Arkiv - datum

Listor jag samlar på

Favorittoppar

Søre Gråbrørne og Amlaholten

Datum:
13.04.2026
Avstånd:
14,1km

Fin tur i flott område på føremiddag. Sti som ikkje er av dei brattaste, samt skogsveg, også flatare parti. Det gjer denne ruta til ei fin terreng-økt. Så får ein med nydeleg utsikt til Store Haugmelen, Kinsedal og Urnes, samt Bleia/Lemeggi. Og om du tek ein avstikkar på 10 meter, ser du 600 meter rett ned på Mannheller ferjekai.

Klantenovi 5/26. Med ekstratur

Datum:
08.04.2026
Turtyp:
Joggingtur
Tidsåtgång:
1:48t
Avstånd:
11,3km

Samenhengande tur Lo-Dekkene-Annastien-Klantenovi-Lo. Plan var Lo-Dekkene. Men då eg var nede ved bilen, kom eg på at eg kan forlenge turen til Klantenovi (og raud topp). Slik blei det, og Annastien i tillegg. Gikk tom for næring 2/3 ut i økta. Slik går det når ein endrar planar undrevegs. Til Dekkene følgde eg sti opp, og grusvegen nedatt. Stien byrjar i fyrste svingen.

Karta    

Amlaholten 2/26

Datum:
05.04.2026
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
5,0km

Snøbyger i dag. Litt snø på traktorveg/sti. Gikk greitt å komme opp siste bratta utan snøkjetting. Kram snø ca. 2 cm. med godt feste.

Karta    

Filefjell - Børrenøse

Datum:
31.03.2026
Turtyp:
Randonnée/Telemark
Avstånd:
4,4km

Enkel topptur langs grøne løypa i alpin-traseen. Ustabilt ver for tida, gjer det vanskeleg med langtur inni fjellheimen.

Karta    

Klantenovi 4/26

Datum:
28.03.2026
Avstånd:
4,8km

Frå Rimskiold. Om «Anna-stien» i dag. Sander var med.

Karta    

Storehaugen

Datum:
21.03.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
6,8km

Tur frå dørstokken heima. Det var litt is innimellom etter Vetlehaugen. Øvst i skaret, der det mangla kjetting/tau, valde eg å gå ned att, og ta den gamle ruta rundt haugen. Burde ha teke med snow-chain. Nokre etter meg gikk rett opp skaret. Såg litt på ei rute nord for, som kanskje skal sjekkast nærare ei anna gong.

Karta    

Klantenovi 3/26

Datum:
15.03.2026
Turtyp:
Tur till fots
Tidsåtgång:
0:45t
Avstånd:
4,0km

I dag var det mildt og vårkjensle i lufta. Kjekt.

Karta    

Klantenovi 2/26

Datum:
11.03.2026
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
3,4km

Ettermiddagstur med Sander. Skumring avslutningsvis på turen.

Karta    

Rossvikheia

Datum:
07.03.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
1:12t
Avstånd:
4,0km

Dagen fjerde tur til raud topp. Og dette var den finaste turen, slik eg opplevde det samla. Gikk i gjennom ein idyllisk skog med utruleg skarpe grønfargar like etter start. Veldig fint oppå fjellet når ein kom ut av skogen. Fin utsikt til nærområde med gardar, og større markerte fjell lenger unna, som t.d. Lihesten. Fin topografi. Stor varde og opplysningsskilt ved fyrste toppen. Gikk ut til den ytterste toppen, sidan det er den som har raud nål. Begge er opplyst til 301 moh.

Karta    

Sågneskollen

Datum:
07.03.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
1:39t
Avstånd:
4,9km

Tur tre i Hyllestad i dag, og dette var skikkeleg topp med utsikt. Merka med raudt på stein og brikker på tre. Veldig blautt og mjuk leirgrunn etter grinda. Måtte gå litt utanfor, og passe på å setje føtene på større steinar. Det var eit par stader midtvegs der stien var litt vanskeleg å sjå. Så følg med. Skikkeleg bratt siste stykket opp mot toppen. Svært flott utsikt, sjølv om det ikkje var strålande sol i dag. Dette må vere ein fin topp i skikkeleg godver.

Karta