Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (409)
-
Skitour (116)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (73)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Falketind og Stølsnostindar
- Datum:
- 19.07.2026
- Tourcharakter:
- Hochtour
- Entfernung:
- 15,3km
Tur med Peakbook ski- og fjellopplevelser. Stod opp kl. 02:30 i Vang, og avreise mot Koldedalen kl. 3. Turen byrja kl. 04:33. Rusla innover grusvegen ein god km, før oppstigninga. Inne ved Falkebreen, og førebuing til taulag opp mot innsteget av pioner-ruta. Eg likte denne delen, og sjølv brattare snøfelt øvst gikk greitt når ein var sikra. Ut av tau, over bre-gleppa, inn på sva, og litt opp før pause. Her var det bratt over oss. No førebudde Anne og Morten sikringsarbeidet, før klyvinga vidare. Den var delt inn i to taulag, og to etappar. Objektivt følte eg meg trygg då eg tok til å "klyve-klatre" oppover. Meistra det og kjende på glede, men også ei subjektiv kjensel av utfordring, ikkje frykt. Det var lettast i starten, men to litt vanskelegare parti. Ved nokre opptak >>>
Grindane Extra
- Datum:
- 18.07.2026
- Entfernung:
- 7,9km
Deltok på mi fyrste samling hjå "Peakbook ski- og fjellopplevelser", der Anne og Morten er vertar i storhytta "Veslebu". Kom opp fredag, samkøyrde med "GeirL". Laurdag var det meldt usikkert ver, og plan var Sluten i Lærdal. Me sat på terrassen og såg at endringa i veret kom noko tidlegare enn meldt. Difor vart turplan endra, og fall på ein variant av Grindane. Den vakre toppen ligg nokre km frå hytta. For meg vart det ei utfordring i såpass bratt terreng. Sporet opp bør ikkje følgast, om ein ikkje er erfaren i svært brattlendt terreng. Her var både ei gruslagt renne, og bratt traversering av flanke. Me var trygge med proff guide. Oppe ved toppen, ein god rast for å nyte niste og utsikt. Så bort til varden, for 360 panorama. Me gikk den merka normalruta >>>
Veitåsen
- Datum:
- 12.07.2026
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 3,6km
Ny Porsgrunn-topp på heimreise etter familie-besøk på Stridsklev. Parkerte like ved krysset. Det var no bom på traktorvegen opp der eg har sett andre har parkert tidlegare. Ved-produksjon der no. Delvis grei sti, og fint å jogge mot toppen. Måtte orientere litt då det var eit hogstfelt og ein anleggsveg undervegs. Kjapp og grei topp.
Hamaren
- Datum:
- 10.07.2026
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:07h
- Entfernung:
- 3,3km
Tretoppstien i Fyresdal. Her kunne Marita også greie å vere med. Håpar at ho kan auke på aktivitet neste år, etter operasjon. Svært fint anlegg dette. Her kan ein også komme på tur med rullestol. Sykkelsti finnast innimellom trea, samt andre aktivitetsanlegg.
Roan
- Datum:
- 09.07.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:58h
- Entfernung:
- 10,1km
Køyrde opp ved Foldsæ i Fyresdalen på god grusveg. Bompengar halvvegs, og stor parkeringsplass ca. 600 moh. Gikk 250 meter forbi dam-anlegg og over ny bru for 2-beinte. Det var anleggsveg oppover eit kort stykke. Straks inn i barskog på grei sti. Noko klegg-plage ei stund. Nær skoggrensa, og snart til eit kort brattare parti. Stien drog seg på nordsida av fjellveggen i mot, og lenger inn kom den opp ved eit fint sva. No openbara det seg eit botn-liknande landskap med mykje stein til høgre. Fram og noko til venstre, såg ein den store varden på toppen. Fantastisk langstrakt landskap, og fjell bakom fjell, bakom fjell. Her var det godt med luft rundt-om. I dag sette eg meg ned, år, og kosa meg på toppen ei tid. På turen nedatt gikk eg bortom to små-toppar, før vidare nedatt på stien >>>
Austre Roholtsfjellet - Vrådal
- Datum:
- 08.07.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:34h
- Entfernung:
- 13,7km
Fin tur. Men treng ei forklaring. Sporet stoppa, så ny start av appen, men data er korrigert etter Polar M. Det siste korte partiet opp til Austre Roholtfjell var det bratt klyving nokre få plassar. Andre kjettingparti var litt vanskeleg på returen. Flott varde på toppen. Prøvde meg så vidare til hovudmålet Vestre. Gikk fint ei stund. Vinden hadde no teke meir tak på egga, og det var meldt kastevind opp til 14 i dag. Egga vart smalare. Prøvde 10 meter ned på sva i flanken, men følte det usikkert, grunna bratt sva. Utan vind hadde dette truleg vore grei skuring. Skal ha litt marginar når ein går aleine. Må prøve til att. Men sjølve turen frå brei graskledd skogsveg med flott furu, til dei fantastiske blank-skura svaa, var ei fin naturoppleving.
