Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Skålanosi pkt. 1550.

Dato:
17.02.2019
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
13,3km

Turmålet vart ikkje nådd. Det er svært lite snø i fjella i Lærdal og Borgund. I dette området sør for Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet var det lite snø, hardt, steinete og ikkje topp føre i dag. Med ski på beina, godt turfølge og god trening, likevel heilt greitt. Peakbook-appen var heilt på jordet i dag. Vart ikkje med heilt fram, og null registrering på returen. Måtte stole på Polar. Då vi nådde høgaste punktet på den nordlegaste av dei to Skåla-nosene, såg vi at det var uråd å ta seg ned skaret til vatnet Halsatjørni. For lite snø, store skarpe steinar og is. Alternativet kunne ha vore å gått litt tilbake, og slept seg ned i vestsida. Grunna føreforholda, var gruppa nøgd med lengda på turen, og vi returnerte. Vi var 7 pers i fylgjet med Lærdal turlag.

Kart    

Storehaugen i Lærdal

Dato:
16.02.2019
Distanse:
5,4km

Vintertur til Storehaugen. Greitt å gå til fots etter snøsmeltinga siste dagane. Nytta snøkjetting øverst i traseen. For lite snø til truger no. Slit med appen, som lagar flystriper.

Kart    

Smeddalen

Dato:
03.02.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
6,0km

Turmålet var Salen. Men vèret var skiftande, og konturar av toppane forsvann ved ca. 1400 m.o.h. Snudde på ein naturleg kul ved 1430 m.o.h. Dei som hadde laga spor før meg, hadde gjort det same. Gikk aleine i dag, og ikkje verdt å ta for store sjansar. Appen rekna litt liten distanse (flystriper), så Polar M600 sin logga distanse vart nytta. Kort kosetur, og fin nedkøyring :)

Kart