Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Sjønosi og Grånosi

Datum:
28.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,3km

Ettermiddagstur etter jobb. Fin sti bratt opp til stølen Glep. Det er merka sti også vidare innover fjellet, til utsiktspunktet "Sjønosi". Denne ruta innover er nydeleg å gå begge vegar. Utsikta frå varden er svært fin. Ein får utsikt til Sognefjorden, og ser innløpet til Lusterfjorden, Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden samstundes. Det var litt kald vind i dag, så ingen omfattande fotografering. Litt mørkt også. Etter besøket på dette turmålet, sikta eg meg inn på toppen Grånosi. Ikkje meir enn 70 i pmf. men topp er topp, når ein fyrst er i nærleiken. Fin utsikt herifrå. Det var låg sol mot Bleia i dag, så den utsikta var vanskeleg å dokumentere. Fann ei fin fri-rute ned frå toppen i retning mot sporet opp. Skikkeleg god ettermiddags-trim :)

Karte    

Storehaugen og utsikten.

Datum:
26.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,7km

Motbakke-trening i nærområdet. Denne ruta nytta eg regelmessig for nokre år tilbake, og i ein 10-årsperiode førut. Då som motbakketrening, i tida eg deltok litt i mosjonsløp i motbakker og på sykkel. No blir det meir fjell- og toppturar, og i litt lægre tempo. Gikk ned til flaggstanga ved varden. Den ligg eit par hundre meter vest frå toppen av Storhaugen. Der er nydeleg utsikt ut fjorden. Og ein får fugleperspektiv på Lærdalsøyri, nesten 900 meter rett ned. I dag brukte eg 1:15 i greitt treningstempo. Manglar 15 % på kondisen. Det lyt trenast jamt i motbakke-løyper skal ein halde oppe tempoet. Det var no godt å presse seg litt, etter gamalt. Merkar framleis til fotskaden, som nok har redusert kapasiteten noko i sommar. Flotte haustfargar, og fin temperatur å trene i.

Karte    

Litlehesten og den høgaste vetle

Datum:
19.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,2km

Målet i dag var dagsturhytta Skaraly på ruta mot Kvamshesten (Storehesten). På vegen fekk vi råd om å gå ut på Litlehesten. Til Storehesten har eg vore tre gonger og Marita 10 gonger. Etter fleire turar denne helga, var ikkje topptur planlagt. Vekas mål var fem dagsturhytter, og målet nådd. Det er ein fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane på, og som rekognosering til turar og kulturelle opplevingar. Men det kribla, og topptur vart det. Landskapet her blir innan geologien definert som "devonisk sandsteiner og konglomerater". Det er skapt ved noko av dei mest dramatiske tektoniske prosessane i vår geologiske historie. At det er spesielt, opplever ein når ein går her blandt runde sva med myrar i mellom. Kuppert, fasinerande både på nært hald og på avstand. På >>>

Karte    

Bygdefjellet

Datum:
18.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,5km

Tur til Dagsturhytta i Fjaler kommune. Fint å gå oppover mot varden. Fint å sjå over mot Atløyna og Askvoll. Og lenger Aust Blægja og Kvamshesten. Fantastisk utsikt frå toppen og ut mot havet. Så litt vidare å gå ned til hytta Vidsyn. På retur opp mot Varden tok vi litt under den, kom inn på sti, og rusla nedover. Vi prata litt og kosa oss. Etter kvart fekk eg ein følelse av at heia var litt lengre enn på turen opp. Då vi såg nedover i terrenget om lag ved ein benk, forstod vi at her gikk vi IKKJE opp. Litt flaut, då eg rekna meg erfaren i fjell og terreng. Vi kom ned ved Skår på Folkestad. Men vi fekk da variasjon, og eg ein joggetur på 4 km tilbake til parkeringsplassen ved Furset. Korrigerte avstand på sporet, då appen vart starta undervegs.

Karte    

Bergsheia

Datum:
18.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,7km

Når ein kjem køyrande ned til Hyllestad sentrum, blir ein møtt av fjellveggen Lihesten. Alltid imponerande. Sentrum elles er intimt, pent, og med sentrale funksjonar samla. Flott kyrkje med fine murar på nedsida. Før fjellturen vandra vi i Kvernstein-parken. Nydeleg vakkert, og god kultur-formidling. Vidare gikk turen til Akse, og dagsturhytta Sørefjordhytta. Eg tok ein tur vidare til Hesjetinden og over fjellet til varden på Bergsfjellet. Flott utsikt til Lihesten og havet m.m. Store gode blåbær ut over heia. Sporet stoppa då telefonen tømde ut batteriet. Avstand er korrigert vha. Polar-klokka.

Karte    

Møsaryggene og Skølten ved Tyin

Datum:
12.09.2021
Entfernung:
8,6km

Etter ei helg med velkomment regn, letta det opp søndag. Då låg det til rette for ein lett tur i Høgfjellet. Vang-lista med 100 pf. har eg vel eigentleg byrja på no. Den har litt volum. Veldig fine fargar og fint terreng over grusvegen innover mellom Tyin og Tyinholmen. Fann ei grei rute. Etter få hundre meter inn på småstiar og dyre-trakk. Det er lettast å gå i slikt terreng om ein finn små ryggar og dalføre. Flankar er meir vriene, og kuppert. Så må ein gå litt slalom utanom myrar og vier. Sola kika fram no og då. Ein knapp time til fyrste småtoppen med trig. punkt. Så 6 min over til topp-punktet på Møsaryggene. Fin utsikt ned mot Steinbusjøen. Så vidare mot markerte Skølten. Visuelt ein skikkeleg topp. Bratt opp egga. Ca. 35 min hit. Nydeleg utsikt til tindane mot >>>

Karte    

Geite

Datum:
04.09.2021
Entfernung:
7,9km

Sist helg var det Styggehøe og helg på Spiterstulen med bubil. Denne helga gikk vi for ein kjappare versjon. Dagstur til Leirdalen med turmål Geite. Transport med Polestar 2 frå Lærdal, over Tindevegen og Sognefjellet. Vi var litt spent på korleis det skulle gå med kryssing av elvar. Vi valde å starte ruta ca 2 km nord for Leirvassbu, og gikk slik korteste ruta. Hovudelva gikk greitt med vading. Vi passerte så Tverrbyttbekken sine to løp langt nede. Den siste hadde god vassføring, men vi vada på stein dekka av opptil 10 cm vatn, og kom over utan å bli blaut på føtene. Det var fint å gå grasbakkane oppover på skrå, i retning ganske rett mot toppen. Tok eit stykke ganske rett opp, for å unngå å gå inn i botnen. Grei rute. Ein del ur etter kvart i skrågang bort til bandet >>>

Karte