Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Bjødalskampen

Dato:
02.11.2026
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,7km

Dagens andre tur i eit jag etter Valdres-toppar. I eit fantastisk vêr. Det er kjekt da. Noko nytt kvar gong. Nye stølar, landskap og toppar. Og utfordringa å finne gode ruter. I dag vart endeleg trasé valt 50 m forbi eit vegkryss, noko som ikkje er vanleg for min del. Plan var å køyre eit par km forbi Nørdre Fjellstølen. Men no var det seint på dagen, og etter ein kjapp sjekk på Peakbook-appen, konkluderte eg med at tur-ruta frå Søre Fjellstølen ikkje var noko lenger. No vart køyringa 6 km kortare, og til Søre Fjellstølen bar det. Plasserte bilen ved P-symbol på appen. Det stod parkering forbudt like ved tur-start. Her var det turskilt «Bjødalskampen». Ved passering over elva vart det litt «bambi på isen». Fekk duppa eine foten. Løyste det med forsiktigheit, ved å trø >>>

Kart    

Bjørgovarden

Dato:
02.11.2026
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,7km

I dag var Valdres vakker. Stor kontrast til skoddehavet, som låg nede i dalen. Med denne turen vart lista Nord-Aurdal over 100 pmf. fullført. Eg valde å gå frå nederste parkeringa. Ein skal da ha mosjon. Det var tre andre parkeringsplasser vidare opp i hyttefeltet her også, og alle med avgift. Det blei knapt 2 km på veg, før fin sti tok meg opp til Bjørgovarden. Traff to damer med to born og 4 hundar ved varden. Dei var klare for retur. Fin utsikt rundt om, og enno finare litt forbi, då med utsikt til eit vatn. Stortoppane i Jotunheimen er snøkledde no, men litt langt unna herifrå. Andre tur frå Lærdal på 4 dagar. Etter neste topp seinare i dag og vel heime, seier fakta 727 km og vel 11 timar i bil. Prisen blei 156 kroner for straum. Bompengar på denne korte vegstubben på 5,5 >>>

Kart    

Djuptjernkampen

Dato:
30.10.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
17,4km

Køyrde over Lenningfjell for fyrste gong. God grusveg fram til eit kort asfalt-parti bygd på kjerresti. Parkerte ved rasteplass, og gauv avgarde på grusveg innover. Skilta mot Djuptjernkampen og Liomseter m.m. Etter vel 1 K, inn på sti. Møtte ein triveleg godt vaksen elg-jæger med hund, og vi utveksla nokre ord. Vidare inn, og opp på Solskiva fyrst. Så vidare til dagens hovudmål. Fint å gå, men nokre blaute parti før stigninga. Heilt nydeleg utsikt frå denne toppen !! Etter litt foto og mat, byrja eg på retur. D.v.s. det ulma litt i bakhovudet om ei raud nål til. Som tenkt, så gjort, det burde halde før mørkret. Difor ein del utanom sti til grøne toppar. Bratt ned frå Vestre Rossjøkollane, og bratt opp til Rossjøkollane. Her stod raud nål ved varden, som er 1,4 m under >>>

Kart    

Jutulen

Dato:
30.10.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,0km

Køyrde frå Lærdal kl 7:15 med mål om 2 toppar i Aurdal i dag. Parkerte ved hyttefelt i Kruk-området, og følgde den blautaste sti eg har gått til no. Ser at dei fleste køyre inn til Jutulstølen, med då blir det knapt tur ;) Blei sokke- og sko-skifte etterpå ja. Det var eit idylliske tjern under vegs, og utsikt frå toppen. Morgensola «varma», og det var ein fin oppvarmings-tur til neste seinare i dag.

Kart    

Klantenovi 20/26

Dato:
28.10.2026
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,0km

Treningstur.

Kart    

Klantenovi 19/26

Dato:
26.10.2026
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Fin runde saman med Sander.

Kart    

Haugsetfjellet og Langehallfjellet

Dato:
18.10.2026
Turtype:
Løpetur
Distanse:
18,1km

Eg hadde studert ei stund på korleis på best måte nå Haugsetfjellet. Og samstundes ta med næraste topp, som var Langehallfjellet. Det kan vere vanskeleg å vete kor langt ein kan køyre inn på diverse grusvegar. Ofte er det ny privat bom med hengelås bak betalings-bom. Det vart angrep frå vest, etter ei natt i bubil på Bjørkastølen. Kom ca. 4,7 km inn etter Hervasstølvegen, autobom kr 60. Fyrste 3,2 km på grusveg, og så opp ryggen til Haugsetfjellet. Vidare over fjellet, var det skilta tursti til Hollastølfjellet. Dette passa bra, då eg skulle ca. 350 m forbi dette, og til høgaste pkt, Langehallfjellet. Flott utsikt frå desse toppane, og fin natur rundtom, med koller, vatn og stølstun. På retur la eg ruta meir aust, og enda slik opp med ein fin rundtur. Litt mykje grusveg, >>>

Kart    

Fjellenden

Dato:
17.10.2026
Distanse:
3,6km

Kjapp og lett tur frå Danebu. Passerte og møtte minst 25 personar. Topptur frå hyttedøra for mange i dette området.

Kart    

Skruvdalsstinden og Reinehamaren

Dato:
16.10.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
26,1km

Det vart ein tøffare tur enn tenkt. Eg brukte om lag ein time lenger tid enn planlagt, då eg bomma 4 km på estimert avstand. Og så kom mørknet, og eg måtte guffe på. For lite næring også. Skjeldan av meg, men dette var for dårleg planlagt. Ruta var ca. 5 grusveg og 21 km sti. Turen gikk i nydeleg landskap i terreng med låg bjørkeskog, kollar og myr. Og nokre små toppar. 1 t 10 til Skruvdalstinden. Ned frå denne gikk eg til sist ut av stien, då den ikkje passa med terrenget. Ikkje gjer det. Grubla nede ved Skruvdalsbua, om eg skulle ta med Reinehamaren. Rekna og kasta meg ut i det. Fin tur innover, sett bort frå ei litt for blaut myr. Ved varden på Reinehamaren etter 2:45, og 14,1 km. Dette var litt lenger enn rekna med. Returnerte etter å ha teke nokre bilder. Same ruta tilbake >>>

Kart    

Klantenovi 18/26

Dato:
14.10.2026
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,1km

Kjapp treningstur.

Kart