Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Amlaholten

Datum:
29.09.2024
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,1km

Snøgrensa har komme på besøk til om lag 1000 moh. Då lyt ein besøkte toppar i «låg-landet». Fin runde om Amleholten. Og sikt til vakre Drøfte-fjell under Bleia.

Karte    

Klantenovi 10/24

Datum:
28.09.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,0km

Ein månadleg tur til Klantenovi høyrer til.

Karte    

Valdresflya-Bygdin med toppar

Datum:
22.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
14,5km

Køyrde opp på Valdresflya, etter å ha overnatta litt før Båtskardet. Plan var å gå over toppar og avslutte turen ved Bygdin. Marita som sjåfør. Følgde varda rute over nesten flatt landskap med steppe, myr og stein til fjellfoten. Kurs-endring 90 grader, og eg gikk så rett opp ryggen mot Øystre Fagerdalshøe. Jamnt bratt, og litt brattare med skrentar like under toppen. Vidare var det å følgje frå topp til topp bortetter. Flott utsikt mot vatn og stortoppar under vegs. Like etter Heimre Fagerdalshøe small det i hagelskot, ikkje langt unna. Kom så to unge jægrar med skytevåpen beredt, like under meg. Etterpå ein noko vaksnare kar med fuglehund. Litt overraska over val av jakt-terreng. Dette er ein fjellrygg, og her går det ein del fot-turistar. Mange som går til Synshorn >>>

Karte    

Sendehornet i Vang

Datum:
21.09.2024
Entfernung:
12,6km

Ny tur frå Olefjorden. Følgde sti på sørsida av "fjorden" ein god km innover. Så rett opp mot Sendenøsene. Litt bratt eit par plassar. Fint lett terreng oppå fjellet her, og så ned i retning Sendehorna. Aldeles nydeleg utsikt mot "horna". Fyrst opp på Vesle Sendehorn. Mindre bratt enn kva det såg ut til. Ved toppen traff eg på eit par med hund som var frå Beito. Kjekke folk, Målfrid og mannen. Nede ved skaret mellom toppane, måtte ein litt nedover, for å entre ryggen på Store Sendehornet. Her var det stort sett ei rute. Nokre trakk viste veg. Bratt opp i starten, og lettare etter kvart. Ei fantastisk utsikt frå denne toppen. Etter litt prat med Beito-paret, som hang på oppover, fotograferte eg litt, før retur. Litt anna rute tilbake, og den var svært >>>

Karte    

Marabotthornet og Svarteknippa i Vang

Datum:
20.09.2024
Entfernung:
13,5km

Fredag vart avspasseringsdag, og ei lita langhelg i finværet. Køyrde i bubilen over Slettefjellvegen, og opp til Olefjorden. Det står Olø på skilta stadnamn der oppe. Nydeleg landskap. Det regulerte vatnet, var fullt. Gikk til Marabotthornet fyrst. Ikkje merkt eller skilta dit, men stipla sti på kartet. Fann stien, som nok er mykje brukt. Følgde den til stikryss frå Bygdin. No var eg inne på DNT-ruta til Yksendalsbu. Toppen låg 200 meter frå stien. Ei formidabel utsikt til vatn og stortoppane i Sør-Jotunhheimen. Retur same veg ned til stikryss. Skulle no rett opp flanken til Svarteknippa. Prøvde rett fram, men myr. Gikk mot Bygdin på sti like forbi eit lite smalt vatn. Greitt til topps herifrå. Men 450 høgdemeter der mykje er i lyng merkast. Flott utsikt frå toppen. Ruta nedatt >>>

Karte    

Drylleberget, Dryllenøse og Hundeknappen

Datum:
14.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
24,9km

Nydeleg ver, og ein fin haust-tur. Men i dag hadde eg tekniske utfordringar. 100 meter før Dryllenøse gikk mobilen i svart. Difor også få bilder. Restarta mobilen fleire gonger, men svart blei det. I ettertid viste det seg at alt lys var av, og mørk-modus vart aktivert. Sidan eg er vand med å gå på Peakbook-spor, blei eg litt smånervøs. Men eg sette på Garmin GPS, som var med som back-up. Den trøbla eg også med på spor-fokus. Men, eg hadde lese meg godt opp på ruta, og toppane kjende eg godt under vegs. Egentleg ikkje noko problem, anna enn nokre få ikkje optimale ruteval. Opp til Hundeknappen frå baksida tok eg opp eit greitt drag, men ser at andre har gått litt lenger inn. Så der rauk eg på ca. ein km. Kunne og ha teke litt meir direkte nedatt frå Hundeknappen, slik at >>>

Karte    

Hodndalen

Datum:
08.09.2024
Entfernung:
6,3km

Tur utan topp i dag. Siste post på Stølstrimmen i Lærdal 23/24. Hadde tankar om Nordnosi, men veret tjukna til, og lysta var der ikkje heilt i dag. Hovedmålet vart nådd.

Karte    

Austre og Midtre Holåtindane

Datum:
06.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
18,6km

Høgtoppane i Breheimen har vore omtenkt i mange år. Som skitur hadde nok vore fantastisk, men då skal mykje klaffe. No vart mine to fyrste 2000 toppar i Breheimen nådd til fots frå Middalen. Køyrde inn vegen til DNT-hytta Nørdstedalseter. Vegen opp og naturen under vegs var ei oppleving i seg sjølv. Like før DNT-hytta svinga eg til venstre på ny grusveg inn Middalen. Her var vegen ujamn, men det gikk bra. Heile 7.4 km var denne etappa, til der eg parkerte litt før ein tipp. Her følgde eg varda rute mot Trulsbu til eit vatn, og så prøvde eg å finne ei grei rute opp mellom toppane. Til Austre heldt eg godt ut nord. Ikkje vanskeleg å bestige denne, men ein blir andpusten. Det som imponerte mest på turen var den enorme brea nedanfor toppane. Men ein ser her at den minkar kraftig. >>>

Karte