Arkiv - datum

Listor jag samlar på

Favorittoppar

Haugsetfjellet og Langehallfjellet

Datum:
18.10.2026
Turtyp:
Joggingtur
Avstånd:
18,1km

Eg hadde studert ei stund på korleis på best måte nå Haugsetfjellet. Og samstundes ta med næraste topp, som var Langehallfjellet. Det kan vere vanskeleg å vete kor langt ein kan køyre inn på diverse grusvegar. Ofte er det ny privat bom med hengelås bak betalings-bom. Det vart angrep frå vest, etter ei natt i bubil på Bjørkastølen. Kom ca. 4,7 km inn etter Hervasstølvegen, autobom kr 60. Fyrste 3,2 km på grusveg, og så opp ryggen til Haugsetfjellet. Vidare over fjellet, var det skilta tursti til Haugsetfjellet. Dette passa bra, då eg skulle ca. 350 m forbi dette, og til høgaste pkt, Langehallfjellet. Flott utsikt frå desse toppane, og fin natur rundtom, med koller, vatn og stølstun. På retur la eg ruta meir aust, og enda slik opp med ein fin rundtur. Litt mykje grusveg, >>>

Karta    

Fjellenden

Datum:
17.10.2026
Avstånd:
3,6km

Kjapp og lett tur frå Danebu. Passerte og møtte minst 25 personar. Topptur frå hyttedøra for mange i dette området.

Karta    

Skruvdalsstinden og Reinehamaren

Datum:
16.10.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
26,1km

Det vart ein tøffare tur enn tenkt. Eg brukte om lag ein time lenger tid enn planlagt, då eg bomma 4 km på estimert avstand. Og så kom mørknet, og eg måtte guffe på. For lite næring også. Skjeldan av meg, men dette var for dårleg planlagt. Ruta var ca. 5 grusveg og 21 km sti. Turen gikk i nydeleg landskap i terreng med låg bjørkeskog, kollar og myr. Og nokre små toppar. 1 t 10 til Skruvdalstinden. Ned frå denne gikk eg til sist ut av stien, då den ikkje passa med terrenget. Ikkje gjer det. Grubla nede ved Skruvdalsbua, om eg skulle ta med Reinehamaren. Rekna og kasta meg ut i det. Fin tur innover, sett bort frå ei litt for blaut myr. Ved varden på Reinehamaren etter 2:45, og 14,1 km. Dette var litt lenger enn rekna med. Returnerte etter å ha teke nokre bilder. Same ruta tilbake >>>

Karta    

Klantenovi 18/26

Datum:
14.10.2026
Turtyp:
Joggingtur
Avstånd:
4,1km

Kjapp treningstur.

Karta    

Molden

Datum:
12.10.2026
Turtyp:
Tur till fots
Avstånd:
8,3km

Førmiddagstur til Molden. Hadde venta litt meir sol, men den kom då eg var nede att i bilen. Hadde ærend i ettermiddag, så det måtte bli slik. Litt for dimt til å få fine bilder, men denne turen er flott i alle fall.

Karta    

Skjeltrene

Datum:
11.10.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
6,6km

Ny rute til Skjeltrene i dag. Fyrst opp vest om elva på sti som tidlegare. Valde rett opp i skardet, og ringa litt over ein dalbotn og til toppen. Nedatt valde eg eit anna skard, for å utforske litt med tanke på kommande vinter-rute. Ser greitt ut. Og alltid kjekt med rundtur.

Karta    

Klantenovi 17/26

Datum:
09.10.2026
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
4,1km

Fin tur i sola med Sander.

Karta    

Amleholten 8/26

Datum:
05.10.2026
Turtyp:
Joggingtur
Avstånd:
5,2km

Lange runden og til toppen frå vest. Tok ruta som går til høgre noko nedanfor skaret. Litt lengre og mindre bratt. Valde tidslomma mellom kl. 15 og 18 då det skulle vere opphald. Det stemde.

Karta    

Klantenovi 16/26

Datum:
29.09.2026
Turtyp:
Joggingtur
Avstånd:
4,2km

Kjapp topptur i fint vêr.

Karta    

Grindane

Datum:
27.09.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
10,6km

Dag 2 på Peakbook-treff i Vang. I dag vart det fint vèr, varmt med sol og flotte haustfargar. Køyrde frå Veslebu og opp til parkeringa til Grindane. Gikk innover ATV-veg, og så over på sti inn under Belgjinøse. Morten likar å gi oss noko ekstra, og her vart det ein uvanleg veg opp. Bratt og noko klyving innimellom på terasser oppover. Hyllene var innafor også for meg. Berre ein litt bratt grasbakke over ei hylle testa høgde-kjensla. På toppen er det ein varde med noko kvit stein. Ein kort pause her, og så vidare bortetter fjellet til Vest for Grindane. Så ned i skaret, og opp på den vanlege stien til Grindane. Her rasta me på hylla med utsikt ned til Grindetjernet. Usikta her er til å ta pusten frå ein. Kjekt selskap underveges på turen. Noko prat om kva ein måtte ha å >>>

Karta