Fagerliheii
- Datum:
- 07.07.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,1km
Kjapp tur til ein topp med god primerfaktor. Telemark er ein fin landsdel å feriere i. Variert landskap, og mykje fin kultur. Her var det litt skog i starten. Vidare mest sva-fjell med godt feste. Nokre få plassar med klyve-punkt og nokre litt smale hyller, men innafor. Ved regn hadde dette vore ein mindre eigna tur. Litt vind på toppen, men for det meste sol og passe varmt ver. God utsikt frå toppen, som ligg nokre hundre meter forbi den veldig fine varden. Traff på tre unge nederlendarar. Dei hadde til mi undring vore nokre gonger på toppen. Ein av dei sa at bestemora hans hadde ei lita hytte i nærleiken. Fin tur og god trim.
Åhomnuten i Vrådal
- Datum:
- 05.07.2026
- Entfernung:
- 9,0km
Ein fin tur til topp like ved Vrådal sentrum. Her hadde me bubilplass like ved vatnet og Jokeren. Valde ein rundtur som ofte er eit fint alternativ. Valde lengste stien opp. Snill stigning og ein del ATV-veg frå nedst i hyttefeltet. Litt tungt i det brattaste partiet under skardet. Mange turar siste dagane. Svaberg siste 500 meter mot toppen. God utsikt her. Svippa oppom grøn topp på retur.
Røysdalsnuten
- Datum:
- 04.07.2026
- Entfernung:
- 11,1km
Nydeleg tur i vakre Telemark. Køyrde opp Grunningsdalsvegen og til stor parkeringsplass på Grimås. Mykje hytter rund om i skogen. Dei fleste "usynlege", då dei ikkje var plassert som i hyttefelt. Tavle viste veg, og tydeleg sti til ulike turmål. Eg følgde skilta mot Røysdalsnuten og Grimaren. Etter fyrste kryss, kunne ein orientere visuelt. Det var svært idyllisk landskap undervegs. Fine små votn, og dei små runde formasjonen som er typisk for fjella her. Ned eit lite skar før hovudfjellet som var svært vakkert. Halvskya i dag, fineste turveret. Snirkla med på merka sti oppover fjellet, nett som i ei storslalomløype i motbakke. Vakkert og lett å gå. Mange store mørke sauer å sjå. Storstilt utsikt frå toppen. På returen gikk eg samerute, men over på ryggen bort >>>
Brattefjell
- Datum:
- 03.07.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 16,0km
Tur til høgaste topp i Seljord kommune. Passerte Åmotsdal, og tok opp fyrst bratt humpete asfalt-veg, som betre grusveg. Parkerte ved Bjåen. Tok terrengsykkel frå hyttefelt like før bru. Fint med bratt å sykle 2,6 km inn til Sandsetvatnet. Gikk over myrane,som var tilrettelagt med solid tre-konstruksjon. Spratt opp på ein liten grøn topp, og valde å gå øvste brua på veg opp. Det vart nok litt lenger. Skrådde så flanken etter beste evne før det flata litt ut. Så inn botn, litt brattare og steinete siste partiet. Stor varde på toppen. Flott utsikt til mange runde Telemarks-toppar. Såg til Gaustadtoppen. Ned att same ruta til den brattast ned flanken. Dreia då meir aust, og over på den andre brua. Så vidare på sti ned att til dammen. Gikk godt på offroad-sykkel ned att >>>
