Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ørnafjellet og en del til

Date:
09.07.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
9:30h

Ca 500 m før garden på Berland går det ein veg opp til Nordratjørni som er skilta Kobberstølen. Det er eit kulturminne her frå krigens dager, men la ikkje merke til noko oppslag/ info om dette. Fulgte vegen vidare gjennom tett granskog nord for Nordratjørni og så på merka men stedvis utydelig sti opp den bratte nordvestsida til Ørnafjellet. Brukte ca ein time til toppen. Gjekk ned stilaust på austsida, og kom då inn på merka sti frå Spødavoll nord for Vålandstjørni. Fulgte denne stien eit stykke sørover mot Dyrskog, og så nordover frå stidele skilta "topptur" mot Stolfjellet der det er vardebok. Det er sti til Stolfjellet også i nordsida via Spødavollstolen frå Spødavoll som ikkje er inntegna på kartet. Spødavollstolen er ein utstikkande steinknaus i fjellsida >>>

Map    

Daurmålsknuten og Skoredalsknuten

Date:
08.07.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
4:30h

Infoskilt og ein liten parkeringsplass i svingen ca 200 m før garden på Berland. Merka rute opp til Daurmålsknuten ved å følge grusvegen rett fram ca 500 m mot Mjåvatnet, og så ta til høyre på traktorveg oppover i bratt kulturlandskap. Der vegen slutter er det merka sti vidare opp til dalføret mellom Daurmålsknuten og Mjåvassknuten. Så dreier stien vestover i litt åpnere heiterreng over skoggrensa. Brukte ein god time til toppen der det er vardebok. Fulgte stien ned igjen eit stykke før eg gjekk stilaust over Mjåvassknuten og ned til vestsida av Skoredalsknuten. Svake stier/ dyretråkk opp til denne toppen. Ned igjen kunne eg følge ein stedvis utydelig sti bratt ned til Mjåvatnet. Denne stien går trulig til Landsdal ved Ørsdalsvatnet. Frå utløpet av Mjåvatnet er det god >>>

Map