Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Nedanfor Tyinkrysset

Datum:
26.12.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
6,3km

Randonee-tur med Yngve. For han var målet morsom skogskøyring. For meg, håp om ein topp. Vi fann ein skogsveg med spor. Dette gjorde turen opp i terrenget lettare enn kva vi hadde forventa. Då vi kom ut av skogen, vurderte vi litt ein flanke av Finndalshorn. Men då vi kom inntil, var det noko laust, og verka tungt å gå opp. Vi gikk difor inn dalen, og rundt for lettare oppstigning. Oppå fjellet var vinden sterk, og det tjukna til. Finndalshorn var ikkje å sjå. Vurderte å snu, men Yngve hadde svært lyst å sjekke ut flanken. Det var ei kort etappe så vi gikk over. Av med feller, og så køyrde vi litt ned for å sjekke forholda. Det viste seg at snøen var hard i toppen her, og flakete. Vi høyrde drønn, og det laga seg lange sprekkar. Då vart valet plutseleg enkelt. SNU. Sjølv >>>

Klantenovi 12

Datum:
14.12.2022
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
3,9km

Målet om ein tur til Klantenovi kvar måned i 2022 nådd. Eg går ulike ruter her innimellom. No blei det litt systematikk. Ved å gå opp til topp-punktet, ein gong kvar månad, sikra eg meg 1440 ekstra meter primerfaktor. Avstikkaren frå stien over Klanten er 200 meter bort til topp-punktet. Overkommeleg �.Mobil utan dekning i dag. Ikkje gps-spor, sidan eg sletta PB-app i forsøk på å få den i drift. Den fann ikkje posisjon og kart.

Årdalsåsen og tårnet

Datum:
11.12.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
15,7km

By og skogstur i Porsgrunn. Frå byggefeltet Stridskleiv, og raskaste veg til stistart, 4,75 km. Så bar det inn på merka tursti. Nokre is-kjøver innimellom, men kunne unngåast. Snøkjetting i sekken. Tok med ein liten grøn opp på retur. Nesten tilbake til utgangspunktet, tok eg ein runde, og gikk oppom vanntårnet. Då blei det to raude og ein grøn i fint desemberlys. Ca minus 10 i dag.

Karte    

Vedabakknosi

Datum:
04.12.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
8,9km

Vurderte 100 pmf. topp i rimeleg køyretid frå Lærdal. Og ikke før høgt, sidan snøen har trekt lenger nedover. Enno er det ikkje skiføre til toppturar i område vårt. Køyrde til Årdal, opp Seimsdalen, og parkerte på opparbeida plass under toppen Horgi. Rundt om her er fleire merka turstiar. Horgi rundt, Bøttejuv, med fleire. Eg skulle gå stien skilta mot Slettedalen. Måtte følge godt med for å halde stien, sidan det var 3 - 7 cm snø. Raude tre-klossar hengt opp i trea, viste veg oppover. Måtte vera litt varsam, då det var ein del kjøver. Hadde snø-kjetting, og dei nytta eg på returen. Fekk sol då eg kom ut av skogen, vel 900 moh. Nokre skuggeparti, og mest på retur. Burde ha starta ein time tidlegare, for heilt optimale forhold på denne ruta. Det er få timar med sol >>>

Karte