Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Slutenosi

Date:
28.02.2026
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:06h
Distance:
11.1km

Min andre tur til dette målet i februar. Fin rute og flott landskap. Føret var litt spesielt. Snøvolumet er knusk-turt, men med litt papp-skare øvst. Ein søkk 20 cm ned der det ikkje er spor, og stavar går halvmeteren i gjennom, og utan å få tak. Godt då, at det var spor oppover, og litt inn i dalen. Men etter kvart måtte eg brøyte meg opp og inn Vesle Frostdalen. Inne i dalen, like under toppen, hadde det gått 4 sjølvutløyste små ras. Heilt klart stor skredfare i dag. Men ikkje ruta eg gikk. Heldt meg til trygge val og ikkje over 25 grader bratt i dag. Kraftige drønn høyrdest fleire gonger, og med sprekk i snøen som følge. Dette var på stader der det var relativt flatt. I stgninga frå fjellfoten og opp, var det litt fastare, og ikkje så strevsamt å gå. Ja sjølv om >>>

Map    

Gravdalsholten

Date:
24.02.2026
Characteristic:
Hike
Distance:
3.4km

Liten kjapp topptur i samband med transport-ærend i Førde. Det blei ganske mykje baksing i blaut snø. Men eg fann sti på det meste av turen. Det gjorde turen ganske grei likevel.

Map    

Slutenosi

Date:
18.02.2026
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:52h
Distance:
11.0km

Avspasseringsdag, sidan det var mogeleg, og brukbare vermeldingar. Halvskya, men lette snøbyger også når eg kom opp på Filefjell. To vaksne karar med fuglehundar gikk inn Frostdalen på fjellski. Eg valde rando-utstyr og Vesle Frostdalen i dag. Lite snø nedst, og ein må halde bort mot elva og i skogen for å unngå stein. Bra med snø inn i dalen. Ja sopass med laus nysnø, at det vart merkbar brøyting innover. Heldt høgdene og prøvde å finne ei rute med jamn stigning så godt eg kunne. Greitt å unngå for mykje motbakkar på Rando nedatt. Fint og kjekt å gå innover, sjølv om det no var lite sikt då det snøa lett. Stigninga mot toppen var grei, sjølv om eg kom nær "luretoppen" som stikk så tydeleg opp. Runda tilbake, og såg då at sjølvsagt, slik eg tenkte litt >>>

Map    

Amlaholten og Søre Gråbrørne

Date:
15.02.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.6km

Ei god treningsøkt på Kaupanger i dag. Fyrst Amlaholten, ein mykje besøkt topp. Forlenga i dag med Søre Gråbrørne. Fjerde besøk dit, og eg har nytta ein variasjon av ruta kvar gong. Skogsveg og sti heile vegen på desse turane. Det er nok ganske skjeldant at ein kan gå Søre Gråbrørne denne årstida med så lite snø. Maks 5 - 7 cm frå om lag 500 moh.

Map    

Klantenovi 1/26

Date:
07.02.2026
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
3.0km

Årets fyrst tur til den toppen som eg besøke hyppigast. Fint turområde for fottur heile året. Veldig greitt om vinteren når toppane er mindre oppnåeleg frå heimstaden. Sander var med i dag, og me gikk ned til Ut-sjekkpunktet Smihedleren, og den flotte utsikta over Vindhella-svingane.

Map