Frå Suldalsosen kjørte eg først opp til Berge. Derfrå gjekk eg på ein skogsveg oppover, og så i bratt skogsterreng opp til Skjelstadnuten. Ned igjen omtrent same veg, og så ein tur oppom Åsen. Kjørte etterpå ned igjen til Stopa der eg fulgte merka sti opp og ned langs vest- og sørsida til Stråpanuten. Dette var ein god og tydelig sti.

Map    

Hovden og Gjåvassnuten

Date:
17.06.2015

Kjørte inn til Kvilldal kraftverk, og gjekk derfrå opp austsida til Hovden, og ned igjen same veg. Etterpå gjekk eg frå austsida av Litla Gjåvatnet på ein veg eit stykke nordover, og så vestover i skogsterreng til Gjåvassnuten og vidare nordvest til Berganuten og så sørover i bratt skråning til eg kom inn på Kvilldalsvegen vest for Gjåvatnet.

Map    

Ravnanuten og Såta

Date:
16.06.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Kjørte opp mot Kjetilstaddalen kvelden før og tur til Kiståsen . Denne dagen blei det ein lengre skitur på ein av få klarversdager til nå denne junimånaden. Måtte bære skia litt i starten, men det var fortsatt store snømengder igjen over 7-800 moh. Fulgte i grove trekk den kvista vinterløypa til Stranddalen turisthytte, men var oppom Fagerstølnuten. Vidare over Ravnanuten og nordaustover til Såta og den namnlause toppen 1340. Derfrå rant eg rett vestover, og bar skia ned dei bratte bakkane ved Svartaberg og kom ned til vegen.

Map    

Kiståsen

Date:
15.06.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Parkerte på ein p-plass ovanfor Kjetilstad. Gjekk vidare sørover på vegen eit stykke før eg tok på skia og gjekk vestover ut i terrenget mot Kiståsen. Rant vidare sørover og tok med meg sekundærtoppen Skaulen før eg rant ned igjen til utgangspunktet. Relativt kort kveldstur dette før den lengre turen til Ravnanuten og Såta dagen etter. Tok dessverre sparsomt med bilder på denne turen, men har lagt inn to bilder i ettertid for å dokumentere dei historisk store snømengdene det var i 2015. Begge bildene er tatt sørover i området rundt Kiståsen.

Map    

Karinuten og nabotopper

Date:
14.06.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Snødekt veg innover Breidastøldalen som eg fulgte til sørenden av Sandsavatnet. Gjekk så nordover, og var først på Grovnuten. Så vestover til Karinuten, nordover til Kotleskornuten og så sørover igjen via Killingevatnet opp til Sandsaskarnuten. Retur sørvestover via Djupaskardet tilbake til Gullingen. Godt skiføre og stort sett samanhengande skiføre heile tida, men litt skibæring på slutten av turen.

Map    

Gullingen og Langeliheia

Date:
13.06.2015

Skitur frå Gullingen skitrekk. Etter ein uvanlig snørik vinter ligger snøen ennå heilt ned til parkeringsplassen ved stitrekket. Gjekk fyrst opp på Grønhovudet og så på Gullingen. Veldig bratt det siste stykket opp så eg la i frå meg skia og gjekk videre opp til fots. Det går sti men mesteparten av den var skjult av snø. Vardebok på toppen. Tok så ein runde vidare til Finnadalsheia og Langeliheia og så tilbake ned i Breidastøldalen. Overskya ver med skydekke nedpå toppane langs horisonten, men upåklagelig skiføre denne laurdagskvelden i midten av juni.

Map