Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kolltveiteggi

Date:
18.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h

Fulgte skogsveg austover og til venstre i første vegdele. Der vegen tilsynelatande slutter går det ein meir gjengrodd skogsveg bratt opp til høgre som gradvis vert meir utydelig, men svak sti heilt opp til Kolltveiteggi Nord der det er trigpunkt og varde med turbok. Vidare sørover til hovedtoppen som ikkje har fullt så god utsikt. På returen var eg oppom Grovås.

Map    

Brakandalsfjellet og Fjesliknatten

Date:
17.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
7:45h

Fulgte skogsveg ca 5 km vestover mot Nystaul. Bommen stod åpen, men tok ikkje sjansen på å kjøre inn. Denne vegen har god standard og velegna for sykling, men valgte å gå sidan eg skulle over Fjesliknatten på returen. Frå Nystaul er det ein rusjen skogsveg så eg fulgte forbi eit hogstfelt opp mot Holmevatnet. Vidare i skog- og heiterreng opp den bratte nordaustsida til Brakandalsfjellet. Retur ned igjen i nordaustsida og haldt litt vest og nord for Holmevatnet, og vidare austover i relativt åpent skogsterreng til Fjesliknatten. Fleire jamnhøge knauser på topplatået der, mens det er trigpunkt på eit utsiktspunkt litt lenger aust. Gjekk ned via Baklistaulen til eg kom ned på skogsveg så eg fulgte dei siste snaut 3 km tilbake til utgangspunktet. Då var bommen låst.

Map    

Grånåfjell og Skotplassnuten

Date:
16.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Map    

Kollingan og nabotopper

Date:
15.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Fra Rv 41 er det skilta til Venelifjell. Dette er bomveg med 70 kr som betales kontant eller vipps. Vegen går opp til Bendiksmyr som er utgangspunkt for fleire turløyper i området. Eg gjekk via Venelibu opp til Venelifjellet og ned søraustryggen til Tjørnstøyl. Så vidt eg veit er det ingen merka sti vidare til Kollingan så eg gjekk vidare i skogsterrenget opp til den toppen. Ned nordvestryggen og frå nordenden av tjørna var det bratt skogsveg nedover. Så oppom Grasnuten og eit stykke vestover gjennom skogen før eg fulgte ryggen nordover via Vrålslinuten. Kom inn på grusveg i austenden av Hornlivatnet, og tok av på ein bratt skogsveg på sørsida av Hornlinuten. Denne vegen slutter på ca 700 moh, og så ein svak sti vidare opp til toppen. Gjekk ned nordvestryggen, og etter bare >>>

Map    

Skornetten og Spilarvarden

Date:
14.10.2021
Characteristic:
Hike
Map    

Brennstøylnuten og Hægefjell

Date:
13.10.2021
Characteristic:
Hike
Map    

Berhomsfjellet

Date:
12.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
2:30h

Første dag av turveke i Telemark. Parkerte på liten p-plass ved kontainere ved Fv 450, ved Hallbjønn Høyfjellsenter omtrent midt mellom Rotemo i Setesdalen og Dalen. Gjekk vidare forbi bommen på grusvegen opp til skiheisen og sti langs heistraseen. Vidare vestover på merka og tydelig sti til Berhomsfjellet. Retur same veg. Lettskya med NV bris og frost over ca 1000 moh. Reiste vidare til Vrådal om kvelden.

Map    

Reinsgravnuten

Date:
22.06.2015
Map    

Holfjell og Spafjell

Date:
26.05.2015
Map    

Seteråsen og Stikkvannskollen

Date:
05.11.2014
Map