Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Tingstovnosi

Datum:
26.05.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
12,3km

Søndag og mål om Lærdalstopp. Litt spent på snøforhold så tidleg i sommarsesongen. Men ruta mi låg sørvendt, og det har vore lite snø i fjella i år. Ruta eg velde meg går på sti frå demninga til Nivla kraftverk. Staden er nemnd Kollsæte. Ruta er ikkje merkt, og eg gikk den sist for 37 år sidan. Eg hadde sett på stipla sti som ligg på Norgeskart. Den var heilt feil og eg baska meg opp med klyving i ur og ulenda fyrste 20 min, før eg gikk meg på stien. Så når du forlet vegen skal du ta til høgre etter 5 meter, og gå mot nokre store steinar i retning oppover dalen. Då finn du sti frå start. Det er ein bratt men grei sti mot jakthytta Sjåheim. Utfordringa på turen er å passere elvane, særleg Ia. Her var det laga til ei klopp av trestokkar og mose oppå. Det var ganske >>>

Amlaholten

Datum:
21.05.2019
Entfernung:
5,0km

Liten tur for å utforske kva Kaupanger byr på, etter arbeidsoppdrag i Sogndal. Tok av mot Festingdalen, og sette bilen på ein grusplass, nokre km inn i skogsområdet. Eit gamalt skilt viste veg "Amlaholten". Fin graskledd skogsveg i lett stigande terreng inn på nordvestsida av "holten". Etter kvart over på sti og siste delen ganske bratt til øvste punktet. På toppen var det postkasse i regi av Kaupanger idrettslag (den song på permen :) Frå toppen er det fin utsikt over mot Bleia, og ut fjorden. Turen vidare gikk på morosam og svingande sti nedover, som gikk over til skogsveg. Dette er ein lett rundtur i fin barskog. Ein kan gjere turen lenger ved å ta med ein annan topp, Søre Gråbrørne, som ligg lenger aust. Det er mange skogsvegar og stiar i området. Fint >>>

Karte    

Klantenovi frå Sjurhaugen

Datum:
19.05.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:06h
Entfernung:
9,6km

Tur frå parkeringa ved Sjurhaugfossen. Følgde Øygardsvegen til Husum, og fram til Rimskiold. Vidare på den vakre Vindhellavegen med dei flotte murane. Over Klanten, via toppen Klantenovi, og til postkassa ved Sverrestien. Sverrestien i retur til Rimskiold, og retur same veg. Husum, Øygardsvegen, og til Sjurhaugfossen. I dag var det vakkert med blomstereng, lukt av syren, vår/sommar, og 23 varmegrader. Fin tur med innsniking av ein enkel topp under vegs.

Karte    

Erterhaug fot og ski

Datum:
17.05.2019
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
12,7km

17. mai tur frå Vardahaug bru i Erdal. Var spent på snøforholda. Planen var å utforske om vi kunne nå Daurmålsnosi og Middagsnosi mot Frønningen. Var litt i tvil. Og snøforholda talde for at det kom til å bli utfordrande. Så plan vart endra til Erterhaug som mål. Måtte bere skia i ca. 35 min, og det blei så av og på 8 - 10 gonger over snøbruer og lyng. I det vi skulle ha på skia, oppdaga Marita at eine festepiggen på bindingen var borte. Ho måtte difor snu, og valde å gå på Vardahaug støl, og toppen bak (1336) i staden. Då heldt eg fram aleine. Etter kvart fint skiføre, og kjekt å gå. Jamn lett stigning innover. Sjølve nedkøyringa frå toppen vart litt antiklimaks. Det var såpass sug, at farten vart låg. På retur valde eg å gå litt lenger på føtene. Følgde >>>

Karte    

Klantenovi

Datum:
01.05.2019
Tourlänge:
2:12h
Entfernung:
17,9km

Joggetur på Kongevegar i Lærdal. Starta i Koret, og byrja med Seltunåsen. Så Øygardsvegen, og forbi Husum hotell. Vindhellavegen, via postkassa på Klanten, toppen Klantenovi, postkassa ved Sverrestien, og Sverrestien nedatt til Rimskiold. Forbi Husum hotell att, Øygardsvegen på nytt, og så Galdane-vegen til Seltun bru og oppatt til Koret. Ca. 18 km i kuppert terreng, og klokka viste så mykje som 620 høgdemeter. Må ta meg tid å ta fleire bilete av den vakre traseen ei anna gong. Brukte Peakbook-appen frå toppen og til slutten av rundturen (retur-trase).

Karte