Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Bjøfalsfjelet

Date:
02.11.2026
Distance:
7.7km

Map    

Bjørgoåsen

Date:
02.11.2026
Distance:
6.7km

Map    

Djuptjernkampen

Date:
30.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
17.4km

Køyrde over Lenningfjell for fyrste gong. God grusveg fram til eit kort asfalt-parti bygd på kjerresti. Parkerte ved rasteplass, og gauv avgarde på grusveg innover. Skilta mot Djuptjernkampen og Liomseter m.m. Etter vel 1 K, inn på sti. Møtte ein triveleg godt vaksen elg-jæger med hund, og vi utveksla nokre ord. Vidare inn, og opp på Solskiva fyrst. Så vidare til dagens hovudmål. Fint å gå, men nokre blaute parti før stigninga. Heilt nydeleg utsikt frå denne toppen !! Etter litt foto og mat, byrja eg på retur. D.v.s. det ulma litt i bakhovudet om ei raud nål til. Som tenkt, så gjort, det burde halde før mørkret. Difor ein del utanom sti til grøne toppar. Bratt ned frå Vestre Rossjøkollane, og bratt opp til Rossjøkollane. Her stod raud nål ved varden, som er 1,4 m under >>>

Map    

Jutulen

Date:
30.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.0km

Køyrde frå Lærdal kl 7:15 med mål om 2 toppar i Aurdal i dag. Parkerte ved hyttefelt i Kruk-området, og følgde den blautaste sti eg har gått til no. Ser at dei fleste køyre inn til Jutulstølen, med då blir det knapt tur ;) Blei sokke- og sko-skifte etterpå ja. Det var eit idylliske tjern under vegs, og utsikt frå toppen. Morgensola «varma», og det var ein fin oppvarmings-tur til neste seinare i dag.

Map    

Klantenovi 20/26

Date:
28.10.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km

Treningstur.

Map    

Klantenovi 19/26

Date:
26.10.2026
Characteristic:
Hike
Distance:
4.2km

Fin runde saman med Sander.

Map    

Haugsetfjellet og Langehallfjellet

Date:
18.10.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
18.1km

Eg hadde studert ei stund på korleis på best måte nå Haugsetfjellet. Og samstundes ta med næraste topp, som var Langehallfjellet. Det kan vere vanskeleg å vete kor langt ein kan køyre inn på diverse grusvegar. Ofte er det ny privat bom med hengelås bak betalings-bom. Det vart angrep frå vest, etter ei natt i bubil på Bjørkastølen. Kom ca. 4,7 km inn etter Hervasstølvegen, autobom kr 60. Fyrste 3,2 km på grusveg, og så opp ryggen til Haugsetfjellet. Vidare over fjellet, var det skilta tursti til Hollastølfjellet. Dette passa bra, då eg skulle ca. 350 m forbi dette, og til høgaste pkt, Langehallfjellet. Flott utsikt frå desse toppane, og fin natur rundtom, med koller, vatn og stølstun. På retur la eg ruta meir aust, og enda slik opp med ein fin rundtur. Litt mykje grusveg, >>>

Map    

Fjellenden

Date:
17.10.2026
Distance:
3.6km

Kjapp og lett tur frå Danebu. Passerte og møtte minst 25 personar. Topptur frå hyttedøra for mange i dette området.

Map    

Skruvdalsstinden og Reinehamaren

Date:
16.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
26.1km

Det vart ein tøffare tur enn tenkt. Eg brukte om lag ein time lenger tid enn planlagt, då eg bomma 4 km på estimert avstand. Og så kom mørknet, og eg måtte guffe på. For lite næring også. Skjeldan av meg, men dette var for dårleg planlagt. Ruta var ca. 5 grusveg og 21 km sti. Turen gikk i nydeleg landskap i terreng med låg bjørkeskog, kollar og myr. Og nokre små toppar. 1 t 10 til Skruvdalstinden. Ned frå denne gikk eg til sist ut av stien, då den ikkje passa med terrenget. Ikkje gjer det. Grubla nede ved Skruvdalsbua, om eg skulle ta med Reinehamaren. Rekna og kasta meg ut i det. Fin tur innover, sett bort frå ei litt for blaut myr. Ved varden på Reinehamaren etter 2:45, og 14,1 km. Dette var litt lenger enn rekna med. Returnerte etter å ha teke nokre bilder. Same ruta tilbake >>>

Map    

Klantenovi 18/26

Date:
14.10.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Kjapp treningstur.

Map