Archivo - fecha

Listas obtenidas

Picos favoritos

Veitåsen

Fecha:
12.07.2026
Tipo de excursión:
Running
Distancia:
3.6km

Ny Porsgrunn-topp på heimreise etter familie-besøk på Stridsklev. Parkerte like ved krysset. Det var no bom på traktorvegen opp der eg har sett andre har parkert tidlegare. Ved-produksjon der no. Delvis grei sti, og fint å jogge mot toppen. Måtte orientere litt då det var eit hogstfelt og ein anleggsveg undervegs. Kjapp og grei topp.

Mapa    

Hamaren

Fecha:
10.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Duración:
1:07h
Distancia:
3.3km

Tretoppstien i Fyresdal. Her kunne Marita også greie å vere med. Håpar at ho kan auke på aktivitet neste år, etter operasjon. Svært fint anlegg dette. Her kan ein også komme på tur med rullestol. Sykkelsti finnast innimellom trea, samt andre aktivitetsanlegg.

Mapa    

Roan

Fecha:
09.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Duración:
2:58h
Distancia:
10.1km

Tekst kjem..

Mapa    

Austre Roholtsfjellet - Vrådal

Fecha:
08.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Duración:
3:34h
Distancia:
13.7km

Fin tur. Men treng ei forklaring. Sporet stoppa, så ny start av appen, men data er korrigert etter Polar M. Det siste korte partiet opp til Austre Roholtfjell var det bratt klyving nokre få plassar. Andre kjettingparti var litt vanskeleg på returen. Flott varde på toppen. Prøvde meg så vidare til hovudmålet Vestre. Gikk fint ei stund. Vinden hadde no teke meir tak på egga, og det var meldt kastevind opp til 14 i dag. Egga vart smalare. Prøvde 10 meter ned på sva i flanken, men følte det usikkerheit, grunna bratt sva. Utan vind hadde dette truleg vore grei skuring. Skal ha litt marginar når ein går aleine. Må prøve til att. Men sjølve turen frå brei graskledd skogsveg med flott furu, til dei fantastiske blank-skura svaa, var ei fin naturoppleving.

Mapa    

Fagerliheii

Fecha:
07.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
6.1km

Kjapp tur til ein topp med god primerfaktor. Telemark er ein fin landsdel å feriere i. Variert landskap, og mykje fin kultur. Her var det litt skog i starten. Vidare mest sva-fjell med godt feste. Nokre få plassar med klyve-punkt og nokre litt smale hyller, men innafor. Ved regn hadde dette vore ein mindre eigna tur. Litt vind på toppen, men for det meste sol og passe varmt ver. God utsikt frå toppen, som ligg nokre hundre meter forbi den veldig fine varden. Traff på tre unge nederlendarar. Dei hadde til mi undring vore nokre gonger på toppen. Ein av dei sa at bestemora hans hadde ei lita hytte i nærleiken. Fin tur og god trim.

Mapa    

Åhomnuten i Vrådal

Fecha:
05.07.2026
Distancia:
9.0km

Ein fin tur til topp like ved Vrådal sentrum. Her hadde me bubilplass like ved vatnet og Jokeren. Valde ein rundtur som ofte er eit fint alternativ. Valde lengste stien opp. Snill stigning og ein del ATV-veg frå nedst i hyttefeltet. Litt tungt i det brattaste partiet under skardet. Mange turar siste dagane. Svaberg siste 500 meter mot toppen. God utsikt her. Svippa oppom grøn topp på retur.

Mapa    

Røysdalsnuten

Fecha:
04.07.2026
Distancia:
11.1km

Nydeleg tur i vakre Telemark. Køyrde opp Grunningsdalsvegen og til stor parkeringsplass på Grimås. Mykje hytter rund om i skogen. Dei fleste "usynlege", då dei ikkje var plassert som i hyttefelt. Tavle viste veg, og tydeleg sti til ulike turmål. Eg følgde skilta mot Røysdalsnuten og Grimaren. Etter fyrste kryss, kunne ein orientere visuelt. Det var svært idyllisk landskap undervegs. Fine små votn, og dei små runde formasjonen som er typisk for fjella her. Ned eit lite skar før hovudfjellet som var svært vakkert. Halvskya i dag, fineste turveret. Snirkla med på merka sti oppover fjellet, nett som i ei storslalomløype i motbakke. Vakkert og lett å gå. Mange store mørke sauer å sjå. Storstilt utsikt frå toppen. På returen gikk eg samerute, men over på ryggen bort >>>

Mapa    

Brattefjell

Fecha:
03.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
16.0km

Tur til høgaste topp i Seljord kommune. Passerte Åmotsdal, og tok opp fyrst bratt humpete asfalt-veg, som betre grusveg. Parkerte ved Bjåen. Tok terrengsykkel frå hyttefelt like før bru. Fint med bratt å sykle 2,6 km inn til Sandsetvatnet. Gikk over myrane,som var tilrettelagt med solid tre-konstruksjon. Spratt opp på ein liten grøn topp, og valde å gå øvste brua på veg opp. Det vart nok litt lenger. Skrådde så flanken etter beste evne før det flata litt ut. Så inn botn, litt brattare og steinete siste partiet. Stor varde på toppen. Flott utsikt til mange runde Telemarks-toppar. Såg til Gaustadtoppen. Ned att same ruta til den brattast ned flanken. Dreia då meir aust, og over på den andre brua. Så vidare på sti ned att til dammen. Gikk godt på offroad-sykkel ned att >>>

Mapa