Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Rossvikheia

Dato:
07.03.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:12t
Distanse:
4,0km

Dagen fjerde tur til raud topp. Og dette var den finaste turen, slik eg opplevde det samla. Gikk i gjennom ein idyllisk skog med utruleg skarpe grønfargar like etter start. Veldig fint oppå fjellet når ein kom ut av skogen. Fin utsikt til nærområde med gardar, og større markerte fjell lenger unna, som t.d. Lihesten. Fin topografi. Stor varde og opplysningsskilt ved fyrste toppen. Gikk ut til den ytterste toppen, sidan det er den som har raud nål. Begge er opplyst til 301 moh.

Kart    

Sågneskollen

Dato:
07.03.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:39t
Distanse:
4,9km

Tur tre i Hyllestad i dag, og dette var skikkeleg topp med utsikt. Merka med raudt på stein og brikker på tre. Veldig blautt og mjuk leirgrunn etter grinda. Måtte gå litt utanfor, og passe på å setje føtene på større steinar. Det var eit par stader midtvegs der stien var litt vanskeleg å sjå. Så følg med. Skikkeleg bratt siste stykket opp mot toppen. Svært flott utsikt, sjølv om det ikkje var strålande sol i dag. Dette må vere ein fin topp i skikkeleg godver.

Kart    

Bøheia

Dato:
07.03.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
4,1km

God sti, skilta og merka rute. Byrja på grusveg, så skogsveg, og sti vidare til topps. Svært blautt i stien. Skodde, og ingen utsikt så tidleg på dagen etter regn dagen før. God trim og dagens andre raude nål i Hyllestad.

Kart    

Klettheia

Dato:
07.03.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:25t
Distanse:
0,6km

Tjaa. Kva skal ein formidle her. Kjapp tur rett opp i buskaset. Ingen sti, så det var berre å gjere som hjorten. Ingen ustikt, men raud nål !

Kart