Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Fuglehaugnøse

Datum:
29.10.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,4km

Tur nr. tre i dag. Dette vart den lengste i dag, den brattaste, og mest vindfulle. Starta ved parkeringa, der ein trasee av Kongevegen byrja. Traktorveg opp til stølen Fuglehaugen. Var litt i tvil om eg skulle følgje stipla sti, eller gå rett på. Såg litt på kvotane, og bestemte meg for å gå ganske rett opp, men unngå berga. Det var bratt og strevsamt å gå slik utan sti, men også ganske greitt. Det var ikkje så alt for mange høgtemeter. Siste halve km når det flata ut, var det særdeles kraftig vind. Egentleg berre moro, når ein er godt kledd. Sjangla bort mot topp-punktet. Fekk sikra vottane under ein stor stein, og tok bilder og ein video. Svært fin utsikt herifrå. Så sikta eg meg rett på Galdenøse, grøn topp, før eg returnerte i område der det skulle vere sti. Det >>>

Karte    

Hallenuten

Datum:
29.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
1,8km

Topp nr. to i dag, var av det lette slaget. Bompeng kr 50 på kort tilførselveg rundt toppen. Merka sti, og lett opp. Svært god utsikt ned til gardane nedanfor i retning mot Tuv.

Karte    

Røgjin

Datum:
29.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
3,9km

I dag blei det topp-turar i Hemsedal. Tre toppar frå tre turar denne gongen. Køyrde Holdeskardvegen frå skianlegget i Hemsedal. Turen til Røgjin var på tydeleg sti merka etter DNT-standard. Fint å gå i jamn stigning. Noko vind i dag, og på toppen måtte eg setje sjøbein, for å ikkje blåse "i venda". Det var meldt opp til 24 i kasta, så eg var førebudd. Men det meste av ruta var i ly for vinden, sett bort frå siste par hundre meter mot toppen. Fin utsikt til Hemsedal sentrum og skianlegga. Flott skue mot snøkledde Reinskarvet. Fekk oversikt over andre 100 pmf. toppar rundt om. Det blir nok fleire turar til området her.

Karte    

Amlaholten

Datum:
23.10.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
4,9km

Lett tur i nabobygda med Marita. Lett regn i dag, men fint å gå tur i skogen. På skogsveg i moderat stigning opp i terrenget. Over på sti, og bratt siste del opp til toppen. Ser Bleia og ut fjorden, men tett skogskledd også på toppen. Fin sti vidare nedatt. Ruta er ein finfin rundtur.

Karte    

Mastrehaugfjellet og Brennfjellet.

Datum:
22.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
8,3km

Lågfjellstur i nabokommunen i dag. Personleg definisjon frå ein indresogning :) Har fleire gonger tenkt på denne turen til fjord-utsikt med utgangspunkt frå Seimsåsen. Her var det fleire merka fottur-ruter frå åsen. Gikk i retning Biskaholten. Følgde sti litt forbi, og sikta meg inn på fjellet med raud nål og 100 pmf. Greitt terreng hit. Så var det framleis utanom sti til eg kom innatt på merka sti mot grillhytta og utsikta ved Brennfjellet. Nydeleg utsikt herifrå, særleg mot Vikadalen og ut fjorden. Gikk ikkje heilt ut til Paradisjuvet i dag. På returen var eg oppom grøn nål, Brennfjellet, og så sti på returen. Ein liten snarveg på slutten. Fin tur i lett terreng.

Karte    

Skinarfjellet og Solvornnipa frå Barsnes

Datum:
15.10.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
17,3km

Held fram med nokre toppar i Sogndal. Køyrde til Barsnes, med von om å kunne parkere ved sti-start. Møtte forbud-skilt ved Barsnes. Køyrde tilbake ca. 400 m, og parkere ved sjøen like før Barnses-bakken. Turen vart slik i alt 4,2 km lenger enn planlagt. Med lite mat vart det tøft siste motbakken. Rusla innover og følgde sti som er merka S1. Denne etappa går frå Sogndal til Solvorn. Det var svært blautt til å byrje med. Gikk vesentleg i ei grov. Etter kvart betre. Fint ved stølen Dal 400 moh. Då eg nærma meg, og såg bort til Helgasete (600 moh.), bestemte eg meg for å gå utanom, stien og gå direkte til toppen av Skinarfjellet. Det var sjølvsagt anstrengande i bratta oppover, men noko eg ikkje angra på. Ei avveksling, og ei fin rute samla sett. Siste 50 høgdemetarane i nysnø. >>>

Karte    

Klantenovi 10

Datum:
09.10.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
5,4km

Oktober-turen til Klantenovi. Denne gong ei litt lengre rute. Marita var med, og vi kosa oss på tur i natur med vakre haustfargar. Ruta frå posten ved Sverrestien, vidare forbi garden Tråve, og til kyrkjene, er veldig fin no. Kyrkjevegen oppatt mot Vindhellavegen. Tur og ruter i området her, i relativt lett terreng, kan varierast etter, form, lyst og humør.

Karte    

Slakkafjellet

Datum:
08.10.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,8km

Snøen kryp nedover. Difor på leit etter lægre topp, enn kva vi finn heime. Valet fall på tur til Sogndal og Slakkafjellet. Grei tur, men eg bomma litt med tanke på veret. Sola kom fram siste kvarteret på tur nedatt. Det var svært blaut i terrenget. Noko av ruta gikk på brei solid skogsveg, men mest på sti. Det blæs på toppen, svak sikt, og kjapp stopp der. Ei raud nål til i beltet og god trim blei det. Har korrigert avstand etter Polar-klokka. Eg gløymde å søkje opp posisjon ved start av Peakbook-appen. Då blir det fly-stripe.

Karte    

Kamben

Datum:
02.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
1,9km

På Moakamben er det dagsturhytte. Sidan vi har plukka med oss slike på turar rundt om i fylket, måtte vi sjølvsagt også besøke nabokommunen Årdal. Ja dette vart nr. 25, og kun Eikjabu i Luster, står att. Moakamben er også ein 100 pmf. topp. Så då vart det ei raud nål på Årdal-lista også. Må besøkte fleire toppar i Årdal dei kommande åra.

Karte