Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Sandhornet

Date:
03.10.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:45h

Hadde kjørt opp til Vallasætra dagen før for turen til Vassdalstinden . Det er merka sti opp til Rambjørhornet og Sandhornet frå Mosætra, men den er ikkje inntegna på turkartet Sunnmørsalpane. Kunne fint vade over elva i Langedalen da eg gjekk opp. Stort sett opphald før middag, men varslet var vestleg kuling og mykje regn med snø over 10-1200 moh etter middag, og sånn blei det. Kun oljehyre og gummistøvler som var aktuelt i dag. Skodda la seg tidvis nedpå, men dårlig sikt uansett pga regnet. Utfordrande å skrive seg inn i vardebøkene på Rambjørhornet og Sandhornet i kuling og regn. På returen måtte eg gå brua over elva nedanfor setrene pga betydelig aukt vassføring på bare nokre få timer. Dagen etter var det kvitt på toppane over ca 1100 moh.

Map    

Vassdalstinden

Date:
02.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h

Kjørte den sjølbetjente bomvegen frå Ørsta til Vallasætra. Herfrå fulgte eg skilta sti bratt opp Bukkedalen og så i ei austvendt renne opp til Vassdalstinden. Bok i ein gammal blikkboks på toppen. Vidare nord til Hetta er eggen for stygg og bratt så eg måtte eit stykke ned i austsida før eg traverserte langs fjellsida til sadelen og så greit opp til trigpuktet på 1125 som er luftig. Fulgte så eggen aust- og sørover et stykke før eg gjekk ned i Bukkedalen tilbake til Vallasætra. Ein periode med sol middagstid, men så for det meste overskya og nokre regnskvetter. Tok sjansen på å gå uten regnklede og det gjekk heldigvis greit.

Map    

Saudehornet og nabotopper

Date:
01.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:45h
Map    

Koppefjellet

Date:
30.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
3:45h
Map    

Dukhornet og Langhornet

Date:
29.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h

Kjørte opp til Rognestøylen dagen før for turen til Kvasshornet og Storetinden og ville i dag ta turen til Dukhornet. Dukhornet bestiges lettast via sørryggen, men for meg var det via nord- eller vestsida som var aktuelt i dag. Bratte partier her og i boka "Fotturar på Sunnmøre" står det: "Den bratte klyvinga opp nordegga er ikkje like kjekk for alle". Då tenkte eg det måtte vera kjekk klyving for meg sidan det nå var gode forhold med turr vind og ei veke utan regn. Gjekk på tydelig sti opp til skaret mellom Rognestøyldalen og Bakkedalen på snaut 650 moh. Herfrå gjekk eg opp den bratte men lettgåtte vestvendte fjellsida til eg kom opp på nordegga drøyt 100 hm under toppen. Egga direkte såg ut til å bestå av mosegrodd stein som ikkje er det kjekkaste eg veit. Såg meg derimot ut >>>

Map    

Kvasshornet og Storetinden

Date:
28.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:15h

Kjørte den sjølbetjente bomvegen til Rognestøylen og fulgte stien forbi Rognestøylsvatna. Forlot stien etter myra og gjekk gjennom skogen opp til Inste Tverradalen. Her er det ein svak sti opp frå Rognestøylen. Eg ville ikkje gå den stien opp pga myra mellom Rognestøylsvatna. oppe i skaret på snaut 1100 moh gjekk eg opp sørvestryggen til Jolhornet og Kvasshornet. Et hakk oppe på eggen kunne greit omgås i vestsida. Returnerte via austsida til skaret igjen og gjekk over 1363-toppen til Storetinden som er ein meter lågare enn Kvasshornet. Så ned igjen til skaret og tilbake til Rognestøylen same veg som opp. Overnatta i bilen og gjekk på Dukhornet og Langhornet dagen etter.

Map    

Dalegubben

Date:
27.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:15h
Map    

Store Brekketinden

Date:
26.09.2017
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
10:30h

Tur i lag med mortenh (Morten Helgesen) , Þróndeimr (Christian Nesset) og Astri (Astri Gridseth Flø) på siste dag av PB-treffet. Tok ferja frå Sæbø til Lekneset, og eg sat på med Morten opp til Myrsætra. Bompengefri veg her nå, og me parkerte på sørsida av elva. Fulgte T-stien mot Patchellhytta til Steinreset der me tok av stien og gjekk opp til Brekketindbreen. Så tok me på sele og tau for å krysse breen opp til skaret sørvest for Store Brekketinden. Fleire klyvepartier frå breen til toppen. Det var frivillig om me ville la oss sikre eller ikkje, men eg var komfortabel me å gå uten sikring. Hadde ein god pause på toppen i det flotte varme seinsommarveret og skreiv oss inn i vardeboka. På veg ned var Christian oppom S1-toppen som er avansert klatring grad 5-6 eller noko i den dur. Litt for teknisk til at det var noko å prøve for min del, men spennande >>>

Map    

Snøhornet

Date:
25.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Map    

Veirahaldet og Blåtinden

Date:
22.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Map