Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vådlandsknuten

Dato:
22.01.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:00t

Fulgte den vanlige stien langs Fossbekken og langs sørsida av Fisketjørnane opp Høylandskaret til Vådlandsknuten. Traff på ein som var på veg ned. Han hadde vore på Vådlandsknuten for første gong i dag. Knapt snøflekker under 600 moh, men stadvis skaresnø over 6-700 moh. Ikkje farbar is på tjødnane under 700 moh. Skulle tru det var i april. Tok ein runde rundt Vådlandsvatnet over nokre topper eg ikkje pleier å gå på før eg returnerte via Høylandskaret og normalvegen til utgangspunktet.

Kart    

Vallresknuten

Dato:
16.01.2020
Turtype:
Fottur
Kart    

Eldridåsen

Dato:
10.01.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:30t

Gjekk på gjengrodd skogsveg nordover første stykket, og så på skrå mot venstre på gradvis meir utydelig sti til Foreåsen. Vidare stort sett stilaust til Vardatoppen og ned til vegen mot Gåsavatnet. Fulgte dyretråkk opp austryggen mot Eldridåsen, og kom så inn på raudmerka tydelig sti som kjem frå Nordland. Flott utsikt vestover frå Eldridåsen, men skog øydelegger det meste av utsikten ellers. Fulgte så ein blåmerka sti ned den nokså bratte vestsida, og kom då ned til bakketoppen på vegen mellom Bergsvika og Bruravika. Vidare over Nedrafjellet, Askjeliåsen, Iglåsen og Skifteåsen før det blei mørkt. Så i fullmåne til Furåsen der eg ikkje fant noko trigpunkt/ jernbolt, men er sikker på at eg var på toppen. Nordover til Hausvikkammen som har ein markert knaus som høgaste >>>

Kart    

Våmulen

Dato:
09.01.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:00t

Gjekk på skogsveg eit stykke langs austsida av Lerangsvatnet, og så ut i terrenget opp til Hestås og vidare forbi den bratte austsida av Våmulen. Fant ei rute i sørsida med utsatt klyving. Kom meg greit opp på toppryggen. Gjekk ned vest- og nordvestover på litt utydelig sti/ dyretråkk ned til Ytre Skeivik. Dette er nok enklaste rute opp og ned. Så tok eg ein tur opp til Lerangshammaren via eit sinnrikt stisystem/ dyretråkk i austsida. Trigpunkt på nordkanten som er 2-3 m lågare enn toppen. Til slutt måneskinstur til Erevikshammaren via hyttene i nordsida. Måtte over fleire gjerder for å koma opp. Ned igjen til Erevik og så langs vegen tilbake til utgangspunktet.

Kart    

Vådlandsknuten

Dato:
04.01.2020
Turtype:
Fottur
Kart