Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (369)
-
Skitur (115)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (72)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Slutenosi
- Dato:
- 28.02.2026
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:06t
- Distanse:
- 11,1km
Min andre tur til dette målet i februar. Fin rute og flott landskap. Føret var litt spesielt. Snøvolumet er knusk-turt, men med litt papp-skare øvst. Ein søkk 20 cm ned der det ikkje er spor, og stavar går halvmeteren i gjennom, og utan å få tak. Godt då, at det var spor oppover, og litt inn i dalen. Men etter kvart måtte eg brøyte meg opp og inn Vesle Frostdalen. Inne i dalen, like under toppen, hadde det gått 4 sjølvutløyste små ras. Heilt klart stor skredfare i dag. Men ikkje ruta eg gikk. Heldt meg til trygge val og ikkje over 25 grader bratt i dag. Kraftige drønn høyrdest fleire gonger, og med sprekk i snøen som følge. Dette var på stader der det var relativt flatt. I stgninga frå fjellfoten og opp, var det litt fastare, og ikkje så strevsamt å gå. Ja sjølv om >>>
Gravdalsholten
- Dato:
- 24.02.2026
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,4km
Liten kjapp topptur i samband med transport-ærend i Førde. Det blei ganske mykje baksing i blaut snø. Men eg fann sti på det meste av turen. Det gjorde turen ganske grei likevel.
Slutenosi
- Dato:
- 18.02.2026
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 2:52t
- Distanse:
- 11,0km
Avspasseringsdag, sidan det var mogeleg, og brukbare vermeldingar. Halvskya, men lette snøbyger også når eg kom opp på Filefjell. To vaksne karar med fuglehundar gikk inn Frostdalen på fjellski. Eg valde rando-utstyr og Vesle Frostdalen i dag. Lite snø nedst, og ein må halde bort mot elva og i skogen for å unngå stein. Bra med snø inn i dalen. Ja sopass med laus nysnø, at det vart merkbar brøyting innover. Heldt høgdene og prøvde å finne ei rute med jamn stigning så godt eg kunne. Greitt å unngå for mykje motbakkar på Rando nedatt. Fint og kjekt å gå innover, sjølv om det no var lite sikt då det snøa lett. Stigninga mot toppen var grei, sjølv om eg kom nær "luretoppen" som stikk så tydeleg opp. Runda tilbake, og såg då at sjølvsagt, slik eg tenkte litt >>>
Amlaholten og Søre Gråbrørne
- Dato:
- 15.02.2026
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,6km
Ei god treningsøkt på Kaupanger i dag. Fyrst Amlaholten, ein mykje besøkt topp. Forlenga i dag med Søre Gråbrørne. Fjerde besøk dit, og eg har nytta ein variasjon av ruta kvar gong. Skogsveg og sti heile vegen på desse turane. Det er nok ganske skjeldant at ein kan gå Søre Gråbrørne denne årstida med så lite snø. Maks 5 - 7 cm frå om lag 500 moh.
Klantenovi 1/26
- Dato:
- 07.02.2026
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,0km
Årets fyrst tur til den toppen som eg besøke hyppigast. Fint turområde for fottur heile året. Veldig greitt om vinteren når toppane er mindre oppnåeleg frå heimstaden. Sander var med i dag, og me gikk ned til Ut-sjekkpunktet Smihedleren, og den flotte utsikta over Vindhella-svingane.
