Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Liahovda

Dato:
09.10.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,8km

Restitusjonstur etter i går. Kjapp skogstur, fyrst på traktorveg. Sikta så inn i terreng der det var ope, og dreia så i retning mot toppen. Fin utsikt �. Valde sti nedatt. Lett å følgje til å byrje med, men, lenger rute nedatt. Greitt med variasjon.

Kart    

Keisaren

Dato:
08.10.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
6,1km

Gråhø vart ikkje med i tur-runden som planlagt i dag. Det grunna ver-tilhøva. Men det vart ein tur nr to, til trøst. Veldig fin og lett tur, no med sol på det meste av turen. Flott utsikt.

Kart    

Toppar ved Vinstre

Dato:
08.10.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
17,4km

Haustferie, og toppturar i Øystre Slidre. Plan var 4 raude nåler på ein tur. I dag måtte Gråhøe gå ut grunna ver-tilhøva. Greitt fyrste timen, men så vart det to timar med snøbyger og vind. Fint å gå DNT-stien opp til mellom Gluptind-toppane. Bratt og litt sleipt opp til Søre Gluptiden. Rask retur, og eg valde snillare rute ned att i skaret før toppstøyt mot Nørdre Gluptinden. No vart det meir surt ver. Nedatt frå Nørdre Gluptinden var det uråd å orientere seg i bratta i starten. Så difor valde eg å runde i mindre bratt terreng. Lettare opp mot Store Nuten. Så vurderte eg litt ruta vidare. Det var vått med snø og sleipt. Difor vart det litt tilbake, før eg kom meg nedatt i dalen. Fint å gå etappa under toppen, og til tangering av DNT-stien på retur. No letta veret, >>>

Kart