Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Hafknuten og Husefjell

Date:
28.09.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h

Parkerte ved utløpet i austenden av Dunsædvatnet der det var god p-plass ved kontainere/ hytterenovasjon. Det hadde også gått an å parkere langs vegen inn til Dunsæd, men gjekk isteden disse 2 km kvar veg. Gjekk forbi ei gammal løe og fulgte så ein gjengrodd skogsveg nordvestover, og så på merka men stedvis utydelig sti til Hafknuten. Vidare sørover i skogsterreng til Heiekniben og Husefjell. Så ned til Dunsædvatnet nordover til Dunsæd. Det var heldigvis god sti langs vestsida av vatnet, men delvis skjult av høgt gras.

Map    

Lølandsfjell og Linknuten

Date:
27.09.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h

Gjekk frå Sørenden av Lølandsvatnet til nordenden av Ørtjørn, og så vestover i krevande skogsterreng til Lølandsfjell. Skodd over 300 moh. Ned igjen til Ørtjørn, og prøvde å gå over til austsida av tjørna, men bratte skrenter gjorde at eg gav opp og gjekk ned til Lølandsvatnet igjen. Prøvde så via Gausdal på skogsveg sør- og vestover og så sørover i skogsterrenget til Linknuten. Det var eit bra vegval. Skodda hadde nå heldigvis letta, men det var litt regn. Ned igjen via skogsvegen, og så austover på ein annen skogsveg, og så gjennom skogen over Eggeknuten ned til fv 466.

Map    

Åsane

Date:
14.09.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h

Smal og svingete veg opp til Nordåsen. Ingen anvist p-plass men mulig å parkere langs vegen. Gjekk vidare på god grusveg forbi gardane og vidare opp til Grasdalsvatnet. I nordenden av vatnet gjekk eg ut i terrenget austover opp til Midfjellet. Det er eit gjerde som følger kommunegrensa, men greit å finne egna plass å gå over. Så vidare til Åsane som har mange knauser som det er umulig etter augemål å avgjere hvilken som er høgast. Ifølge kartet er den sørligste toppen høgast sjøl om det etter min vurdering ikkje såg sånn ut. Retur over trigpunktet Norafjellet og via Dybingsknuten og Slettafjellet ned til grusvegen som eg så fulgte til sørenden av Grasdalsvatnet. Så vestover via Flatafjellet og Hestaknuten ned til Nordåsen igjen. Traff ein orrfugljeger med hund på Dybingsknuten, >>>

Map