Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (381)
-
Skitour (116)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (73)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Bøheia
- Datum:
- 07.03.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:03h
- Entfernung:
- 4,1km
God sti, skilta og merka rute. Byrja på grusveg, så skogsveg, og sti vidare til topps. Svært blautt i stien. Skodde, og ingen utsikt så tidleg på dagen etter regn dagen før. God trim og dagens andre raude nål i Hyllestad.
Klettheia
- Datum:
- 07.03.2026
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 0:25h
- Entfernung:
- 0,6km
Tjaa. Kva skal ein formidle her. Kjapp tur rett opp i buskaset. Ingen sti, så det var berre å gjere som hjorten. Ingen ustikt, men raud nål !
Slutenosi
- Datum:
- 28.02.2026
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 3:06h
- Entfernung:
- 11,1km
Min andre tur til dette målet i februar. Fin rute og flott landskap. Føret var litt spesielt. Snøvolumet er knusk-turt, men med litt papp-skare øvst. Ein søkk 20 cm ned der det ikkje er spor, og stavar går halvmeteren i gjennom, og utan å få tak. Godt då, at det var spor oppover, og litt inn i dalen. Men etter kvart måtte eg brøyte meg opp og inn Vesle Frostdalen. Inne i dalen, like under toppen, hadde det gått 4 sjølvutløyste små ras. Heilt klart stor skredfare i dag. Men ikkje ruta eg gikk. Heldt meg til trygge val og ikkje over 25 grader bratt i dag. Kraftige drønn høyrdest fleire gonger, og med sprekk i snøen som følge. Dette var på stader der det var relativt flatt. I stgninga frå fjellfoten og opp, var det litt fastare, og ikkje så strevsamt å gå. Ja sjølv om >>>
Gravdalsholten
- Datum:
- 24.02.2026
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 3,4km
Liten kjapp topptur i samband med transport-ærend i Førde. Det blei ganske mykje baksing i blaut snø. Men eg fann sti på det meste av turen. Det gjorde turen ganske grei likevel.
Slutenosi
- Datum:
- 18.02.2026
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 2:52h
- Entfernung:
- 11,0km
Avspasseringsdag, sidan det var mogeleg, og brukbare vermeldingar. Halvskya, men lette snøbyger også når eg kom opp på Filefjell. To vaksne karar med fuglehundar gikk inn Frostdalen på fjellski. Eg valde rando-utstyr og Vesle Frostdalen i dag. Lite snø nedst, og ein må halde bort mot elva og i skogen for å unngå stein. Bra med snø inn i dalen. Ja sopass med laus nysnø, at det vart merkbar brøyting innover. Heldt høgdene og prøvde å finne ei rute med jamn stigning så godt eg kunne. Greitt å unngå for mykje motbakkar på Rando nedatt. Fint og kjekt å gå innover, sjølv om det no var lite sikt då det snøa lett. Stigninga mot toppen var grei, sjølv om eg kom nær "luretoppen" som stikk så tydeleg opp. Runda tilbake, og såg då at sjølvsagt, slik eg tenkte litt >>>
Amlaholten og Søre Gråbrørne
- Datum:
- 15.02.2026
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,6km
Ei god treningsøkt på Kaupanger i dag. Fyrst Amlaholten, ein mykje besøkt topp. Forlenga i dag med Søre Gråbrørne. Fjerde besøk dit, og eg har nytta ein variasjon av ruta kvar gong. Skogsveg og sti heile vegen på desse turane. Det er nok ganske skjeldant at ein kan gå Søre Gråbrørne denne årstida med så lite snø. Maks 5 - 7 cm frå om lag 500 moh.
Klantenovi 1/26
- Datum:
- 07.02.2026
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 3,0km
Årets fyrst tur til den toppen som eg besøke hyppigast. Fint turområde for fottur heile året. Veldig greitt om vinteren når toppane er mindre oppnåeleg frå heimstaden. Sander var med i dag, og me gikk ned til Ut-sjekkpunktet Smihedleren, og den flotte utsikta over Vindhella-svingane.
Gran Canaria
- Datum:
- 28.01.2026
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:01h
- Entfernung:
- 4,0km
Ferieveke på Gran Canaria i bungalow i Maspalomas i sør. Onsdag blei det utflukt. Køyrde motorveg mot Las Palmas, og over på nordsida av øya. Fasinerande med store havbølgjer som skylla inn. Eitt kvitt innferno fleire km. Målet var m.a. katedralen i Arucas. Flott bygg, og bygge- tida var 1909 -1977. Besøkte toppen Montana de Almargo like bak eit Hypermarked nordvest på øya. Fin enkel tur på sti. Følgde fyrst ein veg forbi ein gard, og litt opp på grusveg, før eg fann ein sti. Det var også eit par kvite piler fyrst på stien. Lett å finne fram. Flott utsikt mot havet, fjella, og byen Galdar. Etterpå følgde vi fyrst veg GC 220 og ein fantastisk tur over fjellet rett sør. Vi var oppe i om lag 1500 moh.
Frostdalen - Skjeltrene
- Datum:
- 17.01.2026
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 12,2km
Rando med mykje flatt, men også fin køyring. Planla Skjeltrene, men gikk ut litt høgt i terrengen for å sjekke ut Vetle Frostdalen. Går nok greitt å gå inn der no. Men denne ruta gav meg noko kuppert terreng, tett bjørkeskog og djupsnø. Fasinerande, men det gikk smått. Etter kvart tangerte eg skispor litt nedanfor. Greitt. Inn Frostdalen, over vatnet, og opp sida. Greitt å gå opp her, då underlaget var hardare, og 10 cm nysnø oppå. Tungt etter kvart, då det kun var ein banan i sekken i dag. Fantastisk utsikt frå toppen. Morro køyring ned. Måtte svippe innom Sjekk-Ut på Frostdalen. På med fellene på vatnet, og beheldt dei på heilt nedatt. Litt problem med tett bjørkeskog, men kom da greitt ned. Ikkje bratt. Godt sleten då eg var tilbake att ved Sluten. Minus 14 no. Fin >>>
Amlaholten 1/26
- Datum:
- 11.01.2026
- Entfernung:
- 5,0km
Sidan turen i går vart amputert, plukka eg ut eit trygt turmål i Kaupanger-området. Tok den lengste ruta i dag. Ikkje glatt, og det bratte partiet mot toppen, gikk greitt utan kjetting. GPS-sporet følgde meg nedatt til Mannheller, men er korrigert for.
