Archivo - fecha

Listas obtenidas

Picos favoritos

Klantenovi 21/26

Fecha:
20.11.2026
Distancia:
4.1km

Kald og frisk luft i dag i minus 8. Frosen bakke med litt snø. Nokre kjøver som kan omgåast.

Mapa    

Storehaugfjellet

Fecha:
16.11.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Duración:
2:45h
Distancia:
11.8km

Storehaugfjellet har vore omtekt som turmål ei stund. Det vart ei meir strabasiøs ferd enn omtenkt. I starten 5 - 8 cm snø. Nokon hadde prøvd skia, men snudd sia snøen ikkje bar. Etter krysset mot Storehaugen auka snømengda på, men det gikk da greitt. Over tre-grensa vart det for alvor tyngre. No hadde vinden laga fokk, og nokre stader til vel 50 cm. Snødjupna var betydeleg fleire parti oppover. Fann ein teknikk med å gå litt slalom for å unngå det djupaste. Og det vart verre. I dag hadde ski etter 3 km vore beste løysinga. Streva på eg, og etter 1:45 var eg da på toppen. Fantastisk lys, og no fekk eg den nydelege solnedgangen då eg byrja på returen nedover. Dei fyrst 10 minuttane nedover vart ei ekstra oppleving. Turen nedatt gikk mykje lettare enn frykta. Det hjelpe på når >>>

Mapa    

Amleholten 9/26

Fecha:
13.11.2026
Tipo de excursión:
Running
Distancia:
5.1km

I dag låg det 4-6 cm snø. Kjekt med lysare forhold. Valde traktorveg på austida, begge veger i dag. Reknar med at det kunne vere glatt frå vestsida. Nydeleg utsikt i dag og, og fin trim. Gløymde å stoppe appern, men kom på det etter vel 300 meter i bil. Korrigert.

Mapa    

Vetanosi frå Fodnes

Fecha:
08.11.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
9.9km

Denne turen vart annaleis enn eg forventa. Meldt sol heile dagen. Sky/skodde hang godt i i dag, då eg køyrde heimafrå. Kun ein kort bil-tur på 11 km til Fodnes ferjekai. Fyrst vel 400 meter på gardsveg, før tydeleg og merka sti tek ein oppover i terrenget. Mange høgdemeter i dag. Litt forundra på at sola ikkje var komen då eg passerte Olavskjelda som ligg på 360 moh. Forklaring kom, for ved ca. 450 moh. møtte eg tett skodde. Etter litt dala det ned frosen skodde, som snø. Ved Stegen, eit flot utsiktspunkt, halvvegs i høgdemeter, framleis null utsikt. Heldt fram, og ved stikrysset, valde eg til Vetanosi (rett opp). Det er tydeleg sti, og svært bratt. Kom ut av skogen noko over 900 moh. og framleis inga sol. Fyrst etter gode 1000 moh. kom eg heilt ut av den 600 høgde-meter tjukke >>>

Mapa    

Bjødalskampen

Fecha:
02.11.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Distancia:
7.7km

Dagens andre tur i eit jag etter Valdres-toppar. I eit fantastisk vêr. Det er kjekt da. Noko nytt kvar gong. Nye stølar, landskap og toppar. Og utfordringa å finne gode ruter. I dag vart endeleg trasé valt 50 m forbi eit vegkryss, noko som ikkje er vanleg for min del. Plan var å køyre eit par km forbi Nørdre Fjellstølen. Men no var det seint på dagen, og etter ein kjapp sjekk på Peakbook-appen, konkluderte eg med at tur-ruta frå Søre Fjellstølen ikkje var noko lenger. No vart køyringa 6 km kortare, og til Søre Fjellstølen bar det. Plasserte bilen ved P-symbol på appen. Det stod parkering forbudt like ved tur-start. Her var det turskilt «Bjødalskampen». Ved passering over elva vart det litt «bambi på isen». Fekk duppa eine foten. Løyste det med forsiktigheit, ved å trø >>>

Mapa    

Bjørgovarden

Fecha:
02.11.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Distancia:
6.7km

I dag var Valdres vakker. Stor kontrast til skoddehavet, som låg nede i dalen. Med denne turen vart lista Nord-Aurdal over 100 pmf. fullført. Eg valde å gå frå nederste parkeringa. Ein skal da ha mosjon. Det var tre andre parkeringsplasser vidare opp i hyttefeltet her også, og alle med avgift. Det blei knapt 2 km på veg, før fin sti tok meg opp til Bjørgovarden. Traff to damer med to born og 4 hundar ved varden. Dei var klare for retur. Fin utsikt rundt om, og enno finare litt forbi, då med utsikt til eit vatn. Stortoppane i Jotunheimen er snøkledde no, men litt langt unna herifrå. Andre tur frå Lærdal på 4 dagar. Etter neste topp seinare i dag og vel heime, seier fakta 727 km og vel 11 timar i bil. Prisen blei 156 kroner for straum. Bompengar på denne korte vegstubben på 5,5 >>>

Mapa    

Djuptjernkampen

Fecha:
30.10.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
17.4km

Køyrde over Lenningfjell for fyrste gong. God grusveg fram til eit kort asfalt-parti bygd på kjerresti. Parkerte ved rasteplass, og gauv avgarde på grusveg innover. Skilta mot Djuptjernkampen og Liomseter m.m. Etter vel 1 K, inn på sti. Møtte ein triveleg godt vaksen elg-jæger med hund, og vi utveksla nokre ord. Vidare inn, og opp på Solskiva fyrst. Så vidare til dagens hovudmål. Fint å gå, men nokre blaute parti før stigninga. Heilt nydeleg utsikt frå denne toppen !! Etter litt foto og mat, byrja eg på retur. D.v.s. det ulma litt i bakhovudet om ei raud nål til. Som tenkt, så gjort, det burde halde før mørkret. Difor ein del utanom sti til grøne toppar. Bratt ned frå Vestre Rossjøkollane, og bratt opp til Rossjøkollane. Her stod raud nål ved varden, som er 1,4 m under >>>

Mapa    

Jutulen

Fecha:
30.10.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
7.0km

Køyrde frå Lærdal kl 7:15 med mål om 2 toppar i Aurdal i dag. Parkerte ved hyttefelt i Kruk-området, og følgde den blautaste sti eg har gått til no. Ser at dei fleste køyre inn til Jutulstølen, med då blir det knapt tur ;) Blei sokke- og sko-skifte etterpå ja. Det var eit idylliske tjern under vegs, og utsikt frå toppen. Morgensola «varma», og det var ein fin oppvarmings-tur til neste seinare i dag.

Mapa    

Klantenovi 20/26

Fecha:
28.10.2026
Tipo de excursión:
Running
Distancia:
4.0km

Treningstur.

Mapa    

Klantenovi 19/26

Fecha:
26.10.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Distancia:
4.2km

Fin runde saman med Sander.

Mapa