Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Storhornet

Dato:
30.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:45t

Fant ein grei parkeringslomme ved Skinnset og sparte dermed p-avgifta på Breen snaut 2 km lenger oppe. Sykla frå Skinnset til Breen og henta sykkelen dagen etter. Frå Breen fulgte eg godt merkt sti opp mot Storhornet, men tok ein avstikker bort til Veslhornet. Snøen hadde byrja å leggja seg over 12-1400 moh nått til dagen før. Siste nått hadde den lagt seg ned til 10-1100 moh, men tinte under 1200 moh i løpet av dagen. Såg at det kom folk ned frå Storhornet så eg rekna med dei hadde vore på toppen, men til mi forundring såg eg ingen spor i snøen då eg kom inn på stien igjen siste stykket til Storhornet. Ny vardebok inne i steinbua på toppen med rundt 400 namn siste 2 mnd, men ingen hadde signert i den dei siste dagane. Frisk vestavind og under frysepunktet så eg hadde ein ganske >>>

Svahøa og nabotopper

Dato:
29.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t
Kart    

Tjønnpiken

Dato:
28.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Kart    

Kufjellet og Langøyfjellet

Dato:
27.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t

Gjekk over brua over elva ved Bjørkøya og fulgte sti et stykke til siste hytta og så vidare oppover til Kufjellet. Vardebok på toppen. Gjekk så vidare sørover ned i Langøydalen og opp til Langøyfjellet. Vardebok der og. Så gjekk eg ned på skrå nordaustover tilbake til Bjørkøya. Skya ver og aukande sønnavind utover dagen, men veldig mildt med 12-15 grader i Vinddøldalen. Det var meldt regn utpå ettermiddagen så eg var redd regnet kom før eg var ferdig med turen, men regnet kom ikkje før om formiddagen dagen etter.

Kart    

Tindfjellet

Dato:
26.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t
Kart    

Snota og Vassdalsfjellet

Dato:
25.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
11:15t

Etter ei drøy veke på Nordmøre fant eg endelig det rette vervinduet for tur til Snota. Hadde tenkt å ta turen i det varme veret veka før men pga disisg luft valgte eg å utsetja det. Denne sundagen var det overskya men klar og god sikt. Det var 14-15 grader i låglandet om morgonen og haurte i radioen det var nær tropenått fleire plasser på vestlandet. Det var meldt regn dei neste dagane, så dette låg an til å verte siste sommardag og forsåvidt siste mulighet for barmarkstur til Snota for i år. Kjørte opp Vinddøldalen og parkerte 600 m nord for bommen. Sykla derfrå den fine grusvegen sørover meste uten stigning dei fyrste 6-7 km. La i frå meg sykkelen i den bratte bakken opp til Øvre Kløftsetra og gjekk så på T-merkt sti opp Skrøådalen skilta mot Trollheimshytta. Åt >>>

Kart     1 kommentar

Strengen

Dato:
24.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:45t

Det er to ruter opp til Strengen frå sørsida. Parkerte ved Vang og gjekk opp en veg lenger aust der det er parkeringsplass høgare oppe. Vegen fortsetter et stykke til men har dårligare standard. Så er det god merka sti opp til Strengen. Mast på toppen, vardebok, sikteskjeve og ei mappe med lister over adle topper ein ser herfrå. Sjøl Storskrymten skal vera synlig i skaret mellom Tåga og Trolla, men Skrymten låg nok i skyene. Ellers var det klar sikt sjøl om det var overskya. Gjekk ned igjen ei vestligare rute ned til Vang.

Kart    

Stortussen og Blåfjellet

Dato:
23.09.2016
Turtype:
Fottur

Regn og skodd denne dagen så eg valgte korte og enkle turer med merka sti. Var fyrst på Tusse-toppane som har sti opp frå litt nord for Haugavatnet opp til den austligste av dei 3 toppane, kalt Settemsvarden. Her var det stor varde og bok. Tok så Stortussen og Midtre Tussan og så oppom Settemsvarden igjen for å følge stien ned. Deretter kjørte eg opp til Sletta og gjekk opp til Blåfjellet. Regnet hadde nå gått over til bøyer og oppe på toppen forsvant også skodda og sola viste seg i vest nokre minutter før den gjekk ned.

Kart    

Jarphaugen og Bølia

Dato:
22.09.2016
Turtype:
Fottur
Kart    

Hjelmkona og Hjelmen

Dato:
21.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t

Gjekk på god merka, men litt blaut sti frå Sletta over myra Tundra der det visstnok skal ha vore permafrost i tidligare tider. I Hjelmskaret gjekk eg vidare opp til Hjelmkona. Det er eit nedlagt gruveområde ved den litle tjørna nord for Hjelmkona. Vardebok på toppen og fin utskit sørover mot Trollheimen. Ned igjen til Hjelmskaret og det var skilta mot Hjelmen derfrå så eg trudde det var sti der og, men den såg eg lite til. Det var dog litt varding i bratte partier i nordaustryggen til Hjelmen. Stor varde og bok på toppen. Normalruta går opp i vestsida frå Settemsdal, og sidan Hjelmen er kommunetopp er den tydeligvis godt vitja. Eg gjekk ned igjen i den bratte nordsida. En del ur og mosegrodde sva. Hvis mosen hadde losna frå underlaget hadde eg nok fått ein ufrivillig rutsjetur >>>

Kart