Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Bruviknipa og Rispingen

Date:
19.03.2015
Map    

Høgafjellet og Hikletten

Date:
18.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h

Eg og Knut Sverre reiste i kvar vår bil frå Bergen til Osterøy og eg parkerte ved Båtaleitet siden eg skulle på Bruviknipa etterpå. Sat på med Knut Sverre det siste stykket inn til Blomdalsleitet i Lonadalen. Me traff på eit par karar som fortalde at det var merka sti gjennom skogen frå bommen, og det viste seg å halde stikk. Me begynte å gå i 11-tida og måtte bære skia opp til snaut 400 moh og derfra var det godt med snø og føret var greit siden det var så mildt. Ingen panserskare denne dagen. Det klarna opp ein periode mens me var på veg oppover, men det skya selvfølgelig til igjen før me nådde Høgafjellet. Ganske disig og dårlig utsikt så me hadde bare ein kort matpause og skreiv oss inn i vardeprotokollen før me rant ned sørover. Unna oss Hikletten som bonustopp >>>

Map