Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Vetanosi frå Fodnes

Datum:
27.12.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,7km

Tur til Vetanosi i dag, på stien som Bjørghild presist har namnsett «Vetanosi rett opp». Ein tek av frå stien Fodnes - Fagerset ved ca. 780 moh. Jamnt bratt til 900, og så blir det 50 høgdemeter med enno brattare opp Vetabakkane. Utsikta ved sistnemnde, godt ute av skogen, er formidabel og bør opplevast. Denne tida er det ikkje alltid farbart opp her, då snø og is kan gjere det uframkommeleg/utrygt. No var det kun eit par cm. snø på det brattaste, og den var fast og fin. Grafsa fingrane i lyngen for «firehjulstrekk» nokon stader. Tok på snøkjetting på retur. Det var behov for det, for effektiv og trygg retur, spesielt frå ca. 1050 moh. Når det flata ut oppå, vart det meir baksing i snø. Unngikk noko av det, ved å gå utanom sti, og følgde høgde-draga bort mot topp-punktet. >>>

Karte    

Amla - Søre Gråbrørne

Datum:
20.12.2025
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
11,2km

Snøen har smelta. Rekna med at denne turen, 40 min heimafrå medrekna ferja, skulle vera bar i dag. Det var den, kun 100 meter med litt is, ved eit vatn like under toppen. Fyrste gong eg går til toppen på austleg rute mot fjorden. Eit flott utsiktspunkt på vegen, 10 meter avstikkar frå stien. Fin tur, men ein må følgje litt med, då ruta vekslar mellom skogsveg og sti. Flott utsikt inn Lustrafjorden, like under toppen, på den ruta eg gikk i dag.

Karte    

Klantenov 17/25

Datum:
18.12.2025
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
3,9km

Mi normalrute i dag. Ja, sett bort frå at eg måtte gå utanom ein del utanom trefalla, etter vindsystemet "Amy" si herjing i haust. Heilt bart no, etter att all snø og is har smelta bort att.

Karte    

Amleholten 10/25 og Søre Gråbrørne

Datum:
06.12.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
12,5km

Plan var Amleholten, men ein liten opsjon på ein topp til, om forma var på plass. Tok raskaste ruta mot Amleholten i dag. Opphald, turr sti, og fint å gå opp. Obligatorisk bilde mot Bleia. Småsprang nedatt. Forma sa ja til meir tur. Då vart det på god skogsveg i raskt gå-tempo inn mot dalen Svartahol. Derifrå på sti opp til Søre Gråbrørne. Greitt å gå, med berre litt gamal snø/is øvst i stien, og ikkje glatt. Retur same veg. Kjekt å få til ein slik tur så seint på året, og nesten snøfritt på 700 m.o.h.

Karte