Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Iglandsklubbafjellet

Date:
25.04.2010
Map    

Hallahorten og nabotopper

Date:
24.04.2010
Characteristic:
Backcountry skiing

Parkerte ved fv 661 ved avkjøringa til Lyngsvatnet og gjekk på ski opp til demningen og så over Lyngsvatnet som var veldig nedtappa etter vinteren. Det var et lite lag nysnø på isen så det gjekk derfor radig over til austenden av vatnet. Der tok eg av skia og gjekk til fots nordover til Hallahorten og videre nordover ned i Stordalen og opp til Folasprangknuten og så sørover Kåsaknuten og ned Falkadalen til Lyngsvatnet igjen. Det var stedvis en del mjuk snø så det var tungt å gå ned Falkadalen uten ski. Herlig å koma ned på vatnet igjen og få på skia, men det blei likevel ein dryg skitur tilbake til vestenden etter den tunge fotturen.

Map    

Lammanuten

Date:
12.04.2010

Gjekk frå fv 515 ved Musland på gardsveg forbi Store Bjelland og videre på anleggsveg et stykke oppover langs bekken. Videre oppover var det uført terreng forbi Bjøllandstemmen og Gåsavatnet. Kom så inn på stien fra Stølsvik til Lammanuten. Var også bortom austtoppen og gjekk ned igjen på austsida av Gåsavatnet og ned igjen forbi Bjelland. På kartet er det inntegna sti fra Bjelland til Bjøllandstemmen men den såg eg dessverre ikkje noko til så det blei en meir krevande tur enn det eg hadde planlagt. Det var dog ein fin tur i lettskya ver.

Map    

Kvelvanuten og Helgedalsnuten

Date:
11.04.2010

Kjørte frå Sauda nordover til Buer. Gjekk derfrå på ski på anleggsvegen opp til Helgedalsvatnet og gjekk så nordvestover og opp på Kvelvanuten frå austsida. Derfra gjekk eg videre nordaust og nordover til Helgedalsnuten. Her er det trigpunkt og stor varde med bok på fylkesgrensa til Hordaland. 5-600 m lenger nordvest er det fleire toppunkter eg var oppom som heilt klart er høgare enn der varden står. Klart ver med fantastisk utsikt. Ser over Boknafjorden til sør-Rogaland. Så gjekk eg videre en drøy km austover før eg rant ned mot Grønbotnane, Helgedalsbotnen og over Helgedalsvatnet og ned til Buer igjen.

Map    

Grønaheinuten og nabotopper

Date:
10.04.2010

Parkerte på Buer nord for Sauda og gjekk på truger på skaresnø opp til Fossdalsvatnet og et stykke opp langs Nordskarelva. Så gjekk eg opp i den svært bratte nordsida til Kuvestølsnuten. I skuggen var snøen knallhard og eg brukte stegjern opp det brattaste partiet. Frå Kuvestølsnuten gjekk eg vestover til Indre Sauanuten og ned over Skiftestjørna til Ingebjørgsnuten og så austsøraustover igjen og opp sørsida av Kvannegrødnuten over til Grønaheinuten og Storaheinuten og ned den ikkje altfor bratte austsøraustryggen mot Reinakvam tilbake til Buer. Flott rundtur i fint vårver laurdag etter påske.

Map    

Romsknuten og Bukkafjellet

Date:
05.04.2010

Gjekk frå parkeringsplassen ved sørenden av Stølsvatnet og fulgte grusvegen opp til dammen ved vestenden av Romsvatnet og så vidare ut i terrenget bratt opp fjellsida til et skar aust for Romsknuten og så vestover til toppen. Så gjekk eg austover til Bukkaknuten og nord til Bukkafjellet. Ned igjen over isen på Vedravatnet og opp til Vedrafjellet og videre sør til Ørni og ned et stykke austover før eg gjekk ned rett sørover ned den bratte skråningen ned til austenden av Romsvatnet. Så tilbake over isen på Romsvatnet og vegen ned til Stølsvatnet.

Map    

Kvitafjell

Date:
03.04.2010
Map