Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Grønhaug og Solliknuden

Date:
28.06.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
9:30h

Parkerte ved vannverket som ligger rett overfor Lundheim folkehøgskule på Moi. Derfrå er det merka rundløype over Grønhaug og Solliknuden som er 16,6 km lang ifølge infoskilt. Eg fulgte den nordligste ruta for å gå på Grønhaug fyrst. Der er det stor varde med bok. Gjekk så sørover til Solliknuden som har liten varde og bok. Tok så ein ekstrarunde sørover for å ta med nokon sekundærtoppar. Gjekk opp og ned i austsida av Medhei og opp til Sauehagen frå nord. Stort topplatå har med fleire jamnhøge topper. Kom inn på stien igjen litt vest for Bjørnstjørna, og frå austenden av tjørna tok eg avstikkere opp på Yddeknuden og Stemhei. Toppunkt på 503 m NV for trigpunktet på Yddeknuden. Stemhei har stort topplatå med fleire omtrent like høge topper. Fulgte så stien det siste >>>

Map    

Gjegningheia

Date:
27.06.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
10:30h

Parkerte på skilta p-plass litt sør for Gursligardane. Gjekk på god taktorveg et stykke oppover mot Gullvatnet. Fulgte så merka sti til Gullbergknuden som har eit par klyvepunkt i vestsida med utlagt vaier til å halde seg i. Flott utsiktstopp med vardebok. Vidare vestover er det merka sti til Hattesteinen og Gjegningheia, men stien blei stadig meir utydelig så eg mista den i det høge graset. Hattesteinen var dog godt synlig på avstand så lett å finne fram. Det er to steiner som ligger oppå kvarandre på ein fjellrygg. Gjekk så opp på Jegningsknuten som og har vardebok, og hadde der ein lengre pause. Herfrå gjekk eg på merka og tydelig sti ned til Gullvatnet og Gursligruvene. Gjekk ikkje inn i gruvene, men var der på omvisning i februar 2011. Då var det store istapper ved gruveinngangane. Frå >>>

Map    

Gruvletinden

Date:
11.06.2017
Characteristic:
Hike

Etter å hatt Med saueflokk til Langeidheia denne helga skulle me på sundag gå ein kortare veg tilbake til Brokke - Suleskardvegen ved Kvislevasskardet. Vakna opp til ein grå morgon me skodd og yr, men det letta heldigvis utover føremiddagen. Me fekk heile 13 fisker i garnet i løpet av natta. Me steikte nokre av dei og åt til frukost, og resten tok me med heim. Etter denne solide frukostmiddagen gjekk me nordvestover og fulgte T-stien frå Gruvledalen til Steinbutjørnin. Eg tok ein avstikker over Gruvletinden mens dei andre fulgte T-stien. Frå Steinbutjørnin går ein annan sti så me fulgte til Kvislevasskaret der Asbjørn hadde parkert og me kjørte så ned til Håhellervatnet der me andre hadde parkert våre biler. Etterpå kjørte eg opp igjen til Ivlungsvotni og parkerte ved Øyuvsbuparkeringa og gjekk ein >>>

Map    

Med saueflokk til Langeidheia

Date:
10.06.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
31:00h

Var med Asbjørn, Morgan, Endre og Odd Einar for å jaga sauaflokkane deiras til Langeidheia i Setesdal Vesthei. Det var 3 flokker på i alt 514 sauer og lam, 214 til Asbjørn og 2 andre flokker på 150 i kvar som skulle til heis denne helga. Asbjørn hadde med dei 3 hundane sine til å halde kontroll på sauene. Me gjekk frå skiljegardene vest for Håhellervatnet kl 10 fredag og gjekk sørover Hytteheii over heilårsbru ved Rågeloni. Vidare søraustover forbi nordenden av Monsvatnet til Vidalega der me hadde overnatting til dagen etter. Me hadde 3 pauser underveis og ein plass lagde me bål og grilde pølser. Det regna mesteparten av tida, særlig siste del av dagen, men stilt og mild temperatur. Det var to krevjande elvepasseringar rett før Vidalega. Greit å steingå for oss tobeinte, >>>

Map