Archivo - fecha

Listas obtenidas

Picos favoritos

Olefjorden rundt

Fecha:
11.08.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
34.2km

Denne turen hadde eg sett fram til nokre år. Lang tur, og spent på om ein enda med tre eller fem fjelltoppar. No blei det tre raude nåler. Eg kan skulda på for tynn niste, at eg gløymde dei to bananene, stod opp 75 min for seint. Gløyme eg regnbyga rundt Skjeldrane, som gjorde vidare tur usikker ? Uansett, konklusjon undervegs, og då eg stabba siste kilometrane ved Olefjorden, var at denne turen var lang nok. Det var no ein veldig fin tur. Skiftande ver, utsikta til dei flotte toppane nord for Bygdin, spenninga med å finne ei god rute. Fyrste og siste del av turen var på sti. Eg måtte finne vegen om toppen "Nord for Rødningstjernet" og til Skjeldrane er det vill natur og gråstein som rår. Tok inn "Systerbotn", som var innertiar for denne ruta. Enda til trakk >>>

Mapa    

Visete

Fecha:
04.08.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Distancia:
9.9km

Tur til Stølstrim-post i Lærdal turlag. Ut-appen. Sidan det er over 1000 høgdemeter, lyt denne vere med som tur utan topp.

Mapa    

Rankonøse og Rankonøse Nord

Fecha:
02.08.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
19.6km

Fyrst det viktigaste. Sjå Gps-sporet. Ikkje vel den oppganen som eg nytta. Bruk returen både opp og ned. Opp på skrå var det brattare, ein del lausmasser og ei dårleg rute. Hald i område ved dei grøne felta (sjå bilete og retur-sporet). Frå parkeringa er de sti heilt inn til Hestbottjernet. Det er laga til ei solid bru når ein kjem ned til elva. Litt merkeleg konstruert, då det ikkje er noko å halde seg i når ein stig frå bratte trinn og opp på bru-dekket. Fekk ei regnbyge inn dalen. Skrådde opp (sjå omtale) i tanke om at de vart mindre bratt med "skrå". Oppgangen er brattare enn den ser ut til. Vel oppe er det fint stein-landskap bort til topp-punktet. Også grei stein dei 2,8 km bort til Rankonøse Nord. Ruta bort var litt for langt nord. Det er nokre få skrentar >>>

Mapa    

Slettind

Fecha:
01.08.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Distancia:
3.8km

Kjapp tur på Slettind i samband med flytte-oppdrag i Gol. Runa byrjar som lærar der. Bratt, og litt ur under toppen. Fann ei grei rute.

Mapa    

Klantenovi 12/26

Fecha:
30.07.2026
Tipo de excursión:
Running
Distancia:
4.1km

Litt tempo i dag. Møtte mange folk på tur, også på Sverrestien.

Mapa    

Vindedalsstølen

Fecha:
24.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
16.4km

På tur med yngste son, Sander. Sidan det vart streva litt her, så blir det ei skjeldan registrering av tur utan topp. Og i bakhovudet hadde eg Grånosi. Vindedalstølen var hovudmålet, ein bratt kort sti til støls. I god drift på grusvegen opp dalen høyrde vi fyrst, og såg så hogst og laste-maskin. I heile vestsida av nedre dalføret var barskogen snauhoggen. Vi prøvde oss opp det bratte hogstfeltet, for å prøve å finne att stien. Fann til sist eit stort tre med blått merke, men grunna felte tre, som ikkje var kappa her, så kom vi ikkje forbi. Såg heldigvis veg for hogstmaskina, som vi følgde i rett retning nedatt til skogsvegen. Den var ny, og låg høgare i terrenget. No vart det å følgje skogsvegen fyrst til hytta på Lii, og så vidare til stølen. Idyllisk her i dag med >>>

Vennisfjellet og Høgegge

Fecha:
22.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
16.5km

Ny tur til Vang, og andre besøk i den vakre Sanddalen. Her var det open dag på stølen med høve til å kjøpe tradisjonsmat og sjå på dyra. Hestar var her også. Eg følgde stien mot Thomashelleren eit stykkje, før eg tok opp Gjartrudsåne. Så vart det kortare rute til fyrste turmålet. Her var det bratt, men greit å kome opp. Følgde så eit dalføre, før eg dreia litt til høgre i steinlandskapet. Toppen var lett å nå på visuell navigering i fine været i dag. Ein liten "lurevarde" før store varden på det flate topp-punktet. Flott utsikt mot Gjende-alpane. Vidare sikta eg mot 1660, Midre Vennisfjellet Vest. Den såg litt "topp" ut i landskapet, sjølv om den var grøn. Fin egg oop, og slakt på baksida. Tok også med neste grøne, 1604 Geitskinntjernkampen, >>>

Mapa    

Falketind og Stølsnostindar

Fecha:
19.07.2026
Tipo de excursión:
Excurción alpino
Distancia:
15.3km

Tur med Peakbook ski- og fjellopplevelser. Stod opp kl. 02:30 i Vang, og avreise mot Koldedalen kl. 3. Turen byrja kl. 04:33. Rusla innover grusvegen ein god km, før oppstigninga. Inne ved Falkebreen, og førebuing til taulag opp mot innsteget av pioner-ruta. Eg likte denne delen, og sjølv brattare snøfelt øvst gikk greitt når ein var sikra. Ut av tau, over bre-gleppa, inn på sva, og litt opp før pause. Her var det bratt over oss. No førebudde Anne og Morten sikringsarbeidet, før klyvinga vidare. Den var delt inn i to taulag, og to etappar. Objektivt følte eg meg trygg då eg tok til å "klyve-klatre" oppover. Meistra det og kjende på glede, men også ei subjektiv kjensel av utfordring, ikkje frykt. Det var lettast i starten, men to litt vanskelegare parti. Ved nokre opptak >>>

Mapa    

Grindane Extra

Fecha:
18.07.2026
Distancia:
7.9km

Deltok på mi fyrste samling hjå "Peakbook ski- og fjellopplevelser", der Anne og Morten er vertar i storhytta "Veslebu". Kom opp fredag, samkøyrde med "GeirL». Laurdag var det meldt usikkert ver, og plan var Sluten i Lærdal. Me sat på terrassen og såg at endringa i veret kom noko tidlegare enn meldt. Difor vart turplan endra, og fall på ein variant av Grindane. Den vakre toppen ligg nokre km frå hytta. For meg vart det ei utfordring i såpass bratt terreng. Sporet opp bør ikkje følgast, om ein ikkje er erfaren i svært brattlendt terreng. Her var både ei gruslagt renne, og bratt traversering av flanke. Me var trygge med proff guide. Oppe ved toppen, ein god rast for å nyte niste og utsikt. Så bort til varden, for 360 panorama. Me gikk den merka normalruta >>>

Mapa    

Veitåsen

Fecha:
12.07.2026
Tipo de excursión:
Running
Distancia:
3.6km

Ny Porsgrunn-topp på heimreise etter familie-besøk på Stridsklev. Parkerte like ved krysset. Det var no bom på traktorvegen opp der eg har sett andre har parkert tidlegare. Ved-produksjon der no. Delvis grei sti, og fint å jogge mot toppen. Måtte orientere litt då det var eit hogstfelt og ein anleggsveg undervegs. Kjapp og grei topp.

Mapa