Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Vang, Storegut m. fl.

Dato:
31.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
26,4km

Fin tur med Ove på sank etter Vang-toppar. Tre i boks, som låg høgt og vide, så turen kjennest i kroppen. Vakkert er det når ein kjem litt opp i høgda. På ein slik lang tur opplever ein eufori av landskap og utsikt, men også møte med mindre koselege flankar med lausmasse. Følgde sti mot Olavsbu opp til bru. Mest utanfor sti og visuell navigasjon derifrå til dei tre toppane. Siste bratte del opp flanken mot Storegut, var svært laus. Ser at nokre har gått siste del litt lenger aust, og runda mot toppen frå sør, som kan vere like greitt. Vi kom greitt opp og ned i alle fall. Drug transport-etappe på mykje steinete sti tilbake til Eidsbugarden.

Kart    

Storehaugfjellet og Storehaugen

Dato:
28.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
13,3km

Fellestur med Lærdal turlag. Seks personar og ein hund var med på fjelltur med to toppar i Kaupanger i dag. Plan til turlaget var den grøne utsiktstoppen Storehaugen. Laget vart med på å gå til høgaste punktet og. Storehaugfjellet med mastene og tekniske installasjonar er tre meter høgare, og har primerfaktor på heile 980 m. Flott utsikt då vi vann høgde, og kom ut på ryggen oppover. Vi valde Storehaugfjellet fyrst. Noko sur vind eit kort stykke mot toppen. Regnbygene heldt seg unna oss. Matpause ved mastene på toppen. Så retur og opp til Storehaugen, som baud på svært flott utsikt. Her var det fleire folk som hadde lagt turmålet. På turen tilbake valde vi ei anna rute som variasjon. God sti og merka også om Bjørkastølen. Kjekk dag i lag med folk på tur.

Kart    

Klantenovi 8

Dato:
27.07.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,1km

Sverrestien, Klantenovi, Vindhellavegen med Sander.

Kart    

Horgehorna

Dato:
25.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,7km

Tur med bekjent i jobbsamanheng i dag. Valde Horgehorna frå kyrkjene på Borgund. No er det i overkant vegetert på tidleg fase av stien, men i juli månad blir det ofte slik. Stien treng noko re-merking og lett rydding også. Finare å gå etterkvart, og veldig flott når ein kjem ut av tregrensa og innover mot Øygardsbotn. Valde litt tettare på opp mot fjellet enn ved tidlegare turar. Grei rygg, og no tett og fint varda oppover denne leia. To stokker med raudmerke og. Nydeleg utsikt frå toppen. Bort til minste varden er obligatorisk, sidan det er høgaste punktet. Litt mat og skue, før retur. Valde om Øvre Liastøl for variasjon sin del, og veit at stien ned til Nedre Liastøl er rask. Prøvde oss så på stien ned mot Li. Den mista vi i det vi stod på den. Her er merkinga med raudt >>>

Kart    

Vang, Øyre og Ørnenøse

Dato:
20.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,9km

Nydeleg tur i god varme med t-skjorte og shorts heile vegen. Valde stien mot Kljåen fram til det var naturleg å sikte inn på Sauehaugen. Bratt ned frå denne, men det var trakk/sti og greitt. Gikk vidare tett på undersida av neste haug, og kom i fin posisjon til berget, og det brattaste partiet. Opp ryggen på hyller litt att og fram til eit flatere parti med fleire tydelege renner. Klauv greitt det korte klyvepartiet, og så straks oppe. Litt stigning til, så litt ned i skar, og lett opp til Øyre. Vidare i greitt steinterreng bortetter. Gikk meg på ein reinsflokk. Litt sky var dei. Så ned i skaret, og opp til Ørnenøse. Flott utsikt på turen frå toppane og undervegs til nærfjella, og Jotunheim-veggen. Valde ruta ned mot stien frå Kjåen på retur. Det var ikkje spesielt bratt, >>>

Kart    

Aurland, Stiganosi og Storebreen.

