Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Tarløysa

Date:
27.07.2014
Map    

Sultind, Breidfjellet og Jamtetind

Date:
26.07.2014
Map    

Storpurka

Date:
25.07.2014
Map    

Håkodalshøa og Storskardhøa

Date:
24.07.2014
Map    

Litltågkollen

Date:
23.07.2014
Map    

Blåbotnhalsen og Slotthøene

Date:
22.07.2014

Fra demningen i austenden av Reinsvatnet gjekk eg stien mot Reinsvassbu eit stykke før eg gjekk opp nordaustryggen til Blåbotnhalsen og nordvestover opp til skaret aust for Slotthøa Sør. Var så oppom dei austlige toppunkta før eg gjekk opp på 1833-toppen. Videre nordvestover på brei egg som gradvis smalner av. Rett før eggens lågaste punkt er eggen så skarp at eg måtte sette meg skrevs over og ri ned ca 10-15 m. Akkurat på lågaste punktet er eggen breidere igjen men må klyves ned og opp i et hakk. Greit videre nordvestover og opp i vestsida på Slotthøa Nord. Herfra gjekk eg ned i austsida og mellom dei to breane. Dette er ein bre som i seinare tid har smelta i to. Greit å gå på morenemasser ned til vestsida av tjern 1223 og så på skrå nordaustover til eg kom inn på stien >>>

Map    

Nørdre Steinbruhøa

Date:
21.07.2014

Fra anleggsvegen mot Reinsvatnet går det ein gammal jernbanetrase ca 8 km nordover. Denne traseen har blitt lagt grus på så det går an å sykle på den. Den er stengt med bom i sørenden så kan ikkje kjøres med bil. Det var visstnok gruvedrift i området fram til 50-talet. Der vegen ender går det ein gjengrodd sti videre nordover som eg fulgte bort til Kvambekken. Fulgte så denne bekken opp til Kvamvatnet 1081 som eg runda på nordsida og gjekk så vestover opp på sørryggen av Nørdre Steinbruhøa. Flott utsyn mot Storkalkinn, Langrabbpiken og Hårstadnebba på austsida av Litldalen. Gjekk såpå skrå ned til Kvamvatnet igjen og ned langs Kvambekken og sykla den spektakulære jernbanetraseen sørover igjen. Det er kun ca 50 m høgdeforskjell på denne 8 km lange stekningen så det >>>

Map    

Store Trolla

Date:
20.07.2014

Hadde gleda meg lenge til å ta denne turen og dette blei dagen eg realiserte den. Pakerte ein snau km nedanfor Hoåsbrekka der det var et stort åpent område på sørsida av vegen som låg i skuggen av store trær. Stien opp brekka byrjar på ein traktorveg til eit kulturbeite. Litt vanskelig å sjå kor stien fortsatte så det kunne godt vore merka her. Ellers var stien stort sett veldig tydelig oppover. Masse modne blåbær langs stien så eg fråtsa i meg det eg klarte. Herligt, og det hjalp mot tørsten for eg hadde kun ein liten skvett vatn med meg for å spare vekt. Vatn var ikkje å finne før eg kom opp til elva ved trimposten på 875 moh. Her deler stien seg og eg gjekk på vestsida av elva mot Fossbotnin. Her hadde eg ein matpause og studerte fjellsida opp mot Trolla. Det kom tre >>>

Map     1 comment

Skåla og Vesleskåla

Date:
19.07.2014

Kjørte bomveg (20 kr) til Tjørhellhaugen. Derfra var det merka sti sørover, først over nokre blaute myrer og så opp Skållia til Trollvatnet. Der deler stien seg der den eine går opp til hovedtoppen mens den andre går over Skålaksla. Eg valgte sistnevnte og fulgte så stien videre vestover til hovedtoppen. Vardebok på den største varden her. Flott utsikt til Romsdalsfjella i søraust og mot Molde i vest. Nordover var havet synlig mellom toppane. Gjekk ned vestover på sti ned til Skåldalen og så opp på Vesleskåla. Fleire omtrent like høge toppunkt her men det høgaste er nok der varden står. Vardebok her også. Gjekk så nordover på vestsida av Skåldalen. Da eg nådde skoggrensa gjekk eg på skrå nordaustover ned gjennom skogen og kom tilfeldigvis inn på en gjenngrodd kjerreveg >>>

Map    

Reinsfjellet og Heggemslia

Date:
18.07.2014
Map