Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (381)
-
Skitour (116)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (73)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Fjellstjørnryggen
- Datum:
- 23.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,3km
Tur 6 og siste på dag to i Hyllestad. Denne turen var eg litt spent på etter sprake-infernoet til Katlenova i går. Det viste seg at her var det sti, og som eg minnest at Line hadde omtala for ei kort tid tilbake. Men at den var mykje attgrodd. Konsentrerte meg difor grundig i overgangar, for å ikkje misse stien. Lett å halde den for det meste med nokre unntak. Når ein kjem til den bratte fjellryggen, må ein gå til tilbake før ein klyv oppå. Eg fann eit fint opptak. Ser av spor at nokre har gått brattare skårer. Fint oppover ryggen fram til masta. Vidare litt kraftigare skrake-skog (sprake er einer). Artig sak denne toppen, og det gikk mykje betre enn frykta.
Sørbøheia
- Datum:
- 23.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,8km
Parkerte fyrst ved landhandel og gikk opp forbi sjukheimen. Inn i granfelt. Rotete og bratt område, fann ikkje sti og snudde. Her hadde eg vore for kjapp i føre-arbeidet. Men hugsa eit spor, så det ha godt folk her i nyare tid. Køyrte så ut litt lenger utover, og parkerte på ei lomme og følgde merka sti til topps. Fin sti her, og greitt å gå. Granfeltet var veldig bratt, men det var ei brei og god hylle å gå på. Nokre steinete opptak, men sti heile vegen. Kom opp til ei myr litt før toppen, men skimta trakka, og kom greitt over. Varde på toppen, men dårlegare utsikt i dag sidan det var yr i lufta.
Kvimsen
- Datum:
- 23.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:01h
- Entfernung:
- 3,8km
Dag 2 i Hyllestad, og overskya ver med noko ismett av yr. Køyrde opp til noko som likna ein parkeringsplass, like før det går ein bratt bakke opp til vassverket. Fin sti i for det meste lauvskog. Kommunikasjons-mast på toppen. Sporet krasja i appen. Har lagt ved frå Polar-klokka.
Torgeirsletta
- Datum:
- 22.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,7km
Parkerte ved kyrkja på Øn. Her var det skilta rute på oppsida av vegen til m.a. Torgeirsletta. Fin sti, med eit bratt granfelt, før lauvskog og snillare sti etter kvart. Tregrensa ved om lag 310 moh. Om lag 200 meter før toppen var det eit stikryss. Denne turen kunne eg ha gjort kortare ved å køyrt inn eit dalføre mot Indre Sundbotn. Retur på denne ruta gav nok ein betre opplevesle med utsikt mot Lihesten, Åfjorden, til havet med meir. Då eg tok til på denne turen var plan å halde fram utanom sti til Høgeheia. Men eg gløymde nista i bilen, og var i ferd med å gå tom for energi like før toppen. Høgeheia lyt eg gå til frå Indre Sundbotn ei anna gong.
Katlenova
- Datum:
- 22.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,5km
Bilen vart plassert på ein grei stad 50 meter før eg gikk inn i terrenget. Like før svingen, inn på ei markert flat stein-blokk. Dette vart tur heilt utan sti. Bratt og tett. Spennande var det, å prøve å finne ei god rute. Til sist ved toppen var det eit sprake-villniss av høgaste generasjon. Nedatt vart det vanskeleg å treffe samme ruta. Ruta opp var best. Mitt fyrste og siste besøk hit. Men utsikta til Lihesten var fin.
Kolgrovheia
- Datum:
- 22.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,9km
Dette skulle bli den fyrste av i alt 6 turar i Hyllestad over to dagar. Parkerte mot Kolgrov, 200 meter frå hovudvegen. Skogsvegen var under utviding, og noko gjørmete på fyrste del. Vidare fin grøn skogsveg til stien tok til inn i terrenget. Tydeleg sti, og godt merka der det var steingrunn. Ein del sva-parti, på ruta, særleg i øvre del. Terrenget vart brattare då eg nærma meg toppen. Turen var variert og fin, med flott utsikt.
Fresvikåsen
- Datum:
- 20.04.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,4km
Endeleg til Fresvik. Einaste staden eg ikkje har vore i området i regionen. Eg viste at det var flott og kontrastfyllt. Snille området oppe på Åsen, og fantastiske utsikt til vakre fjell, styrtningar, og ein langstragt fjord. Difor ein del bilder i dag, med kamera og ikkje mobil. Litt blautt i starten, men fin sti til toppen Fresvikåsen og vidare til Middagshaugen. No vart det eit parti på nokre hundre meter med djup snø, mest godt opp til leggen, og eit par gonger til knes. Innimellom var det litt snø og is til ein kom under 600 høgdemeter. Kom ned til Holten med hytta. Her kjem stien frå sentrum opp. Gikk vidare og no ein knapp km på skogsveg, før stigninga mot Mulakamben. Fin sti, og eg måtte opp til det stilause toppunktet (sjølvsagt sidan ein samlar toppar 100 pmf. +). Litt >>>
Storehaugen
- Datum:
- 21.03.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,8km
Tur frå dørstokken heima. Det var litt is innimellom etter Vetlehaugen. Øvst i skaret, der det mangla kjetting/tau, valde eg å gå ned att, og ta den gamle ruta rundt haugen. Burde ha teke med snow-chain. Nokre etter meg gikk rett opp skaret. Såg litt på ei rute nord for, som kanskje skal sjekkast nærare ei anna gong.
Rossvikheia
- Datum:
- 07.03.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:12h
- Entfernung:
- 4,0km
Dagen fjerde tur til raud topp. Og dette var den finaste turen, slik eg opplevde det samla. Gikk i gjennom ein idyllisk skog med utruleg skarpe grønfargar like etter start. Veldig fint oppå fjellet når ein kom ut av skogen. Fin utsikt til nærområde med gardar, og større markerte fjell lenger unna, som t.d. Lihesten. Fin topografi. Stor varde og opplysningsskilt ved fyrste toppen. Gikk ut til den ytterste toppen, sidan det er den som har raud nål. Begge er opplyst til 301 moh.
Sågneskollen
- Datum:
- 07.03.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:39h
- Entfernung:
- 4,9km
Tur tre i Hyllestad i dag, og dette var skikkeleg topp med utsikt. Merka med raudt på stein og brikker på tre. Veldig blautt og mjuk leirgrunn etter grinda. Måtte gå litt utanfor, og passe på å setje føtene på større steinar. Det var eit par stader midtvegs der stien var litt vanskeleg å sjå. Så følg med. Skikkeleg bratt siste stykket opp mot toppen. Svært flott utsikt, sjølv om det ikkje var strålande sol i dag. Dette må vere ein fin topp i skikkeleg godver.
