Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Ski Filefjell #2

Datum:
11.01.2025
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
13,9km

Langrennstur på kalde Filefjell denne helga og. Temp var nede i minus 22, så det var godt å ha maske framfor ansiktet. Passe med kled, og fin tur i greie skiløyper. Eg var litt for seint ute til å få solstrålar.

Karte    

Ski Filefjell

Datum:
01.01.2025
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
13,9km

Då blir det unntak i år, frå prinsippet eg har halde meg til her. At berre turar som gir grøn eller raud topp skal registrerast på Peakbook. Tek med andre turar i naturen innimellom. Ikkje alt, og t.d. ikkje bordtennis-trening ;) I dag blei det min fyrste skitur denne sesongen. Lite snø, og eit bittelite uhell i starten. I det eg skulle over ei lita grov med noko is på ved Kyrkjesølen, pluppa eg uti med eine skia. Kan seie at isinga var omfattande, og gliden dårleg fyrst halvtimen. Fekk av ein del is etter to forsøk. Gliden kom seg gradvis. Fin-fin skitur i klårt vèr. Ved runding Otrøvatn, fekk Suletinden ein fin glød av sola, som fekk hjelp av ei lita godvèr-sky. For tidleg med Randonè eller fjellski enno. Det viste -20 ute då turen var ferdig litt før kl. 16.

Karte    

Filefjell

Datum:
05.03.2023
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
14,1km

Av turane mine registrert på Peakbook er minst 90 % topp-tur. I utgangspunktet er det berre topptur som blir lagt inn her. Så er den nokre få unntak. Avbrutt topp sjølvsagt. Slik sett er aktivitetsnivået ca. dobbelt av det som ligg inne her, når det gjeld høgd- og lengdemeter. Turen her blei logga for å samanlikne appane si registrering i avstand og høgde. Denne gongen var avstand nesten identisk. På høgdemeter la Peakbook seg nesten 40 % høgare enn Polar. Peakbook er nok litt for høg, og Polar litt for låg denne gongen. Må gjere ein logg med Garmin håndholdt. Den er mest presis.

Karte    

Suletinden med far

Datum:
01.04.1972
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
7:00h
Entfernung:
22,0km
Karte