Dato:
13.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
25,3km

Ein fantastisk tur i dag. Var heldig å få med meg tre slekningar, etter ein open invitasjon på FB dagen før. Frå Langhuso i Underdal og inn Jonadalen. Og denne dalen hadde det meste. Fin og grei sti med stup-bratte fjell på begge sider innover. Gjel, foss, urar, gamle stølstufter på Jonadalsstølen, og innst inne i denne dalen, grønt, grøderikt, med utruleg flotte fjelltoppar. Fin oppstigning til høgfjellet, og flott å sjå alle dei fantastiske fjellområda rundt om på alle kantar. Dei som har teke dei to snarvegane til Stiganosi, særleg den fyrste, har gått glipp av indrefileen. Euforisk Einar på tur i dag. Vi er på den varda DNT-ruta mellom og Grindaflet-hytta og Langhuso. Vakker sti opp frå Jonadals-botn til høgfjellet. Frå fjellet-platået var det gode 4 km i stein >>>

Kart    

Lauvkollen og Breiliflaka

Dato:
11.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,4km

Køyrde opp Breilivegen, kr 60 autobom, og Djupengropveien, kr 40 Vipps. Stor flat parkering. Ski-område her om vinteren, og sti-område til fotturar. Fyrst ca. ein km på grusveg, så til venstre, bak ei hytte, så traktorveg litt til, før merka sti inn til venstre. Kuppert sti i lett terreng. Blautt, og ekstra slik i nokre myrområde. Passerte fleire vatn, der stien tangerte to større av dei. I eit stikryss må ein ta til venstre.Ver obs der. Når ein kjem til ei større hytte (Sandvollen), ta til venstre rett etter hyttehjørnet. Her var også skilta. Sti-området var rett merka med blått heile vegen, og to blå ringar ved sti-kryss. Sikta på Lauvkollen når avstand viste 544 meter. Ingen sti dit. Fann ei grei rute til topps. Ingen utsikt, kun «skau». Retur mot stien att, fyrst etter >>>

Kart    

Gråfjell, Ranten og Høgevard

Dato:
08.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
18,1km

Ferie, og ærend på Notodden i morgon. Vi køyrde opp til parkering før Gulsviksetra, og overnatta der frå søndag. Grunna regn vart avreise sett til ca. kl 10:30. Fyrst vel ein km på grusveg, før det blei sti. Gikk i eigne tankar, og gikk forbi skiltet merka Høgevarde fyrst. Merka det etter 150 m heldigvis. Grei sti oppover fjellet. Stikryss Høgevarde til hø., og Gråfjell til ve. dukka raskt opp. Fint å gå på rygg attmed elva oppover. Det flata ut, og dreia mot høgre. Sti heil til toppen, som viser seg markert til sist. Ein enorm varde oppå der. Tok med sørøst-toppen på retur. Nede ved det flatare partiet, sikta eg mot Ranten. Fint å gå på grasbakke, og låg lyng til toppen. Dette partiet, var det einaste utan sti i dag. Fint vidare. Etter litt kom ei 5 minuttars regnbyge >>>

Kart    

Årdal, Mannsbergvatnet rundt med toppar

Dato:
03.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,9km

Køyrde opp til 1300 moh. på grei grusveg. På sti inn til fjellet, og greitt opp til toppen Vetle-Knipen. Kjem nær på Hurrungane i frå dette området. Plan var så Søre-Knipen. Men så vart det freistande å gå til Nordre-Knipen fyrst. Stort sett sti-heilt dit, fyrst på ei DNT-rute, men skrinnare sti deretter og til toppen. Meir markert topp dette. No vart det freistande å gå rundt Mannsberg-vatnet. Og slik vart det. Kanskje noko lenger enn tenkt, men fint terreng å gå i. Gikk mot instllasjonen, men såg så at det ikkje var Søre-Knipen Øst, så litt korreksjon. Men veldig grei rute eg fann opp til dette fjellet. Vidare til høgaste punktet på Søre-Knipen etter få minuttar. Gikk ikkje bort til store varden, som er 4 meter lægre. Gikk så bort på kanten for mogeleg rask retur. >>>

Kart    

Vang, Skyrifjellet og Kyrklanten

Dato:
01.07.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
22,0km

Fyrste etappe 6,5 km på offroad-sykkel. Frå 660 til 1250 moh. Måtte gå av sykkelen og trille korte bratte parti, men stort sett på hjul opp. Inn skaret der det flata ut, var det nokre globar til overnatting. Parkerte sykkelen etter 1:15. God utsikt derifrå. Gå-etappa var 9 km samla. Fint inn dalen attmed elva. Mange småflokkar med tamrein som beita. Dei trakk forsiktig opp og til sides når eg nærma meg. Svak og jamn stigning inn, men litt brattare og ur til sist. Toppa Skyrifjell 38 min etter fyrste gå-etappe. Fin utsikt mot dei store fjella over Vang. No vel 50 min til Kyrklanten. Noko ur innimellom, men fint å gå. Flott utsikt ned i Sanddalen. Gikk vidare ned ryggen av toppen, og sikta meg inn på eit skar, for å sleppe for mykje grusveg til der sykkelen venta. Sykkelen trilla >>>

Kart